tirsdag 22. august 2023

Anna i byen gløymde ikkje Knut på stølen

 

Den einsame mannen på stølen. Slike karar kan ha meir drag på damene enn du
anar. Dette bildet av Knut Bøen på Grøsstøl sto i Aftenbladet i 1971.


Anna reiste tidleg frå Hjelmeland til byen og for å prøva lukka der. Men ho gløymde ikkje sin gamle flamme frå ungdommen. Spenninga var der med ein gong då ho møtte igjen Knut på stølen på sine eldre dagar.


Du treng ikkje vera stor i kjeften for å ha drag på damene. Ein meir smålåten, litt mystisk mann, kan kanskje vera like tiltrekkjande for det motsatte kjønn.


Sjå for deg Knut Bøen i si tid. Det var bilde av han i avisa. Ein mann som sit med vandringsstaven utanfor hytta si på stølen og ser ut over eit stille fjellvatn. Ikkje pomp og prakt, men ligavel. For ei og anna kvinne, mange kanskje, kan slike karar vera attraktive, tydelegvis.


Anna Heggland i byen gløymde ikkje sin gamle flamme, Knut på stølen.
Bildet tilhøyrer Harry Breiland. 


For spenninga var på plass mellom Anna og Knut med ein gong då dei møttes igjen på stølen. Sjølv om dei var over 60 år, begge to!


- Bestemor mi, Kjersti Breiland, var syster til Anna. Ein gong i min barndom kom Anna på besøk til oss i Gåsdalen, fortel Harry Breiland. Dei to systrene ville gå til fjells ein dag for å sjå etter molta. Eg som var ni-ti år gammal, fekk vera med. Me passerte Grøsstøl på turen oppover. Der var Knut på plass på stølen.


Knut Bøen og kyrne treivst godt på Grøsstøl. Foto: Georg Vika.


Knut kom i prat med bærplukkarane. Drøsen gjekk godt og tok litt tid.


- Då bestemor meinte det var på høg tid å gå vidare, ville ikkje Anna vera med. Ho blei verande hjå Knut på stølen heile dagen, heilt til me kom tilbake og skulle heim. Då blei ho med ned igjen.


Ein annan gong skulle Anna Heggland komma på besøk til si yngste syster, Bertine, som budde på garden Skogen litt lenger inne på Fjellet. Dei venta på henne. Det varte og rakk. Kor blei ho av?


Dei drog av garde for å sjå etter henne. Dei hadde kanskje ein teori om kor ho kunne vera. Dei fann henne hjå Knut på Grøsstøl.


Ein liten rørande historie. Det blei visst ikkje meir av det.


Anna (1897) var frå garden Heggland, bygda på høgdedraget mellom Hjelmeland og Vormedalen. Saman med den fire år yngre systera Andrine, reiste ho heimanfrå i unge år og slo seg til i Stavanger.


Andrine blei syerske som dei sa før i tida. Anna dreiv med heimebakeri i byen. Ho laga lefser, potetkaker og kråtekaker som blei levert til butikkar rundt i Stavanger. Bakeriet dreiv ho på ulike adresser: Normannsgata, Nedstrandsgata og Lysefjordgata. Bakeridrifta gjekk så godt at ho til slutt kjøpte sitt eige hus i Langgata 61.


- Eg sykla ofte rundt i byen og leverte varene for Anna. Dessutan hjelpte eg henne med bokføring, fortel Olav Norås.


Då Harry Breiland gjekk på Teknikken i Stavanger for å bli ingeniør, hadde han ståande middagsinvitasjon hjå Anna Heggland. To dagar i veka fekk han middag der.


- Då Anna var 80 år, var kånå og eg på besøk for å gratulera henne med dagen. Ho strålte som ei sol. Knut har ringt og gratulert meg med dagen. Tenk det, rikstelefon frå Hjelmeland, jubla ho, fortel Harry Breiland.


For historia var slik: Anna og Knut hadde vore kjærastar i ungdommen. Saman med den jamaldrande Johan Einervoll, også han frå Hjelmelandsbygda, hadde Knut vore på jentebesøk på Heggland. Johan hadde sett seg ut, Andrine, søstera til Anna. - Det ser ut til at me blir verande på Heggland, skal Johan ha sagt.


Slik gjekk det ikkje for karane. Systrene drog til byen. Dei blei aldri gifte. Knut blei gåande som ungkar heime i bygda. Det var visst litt kjærleikshistorier utan resultat for både den eine og andre. Men Anna gløymde ikkje Knut på stølen. Tydelegvis.


Ei mystisk sølvskei har kom plutseleg fram i lyset etter at denne bloggen blei publisert. - Nå veit me sikkert kven som gav Knut den fine sølvskeia som låg i ei kvit øskja på Grøsstøl. Han ville aldri seia kven han fekk den av, seier Lars Kvame. Foreldra hans, Sigrid og Erling Kvame arva stølshytta etter Knut. Nå er det Lars som eig hytta. Han har teke godt vare både på sølvskeia og spikerstaven som Knut brukte for å verna seg mot olme stutar. 


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar