søndag 7. juli 2019

Med rutebuss inn i bygda-jungelen!


Før i tida blei turistar frakta med karjol gjennom Brattlandsdalen. Me tek buss.
Postkort frå 1907 henta frå boka "Helsing frå Suldal" utgjeven av
Suldal sogelag.



Før andre ferierande har fått auer i morgon, sit me og gyngar i ein buss på veg inn i det innerste Ryfylke der folk gjekk i bunad og kjørte karjol til kvardags for over 100 år sidan. Brattlandsdalen! Here we come!

Fleire dagar har gått med til å hamra på PC'en og knotta på mobilen før me la ut på ekspedisjonen som har fått det krevande navnet "Southern Norway in a nutshell". Dette siste er engelsk og betyr skistav, som dei fleste veit.

Bunadsjenter og utanlandske turistar i Bratlandsdalen. Ventar ikkje å sjå slike jenter nå.
 Postkort frå M. M. Lohne, Christiansand.


Døme på Kolumbus-buss.
Viss ikkje kånå presterer å forsova oss i morgon tidleg, skal me vera om bord på hurtigbåten som går frå Stavanger i morgon kvart over sju. Der skal me eta frokost-nista og drikka lunka termos-kaffi før båten er framme på Jelsa sånn sirka halv ni.

Der opplyser internett at det skal stå ein grøn rutebuss frå Kolumbus og venta på båten. Denne bussen skal ta oss over Sandsfjorden til Sand og vidare til Suldalsosen.

Den første store testen på reiseførebuingane våre ventar på Osen. Herfrå går det ein bestillingsbuss langs Suldalsvatnet, forbi alle bunadsjentene i Bratlandsdalen, til Røldal. Eg har personleg ringt til eit busskontor i Suldal og snakka med ein mann som forsikra meg om at denne bussen går så sant dei har fått bestilling. I tillegg har eg sendt ein mail, eller e-brev som naboen min seier, til Kolumbus og bestilt bussen. Kolumbus har svara meg og lova at det blir skyss.

Men du veit jo aldri. Eg trur ingenting før bussen er på veg mot Røldal.

I Røldal går det andre bussar. Har du høyrt om Haukeli-ekspressen? Det har me og, men aldri reist med den.

Den ambisiøse planen omfattar fleire bussar og rutegåande kollektivmidler. Eg vil ikkje røpa meir. For alt kan gå gale før me kjem til Bratlandsdalen. Bunadsjenter har me ikkje bestilt.

Men viss alt funkar, blir det ikkje lenge til neste blogg. Hald ut!

2 kommentarer:

  1. God tur...men for all del: ikkje forlang at bussen skal ta deg over Sandsfjorden på veg frå Jelsa til Sand for Ropeidferja har slutta å gå :-)

    SvarSlett