tirsdag 21. september 2021

Emissær-døtrene som fekk tak i kvar sin odelsgutt

 

Emissærdøtrene frå Årdal, Serina (til venstre) og Ane 
Svadberg. Dei blei gifte til kvar sin gard på Laugaland. 
Bildet tilhøyrer Nils Viga Hausken. 


Dei to emissær-døtrene frå Årdal sperra auene opp då dei oppdaga to lys levande, ledige odelsguttar frå Vormedalen. Ane var den eldste og ho var ledaren i jakta på naboguttane Jone og Johannes. Søstera Serina heldt seg litt positivt avventande i bakgrunnen. Det var ikkje tvil om kven som var sjefen.


Fristande å dikta om ein rørande kjærleikshistorie om dei unge som fann kvarande sjølv om avstandane var lange og bakkane bratte. Fantasi må til når ein ikkje har nok fakta å byggja på. Det kan lett bli litt romantikk av slikt.





Dei to karane frå Laugaland var nok passande parti for jentene frå Årdal. Far deira, Andres Svadberg, var ikkje berre predikant. Han var bonde også. På Svadberg, ein av dei større gardane i Årdal.

Men koss i all verda kunne det oppstå varme følelsar og kjærleik mellom jenter frå Årdal og mannfolk frå Vormedalen? På 1890-talet. Det fanst verken bilar eller veg mellom bygdene. Ikkje mobiltelefon ein gong.


Viss folk frå Vormedalen hadde ærend i Årdal, måtte dei gå over heia og komma ned den lange og seige Bønardalen til denne bygda med mange gjeve gardar og folk som rekna seg for å tilhøyra ein høgareståande rase enn simple vormedalsbuar.


Johannes J. Laugaland, bestefaren min, i sin ungdom. Bildet
tilhøyrer Nils Viga Hausken. 



Jone L. Laugaland (1866) og Johannes Laugaland (1874) traff ikkje Svadberg-systrene på bygdadans i Årdal. Dei var altfor fromme til det. Dette var folk som var prega av dei sterke kristelege straumdraga i Ryfylkebygdene i desse åra, og dei to systrene var så grundig omvende til kristenlivet at dei er omtala i bygdeboka for Årdal som kom ut i 1969 med Sigurd Eikeland som forfattar.


Den landskjende predikanten Ludvig Hope kom til Årdal i 1883. Ungdommen i bygda strøymde til møta. Søstrene Anna (Ane) og Serina blei omvende, og då dei seinare blei gifte til Vormedalen, gjekk dei i gong med eit jentelag, står det å lesa på side 246 i denne boka. Ludvig Hope var ein av grunnleggjarane av Kinamisjonen (Misjonssambandet).


Det som er litt rart, er at Ane også er omtala i bygdeboka som eit sentralt medlem i det frilynde ungdomslaget i Årdal. Her var ho med i styret i 1892 saman med K. S. Schmidt og Åsmund Mæle. Anten har Ane då vakla litt i trua i desse åra eller så var det slik at ungdommane som rekna seg som omvende også kunne vera med i ungdomslaget der dei dreiv med ordskifte, foredrag, song og kaffikveldar med småmoro, ifølge bygdeboka.


Serina blei gift til garden til venstre med raud løe. Ane gifta seg til nabogarden med grøn løe
til høgre. 


Men friarane frå Laugaland hadde eit pund i Årdal å slå i bordet med. For gamle Lars Laugaland, far til Jone, var ikkje berre bonde i Vormedalen. Han hadde ein gard på Egeland i Årdal også. Han sto heilt sikkert på god fot med faren til dei Svadberg-jentene.


Lars Laugaland (1831) budde ein del år på Egeland i Årdal. Han var med i heradstyret både i Årdal og seinare i Hjelmeland . Han var også presten sin medhjelpar i mangfoldige år. I tillegg var han akta leiar i det kristelege miljøet i heimbygda, skreiv Aftenbladet 16. januar 1922 då gamle Lars var død, 91 år gammal. 


Ane Svadberg og Jone Laugaland gifta seg i 1893. Eg har ikkje noko slags grunnlag for å skildra kva som skjedde i den gamle raudmalte kyrkja i Årdal denne dagen. Heller ikkje har eg kunnskap om eit eventuelt gjestebod på Svadberg. Men dei busette seg på Laugaland. 


Det er jo slett ikkje sikkert at nabogutten Johannes hadde vore på friarferd til Årdal saman med den åtte år eldre Jone. Kan henda var det Ane som oppdaga at det var ein ledig odelsgutt på Laugaland då ho blei busett der inne. Så ho ba systera Serina om å komma på besøk. Dermed kunne Ane kopla Serina og Johannes. Ho var truande til det. Ho var ikkje berre snill. Bestemt var ho også. 


Eg skriv om Ane Laugaland i desse bloggane for å minnast denne spesielle kvinna. 25. september er det 150 år sidan ho blei fødd.  





 




3 kommentarer:

  1. han Jone va jo pene- onkel te mormor det- takk for bildet

    SvarSlett
  2. Viser til bilde der du påstår er Jone L laugaland står ved side av din bestfar Johannes J Laugaland . Ifølge mi far er det Ola Tøtlandsvik som står ved side av din bestfar.

    Når det gjeld bilde av stova til Ane og Jone ,så viser det ein brystvegg uten vindu.Mens i virkelegheten har Stovene i det huset dei budde vindu i brystveggene , så det kan ikkje vær hjå dei .

    Mvh Ivar Bjørnhus

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for respons! Når me studerer bildet trur du har rett. Bildet frå stova er henta frå digitalt museum. Eg skal sjekka. Helsing Jone.

      Slett