mandag 8. juli 2019

Med båt, buss og Røldal-taxi!


Kirsten Lien frå Røldal Taxi var "bestillingsbuss" frå
Nesflaten til Røldal.


Alle min Kolumbus-skepsis blei gjort til skamme på Nesflaten klokka kvart på 11 mandag føremiddag. Der sto Kirsten Lien frå Røldal Taxi klar for å kjøra oss som kom med bussen frå Sand vidare til Røldal. Dette var den såkalte bestillingsbussen som det sto om i ruta.

Folk som kjem så langt innante som eg gjer, reknar med at alt går gale til slutt. Derfor var eg bortimot sikker på denne turen som er planlagt å gå over fem dagar, ville enda med total fiasko ein stad i Suldal. Heldigvis er kånå mi utstyrt med eit lyst sinn. Det har hjelpt meg mange gonger.

På Jelsa var det overgang frå hurtigbåt til buss. Bussen tok oss heilt til Nesflaten. 


Kånå trudde at dette skulle gå knirkefritt. Viss Kolumbus lovar at det skal gå bestillingsbuss frå Suldal til Røldal, så gjer det det viss bestillingen er sendt av garde til rette vedkommande, meinte kånå.

Kirsten taxi-sjåfør hadde god tid. Haukeli-ekspressen skulle ikkje passera Røldal før fem over 12. Ikkje noko problem for henne å stoppa på rasteplassen på fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland slik at det kunne dokumenterast at turen har gått gjennom Brattlandsdalen som har tapt seg reint spektakulært. Ingen karjolar og null budeier i bunad. Sjåføren kunne ikkje visa meg så mykje som ein stubbe av den gamle turistvegen. Alt var sprengt vekk eller overgrodd!

Bratlandsdalen var vel ikkje noko sjokk, men Kirsten Lien knuste også ein Røldalsmyte for oss tre som var med på turen til Røldal. I dag er det ikkje ei geit igjen i Røldal. Berre sauer. Eg som trudde røldølingar var oppfostra på geitemelk og tilhøyrande ost. Det er derfor alle frå den bygda har så fin handskrift, har eg høyrt.

Kjøreturen med Kirsten Lien blei høgdepunktet på turen, men det blei ein lang dag frå med tok buss nummer fem frå Tasta klokka halv sju. Bak rattet sat min facebook-venn Rune Rydberg. Han kjørte femmen som blei til Hundvåg-buss på Byterminalen. Me sat på med Rune til Fiskepiren for å ta hurtigbåten til Jelsa.

Landhandlar Inger Auestad Havn tok seg personleg av avisen til Nesheim på Sjernarøy.


Hurtigbåten «Fjordglimt» tok oss fyrst til Tau og Judaberg. Uansett kor i verda du vil ta hurtigbåt, går den fyrst til Tau og Judaberg, viser det seg. Men denne båten svinta også innom både her og der. Alle plasser var det folk som skulle av og på. Unntaket var Nesheim på Sjernarøy. Der var det berre dagens aviser som skulle på land. Og der var kolonialhandlar Inger Auestad Havn personleg på kaien og tok mot avisene.

Presis etter ruta var me på Jelsa klokka 8.35. Der venta bussen til Sand. Den skulle også kjøra vidare til Nesflaten etter ein halv times stopp på Sand, fortalte sjåføren.

Alt var flott. Fin tur, flink sjåfør og vêret var meir enn godt nok. Men det let seg ikkje nekta for at det blir mykje tunnelar frå Suldalsosen til Nesflaten.

Brutal overgang frå romsleg ekspressbuss til fullstappa rutebuss i Åmot.


I Røldal var det sol og godt uteverande. Haukeli-ekspressen kom omtrent 10 over 12 og tok oss med gjennom fleire fjell og forbi Haukeliseter og så vidare. Eg meiner at me såg ei geit ein plass, men det var nok i Telemark fylke.

Vel framme i Dalen i Telemark klokka 15.
I Åmot steig me ut av ekspressbussen og stappa oss inn i ein liten, gul buss som gjekk til Dalen. Den var full av folk og altfor sein på grunn av asfaltarbeid. Klokka 15 var me framme i Dalen i Telemark. Då hadde me reist med ein hurtigbåt, fire bussar og ein taxi.

I morgon skal kånå og meg reisa med rutebåt gjennom heile Telemarkskanalen til Skien. Det kan vel ikkje gå gale. Ingen kan bli sjøsjuke i ferskvatn. Kan dei vel?

Skru på datamaskinen i morgon kveld. Då har eg truleg blogga vidare. Viss me kjem fram.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar