onsdag 30. august 2023

Ny tid med diesel-raceren «Ekspress»

 


"Ekspress" som ny i 1937.


Alt gjekk i racerfart med eksperiment-båten «Ekspress». 16. april blei den sett på sjøen. 10. juni 1937 gjekk den inn i Stavangerske sine ruter i Ryfylke og snudde opp-ned på alle oppfatningar om koss lang tid ei byreis skulle ta. Ein tur til Judaberg ville nå berre ta ein time. 20 minutt mindre enn med ein av dei gamle dampbåtane. «Ekspress»-farten ville komma opp i 14 knop.


Merkelege greier. Ingen ting var som før. Det kan ikkje ha vore ein feiande flott dåpsseremoni med gudmor og sjampanje-flaska. Aftenbladet skriv berre i ei notis at "den selvbygde motorbåten til lokalfarten" nå har fått navn.


Journalistane i Aftenbladet var lettare forvirra. Nyskapninga blir kalla snurrig sjøbuss, motorbåt og til slutt dieselracer. Og det gjekk lenge før folk fekk greia på kva slags ruter den nye båten skulle setjast inn i.


Salongen på den nye "dieseraceren" i Aftenbladet 10. juni 1937. Kapteinen tok
seg opp i styrehuset ved hjelp av leideren midt på bildet. 


Ganske kjekk lesing. "Sjøbussen «Ekspress» gikk i går prøvetur med selskapets funksjonærer med damer og representanter fra pressen. I den herlige sommerkveld gikk turen som sig hør og bør innover i Ryfylkefjordene", sto det i Aftenbladet 10 juni.


Rett som det var møtte man notlag som var ute og så etter brislingen eller på vei til en eller annen fjord. Disse motorskøitene med sin gamle prøvede fasong dannet en underlig kontrast til den moderne, gule racer som med alle sine flagg og skinnende blank fôr forbi, fulgt av både undrende og beundrende øine, sto det vidare i avisa.


For den nye sjøbussen var gul. Ein farge som fram til den tid hadde blitt brukt på mastene på båtane. Det var fyrst etter krigen desse nymotens båtane blei kvite og ein del av det som blei kalla "Stavangerskes hvite flåte". Og skorsteinen på «Ekspress» var svart som på dei gamle dampane. Dei gule skorsteinane på Stavangerske sine fjordabåtar kom fyrst i etterkrigstida.


Det var nye tider for dei som skulle jobba om bord også. Det var ingen skipperlugar bak styrehuset.  Skipperen måtte klatra opp i styrehuset ved hjelp av ein leider som var plassert midt inne i passasjer-salongen. Mannskapet hadde sine lugarar under salongen. Dei måtte løfta av passasjer-sete for å få adkomst til sine plasser nede under salongdørken. Sikkert trangt og mørkt!


Meir frå Aftenbladet: "På turen som ble foretatt under ledelse av ideens far og båtens konstruktør, ingeniør Thorsen, fikk deltagerne rik anledning til å bese og beundre det nye innslag i rutefarten i fjordene.


"Ekspress" fotografert før krigen. 


Det falt mange lovord om tiltaket som utvilsomt vil komme til å bety indledningen til en reformering også av denne fart. Foreløbig blir «Ekspress» et eksperiment, men et eksperiment som det skal bygges videre på og som man har lov til å vente sig noe virkelig godt av."


Dette blei ein suksess. «Ekspress» vekte oppsikt både i Norge og utlandet. Stavangerske bygde ein ny sjøbuss i 1938, «Ekspress 2», og toppa dette med «Fjorddrott» i 1939.


Ingeniør Thorsen, som Aftenbladet skreiv i 1937, steig i gradene og blei teknisk direktør Ludvig Thorsen i Stavangerske. Han blei seinare riddar av St. Olavs Orden.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar