onsdag 5. desember 2018

Tauferje-fjes på veg til Ombo



Matros Geir Helge Berge har meldt overgang frå «Hardanger» i
Tau-ruta til «Vannes» som går frå Hjelmeland til Nesvik
og Ombo.

Hei, er eg kommen på feil ferje? Høyrer ikkje denne mannen til på Tau-ferjene? Ikkje her på ferja «Vannes» som går frå Hjelmeland til Ombo og Nesvik.

Når du har reist mykje med ferjene så veit du omtrent koss folka på dei ulike båtane ser ut. Eg måtte jo finna ut av dette. Eg hadde sett denne mannen mange gonger mellom Tau og Stavanger.

Geir Helge Berge frå Forsand er 58 år og har jobba på ferjene sidan 1996. Det aller meste av tida på Tau-ferjene.

«Vannes» går mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo. Her ligg ferja
ved ferjekaien i Skipavik på Ombo.
Før han gjekk om bord i ferjene, hadde han jobba på condeepane og vore litt på fiske.

Så søkte han som ferjemann og starta om bord i Ropeid-ferja. Seinare var han på turistferja «Lysefjord» før han begynte på Tau-ferjene. Han starta på dei to gamle pendelferjene «Tau» og «Strand» og har vore på alle, men var nå fast på «Hardanger», ei av dei nye gassferjene i Tau-sambandet, før han nå søkte seg vekk.

Polskbygde «Hardanger» blei sett inn i Tau-ruta i februar 2014. Søsterferja «Ryfylke» kom eit par månader før. 

Når Ryfast åpnar om eit års tid, er det slutt for Tau-ferjene. Mange ferjefolk må sjå seg om etter ny jobb når Tau-ferjene sluttar å gå. Koss det går med Høgsfjord-ferja, er det vel ingen som veit heilt sikkert ennå.

- Då eg såg at det var ledig plass på «Vannes» som går mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo, søkte eg og fekk den jobben. Her begynte eg for ein månads tid sidan og likar meg godt, seier Berge.


Gassferja «Hardanger» var ny i 2014.


- Eg treivs kjempegodt på Tau-ferja. Veldig kjekke reisande.Arbeidsmiljøet om bord har vore kjempegodt på «Hardanger». Hadde det ikkje vore for Ryfast, hadde eg aldri slutta der.

Hans faste makker om bord, Knut Vier, skal seila i Tau-sambandet heilt fram til det blir nedlagt.

Trafikken på Hjelmelandsfjorden er berre ein brøkdel av trafikken på Tau. Dei er seks mann om bord på ein gong. Kaptein, styrmann, maskinsjef, fyrstemaskinist og to matrosar på dekk. På «Hardanger»  er det alltid ni-ti mann om bord.

1 kommentar:

  1. Eg reiste daglig med Tau ferge og det var alltid et godt ord i forbifarten av Geir ! Ja det er noen hyggelige personer som jobber på Tau fergene ! Jeg er nå pensjonist og savner de og humøret deres. Kommer til å savne mannskapet på fergene når de forsvinner !

    SvarSlett