lørdag 19. august 2023

Knut Bøen – siste mann på stølen i Hjelmeland

 


Knut Bøen og naboen Einar Steinsland vel framme på Grøsstøl med kvar sin kløvhest.
Foto: Georg Vika.

Sjeldan har ein så stillfarande mann blitt større kjendis på sine heimetrakter. Han blei omsnakka i bygda og avbilda i avisa både nå og då. Kaffor det? Jo, Knut Bøen eller Steinsland om du vil, var den siste i Hjelmeland som heldt gammaldags stølsdrift i hevd, langt ut i 1970-åra. Berre i Suldal og Røldal dreiv dei på lenger.


Kvar sommar kløvja han pikk og pakk på hesten og tok med seg kyrne sine, fire-fem i talet, og gjekk frå heimegarden på Steinsland til Grøsstøl. Denne stølen ligg i 500 meters høgde, ikkje langt frå Jørmeland. Søstera, Marie, som han budde saman med, heldt seg heime på garden og passa på det dei hadde der.


Knut Bøen, her høgt til hest, fekk mykje besøk på Grøsstøl. Frå venstre: Arne Hauge,
Gunvor Steinsland, Asbjørn Steinsland, Torbjørg Steinsland, Andreas Haugsland og 
Karina Haugsland. Hans Steinsland var fotograf. Bildet tilhøyrere dottera
Gunvor Jørmeland.




Men det var ikkje berre å hiva på seg ryggsekken og jaga kyrne føre seg til fjells. Ein måtte planleggja for opphaldet på stølen. Knut måtte ned til Tomstad-butikken i Hjelmelandsvågen og handla.


- Han kjøpte rikeleg med godt mjøl til kyrne sine. Med seg sjølv var han meir forsiktig. Eit nytt batteri, av den flate typen, til lommelykta og ein boks med gaffelbitar til seg sjølv, fortel Per Kvame som var den som oftast ekspederte Knut på butikken.


To kløvhestar var med på stølsferda. Knut hadde sin eigen hest og hans gode nabo, Einar, stilte opp med sin hest. Så tok dei ut oppover vegen, forbi dei andre gardane i Hjelmelandsbygda, opp om Husstøl og så til fjells.


Frå gammalt av hadde samtlige gardsbruk på Steinsland sine stølar her. Men dei andre avvikla denne drifta mange år før Knut som heldt på det gamle.


Dette var hans liv frå han var sju-åtte år gammal til han var 84 år i 1979. Foreldra hans, Mallin og Hans Steinsland, hadde også vore på stølen kvar einaste sommar og sonen dreiv vidare på same måten.


Garden Bøen med det kvite huset og flaggstong til venstre på bildet.
Foto: Annmari Hadsel-Sørensen. 



Malena og Hans hadde ni ungar som vaks opp, fem jenter og fire guttar. Dei eldste reiste ut. Knut (1895) og Marie (1897), dei to yngste, blei igjen på Bøen. Knut fekk skøyte på garden i 1941.


Knut dreiv gammaldags på andre vis også. Han hesja aldri kornet, men sette kornbanda på staur og let det tørka på den måten.


Kornet blei tørka på gammaldags vis på Bøen. Bildet er frå 1933 og står i 
Bygdeboka for Hjelmeland. Foto: O. S. Øverland.


Dei andre bøndene la ned stølsdrifta og gjekk over til meir moderne gardsdrift, men Knut heldt på det gamle. Dermed blei han spesiell og omsnakka. Mange tok turen innom stølen i løpet av sommaren. Dei tykte det var gildt å sjå staden der dei ennå dreiv støl på gammaldags vis.


Knut mjølka dei fire-fem kyrne sine på vanleg måte. Han separerte mjølka og fekk fløyte som han bar heim til garda eit par gonger i veka. Heime på Bøen blei fløyten kinna av Knut eller Marie. Det blei til flott gult smør. Ekte setersmør. Smøret blei levert til meieriet i Årdal.


Mjølka blei mykje feitare på stølen. Heime heldt mjølka tre-fire prosent feitt. Stølsmjølka, derimot, heldt fem-seks prosent.


- Ein kontrollør frå meieriet var på Grøsstøl og tok feitt-prøver og slo fast at her var feittprosenten høgare, fortel Birger Jørmeland.


Ikkje all mjølk frå Bøen blei til smør. Marie hadde også sine spesialiteter. Ho laga fatost som blei seldt på Tomstad-butikken.


I 1955 blei Knut Bøen eller Knut Steinsland som var det offisielle navnet, omtale for fyrste gong i Aftenbladet. - Også dette året held Knut på med stølsdrifta, sto det i avisa. Han heldt det gåande over 20 år til og blei omtala i avisene både nå og då.


Notis i Aftenbladet 9. august 1955.



To-tre timar gjekk det med for å gå frå Bøen på Steinsland til Grøsstøl. Terje Breiland hugsar godt at Knut kom innom garden deira på Husstøl på veg til fjells. Dei fekk ein pose med eple av han rett som det var. - Knuda-eple, kalla me ungane epla hans, fortel Terje Breiland.


Etterkvart blei det  til at Knut tok Vormedalsbussen frå Steinsland til Breilandsvatnet. Då blei vegen mykje kortare og lettare for den aldrande mannen. Ein god time trong han frå han gjekk ut av bussen til han var oppe på Grøsstøl.


For det meste var Knut aleine på stølen. Det var ikkje berre idyllisk.


- Ein gong hadde olme stutar gått til angrep på han. Han slapp heldigvis unna med skrekken. For å verna seg mot nye slike opplevingar, hadde han laga seg ein spesiell stav full av lange spiker, fortel Harry Breiland. Knut viste han den spesielle staven. Harry trur den finst på Grøsstøl den dag i dag.


Eg skriv meir om Knut Bøen om eit par dagar.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


På kartet ser du Knut Bøen si verd. Steinsland til venstre. Grøsstøl som er feilskrive som 
Grøvstøl, nede til høgre i kartet. Kart: Norges geografiske oppmåling.

Kommentarar på Facebook:




Astrid Breiland Eliassen

Fekk bli med far opp til Knut Bøen - på vinteren når silda kom. Akkurat arbeidet med silda var eg for liten til, men kjekt å få bli med. Måtte også inn å smaka på havregrauten.


Jan Ove Jørmeland

Husker godt Knut var hjå han og forhausta i monge år.


Leif Sigmund Steinsland


Har gode minne fra den tida var med mor og far og besøkte han og kjøpte melk av han og fekk fløytekodla servert av Knut. Me gjekk fra Saupstølhytta og besøkte han. Eg likte å fiska i Grøstølvatnet då det var lett og få fisk der.


Ludvig Munthe

Hugsa Knut svært godt var nabo og prata med han ofte og slo gras som han skulle hesja.


Karl Einar Kleppa

Kyrne gjekk ein gong å beita på Vasstøl då me var der. Så kom Knut for å finna dei; driva dei til Grøsstøl for mjølking!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar