lørdag 2. september 2023

Tyskarane sette «Ekspressane» inn i nazi-trafikk

 


«Ekspressane» blei tekne av tyskarane i aprildagane i 1940. Dei fekk kamuflasjefargar
og blei brukte av okkupantane heile krigstida,  Bildet står i Stavangerske si
jubileumsbok frå 2005.


Dei tyske okkupantane var snare til å rekvirera dei nye og raske sjøbussane til Stavangerske, då dei tok makta i Norge i aprildagane 1940. Tyske mannskap gjekk om bord og overtok «Ekspress», «Ekspress 2» og «Fjorddrott». 13. april tok tyskarane «Ekspress».  Eit par dagar seinare gjekk tyske mannskap om bord i dei to andre rutebåtane.


«Fjorddrott» brukte tyskarane mellom anna til å frakta soldatar til Dirdal der norske styrkar hadde sett seg fast og slåst mot okkupantane. Sjølv om «Fjorddrott» blei levert tilbake til rederiet etter relativt kort tid, hadde tyskarane den ett år gamle rutebåten lenge nok til at dei forandra navnet til «Foxtrott».


«Fjorddrott» i krigsmaling. Bildet står i Stavangerske si
jubileumsbok frå 2005.



Dei to «Ekspressane» derimot, var i tysk tjeneste heile krigen. Desse båtane var rett som det var med når tyskarane saman med norske nazistar hadde arrestert norske motstandsfolk i Ryfylke. Nazi-«Ekspressane» spreidde uhygge når dei viste seg i fjordane. Dei arresterte blei frakta til Stavanger og sette i fengsel.


Dei same båtane frakta også gode nordmenn til Bergen dersom Gestapo fann ut at desse skulle fraktast vidare til Oslo og Grini. På den tida, dei fyrste åra av krigen, var ikkje Sørlandsbanen fullført fram til Stavanger. Derfor blei fangane sendt til Bergen og vidare derifrå til Oslo og Grini med Bergensbanen.


«Ekspress» i tysk tjeneste. Bildet er tatt av tysk soldat. Her har
båten kurs mot Sandsfjorden. Fjetlandsnuten i bakgrunnen. Bildet tilhøyrer Odd Jacob Haaland.  




Det heldt på å gå skikkeleg gale på ein slik tur til Bergen. På Slettå, den åpne sjø-strekninga mellom Haugesund og Bømlo, fekk båten ein vaier i propellen. Vêret var ikkje særleg godt og båten var nær ved å forlisa. Men ein tysk forpostbåt fekk berga båten i siste liten. (Dette står å lesa i Magnus Torgersens bok: «Fjordabådane».


Begge «Ekspressane» var svært ramponerte og nedslitne då Stavangerske fekk sine kjære sjøbussar tilbake i 1945. Dei tyske MAN-motorane var så øydelagde at dei måtte skiftast ut. Båtane fekk nå amerikanske dieselmotorar om bord. To Grey Marine blei sett inn i begge båtane. I løpet av det fyrste etterkrigsåret var båtane reparerte og sette inn i Ryfylke-trafikken igjen.


«Fjorddrott» låg i opplag i Vassvik, mellom Fister og Hjelmeland det siste krigsåret. Drivstoff-mangel var årsaka til det. Båten var tilbake i rutetrafikk sommaren 1945.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar