Den store Rosenberg-kranen sette «Ekspress» på sjøen 16. april 1937. Foto: Johan Lundbø. |
- Til værs og av stabelen var overskrifta i Aftenbladet 17. april 1937, dagen etter at den første sjøbussen var sett på sjøen ved Klasaskjæret i Stavanger. Rutebåt-revolusjonen var eit faktum, men slik som dette er skildra i Aftenbladet, kan det virka som om den skrivande journalisten ikkje tok dette heilt på alvor viser det som sto i avisa.
« Om en time hiver vi 'an på sjøen
- ??
- Selskapets nybygning på Skjæret. Det er ingeniør Thorsen som er i den annen ende av tråden. So long.
Overskrifta i Aftenbladet 17. april 1937. |
Nå, endelig skjer det noe på alle holmer og skjær. Jamen har våren satt fart i både det ene og annet. I Bredevannet hekker svanene, hver på sin holme, på Klasaskjæret er en kommet så langt at en slutter av med rugingen idag. For det skal være sikkert at ingeniør Thorsen har ruget vel over sin hemmelighet -- -.»
D.S.D., Det Stavangerske Dampskibsselskab, hadde hyrt inn den store flytekranen på Rosenberg til sjøsettinga. Den nye «snurrige» båten var bygd på Stavangerske sitt eige verksted på Klasaskjæret, eller Skjeret som staden blei kalt i daglegtalen i byen.
På signal frå ingeniør Thorsen blei skorget løfta opp frå beddingen og firt ned på sjøen.
?Flott levert, sto det i Aftenbladet.
Men i Aftenbladet lurte dei fælt på kva som nå låg og flaut på vatnet. Verdens merkeligaste fartøy, var det ein som sa, ein kombinasjon av allslags, snedig uttenkt.
DSD-sjefane blei både intervjua og fotograferte etter sjøsettinga. Finst ingen navn på mennene på bildet, men ingeniør Ludvig Thorsen er truleg ein av dei. Foto: Johan Lundbø. |
Her var det ikkje noko så gammaldags som ei kommandobru, berre eit enkelt styrehus. Det likna mest på ein flytande solskinnsbuss. For i salongen sto stolane i fartsretningen, akkurat som på bussane.
Med ein hurtiggåande M.A.N.-motor – 950 omdreiningar i minuttet – ville det sviva omtrent lydlaust og gi ein fart på minst 13 knop! Denne snurrige farkosten ville få plass til 150 passasjerar. Planen var at den skulle gå i dei korte rutene i Ryfyke og berre ta med lett gods og post.
Fartsvidunderet skulle setjast i rute i løpet av mai. Og navnet? Det var hemmeligt i april 1937.
Kommentarer på Facebook:
Ein kar som var motormann på prøveturen, fortalte at då dei hadde gitt full fart, ropte maskinist inn i øyra på han: "nå er det nok like før vi letter". Eg gjekk opp for å se, "Det var så vidt me rek" sa han.
Dette var jo pionerarbeid på høgt plan, så tilpassing av hurtigløpende motor og gir og propell gikk nok mye på "prøve og feile" metoden.
(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)
MAN motorer med 950 omdreininger som sveiv lydlaust er vel slettes ikke riktig. I forhold til dampskipene måtte dette ha vært noe forferdelig støyende båter å reise med.
SvarSlett