fredag 24. september 2021

Ane fekk si siste reis med «Hjelmelandsfjord»

 




"Hjelmelandsfjord" måtte avvika frå si vanlege ruta frå byen og gå innom Helgøy for 
å henta kista til Ane Laugaland.




Rutebåten «Hjelmelandsfjord» måtte avvika frå si vanlege rute då båra til Ane Laugaland skulle heim frå Helgøy i Årdalsfjorden til gravplassen i Vormedalen i februar 1955. Båten kom frå byen og gjorde ein sving innom til Helgøy-kaien etter å ha vore på Sørvåg på Fogn. 

- Heilt spesielt at «Hjelmelandsfjord» var innom på Helgøy. Kista til Ane var kjørt på kaien med hest og slede. Der blei den boren om bord. Då dette var gjort, senka styrmannen flagget på halv stang før båten gjekk vidare mot Fister, fortel Håkon Helgøy som var sju år då dette hende. Heile Helgøy, rett nok ikkje så veldig mange, var på kaien for å ta farvel med Ane og sjå «Hjelmelandsfjord».



Dødsannonsa i Aftenbladet.

Jula feira Ane saman med dei to døtrene sine, eine året på Ullestad i Årdal med Anna og familien, neste året hjå Inger og familien på Helgøy.


Julehelga i 1954 var ho hjå Inger på Helgøy. Der blei ho sjuk og sengeliggjande. Ane ville ikkje høyra snakk om sjukehus. Ho blei liggjande heime hjå dottera heilt til ho døde i slutten av februar.


Ane var syster til Serina, bestemor mi på Laugaland. Ei tid før Ane døde reiste heile familien vår til Helgøy for å ta avskil med moster Ane som alle i vår familie kalte henne. Det blei ei heil reis. Fyrst med rutebussen tidleg om morgonen frå Laugaland til Hjelmeland og så vidare til Fister.


Der sto Dagfinn Solberg og venta med bussunge (minibuss). Han kjørte oss til Grønvik. Derifrå var det i robåt over til Helgøy. Ane låg i senga, sjuk og svak, men ho ville sjå oss alle. Eg får stadig klump i halsen når eg tenkjer på at ho tok meg i handa, smilte til meg og sa eit par ord med svak stemme.


Fredag 4. mars kom kista til bedehuset der storparten av gravferdsgjestene venta. Det var ein kort seremoni. Så var det mat. Mange av gravferdsgjestene hadde reist langt. Til og med frå Oslo. Det eine måltidet avløyste det andre.


For meg som seks-åring var det kanskje ikkje sjølve høgtida eg hugsar best. Meir alt som skjedde rundt.


Ane, Serina og Johannes Laugaland på sine eldre dagar. Serina og Johannes var
besteforeldrene mine. Bildet tilhøyrer Nils Viga Hausken som er oldebarn av
Serina og Johannes. 


Paul Mæland sto med hest og slede og venta då sokneprest Langeland hadde gjort seg ferdig på bedehuset. Eit langt gravferdsfylgje gjekk etter kista på sleden over elva og opp til kyrkjegarden.


Gravferdshelga blei lang og minnerik. Folk møttest og mintest Ane. Men dei var opptekne av meir materielle ting også. Mange av dei mannlege gravferdsgjestene tok seg ein tur ned i redskapshuset til farbror Andres for å studera den flunkande nye traktoren, ein raud McCormick som var kommen til gards i god tid før vinna.


Etter det har moster Ane vore eit gildt minne. Ho var så lett på foten. Eg masa på ho og bestemor. Ville ha dei til å kappspringa. Sjølvsagt gjorde dei det. Ane sprang frå Serina kvar gong, sjølv om ho var tre år eldre.


Tenk i mårå er det 150 år sidan ho blei fødd.


Grava til Ane og Jone på kyrkjegarden i Vormedalen.






1 kommentar: