fredag 7. desember 2018

Den hardhendte gudmora laga merke i nymalte «Stavanger»

Gudmor Solveig Nessa  og direktør Egil Nylund
etter dåpen av «Stavanger» i 1990. Foto: Gunnar
Bøe, Aftenbladet.


- Skrekkhistoriane om tidlegare gudmødre som ikkje greidde å knusa sjampanje-flaska, gjorde inntrykk på meg. Som gammal håndballspelar bestemte eg meg for å visa meg gudmor-tilliten verdig. Eg la all mi kraft bak flaskekastet som var så hardt at flaska laga merke i skutesida på «Stavanger».

Gudmor Solveig Nessa gjorde jobben som planlagt då ferja blei døypt lørdag 31. mars 1990. Men det hadde vore ei stressande tid på Myklebust mekaniske verksted i Gurskebotn på Sunnmøre før dåpsfesten. Nybygget var grått som eit krigsskip kort tid før overleveringa.

«Stavanger» var grått som eit krigsskip kort tid før dåp og overlevering. Ikkje rart dei ansvarlege for ferja ser
alvorlege ut. Frå venstre: Kaptein Gudmund Haug, verftssjef  Odd Borgund og maskinsjef Einar Hummervoll.
Foto: Gunnar Bøe, Aftenbladet.
Vinteren 1990 hadde det regna i eit bankande på Sunnmøre. Ikkje ein dag var det opplett slik at ein fekk starta malar-arbeidet. Då sola endeleg viste seg, blei alle som kunne krypa og gå sett inn i malearbeidet. Elektrikarane hang i masta med malarpøsen og sjefane måtte også svinga malarkosten. Malinga var knapt tørka då dåpsgjestene kom og regnet begynte å pøsa igjen.

Som ektefellen til dåverande Stavanger-ordførar Tore Nordtun hadde Solveig Nessa fått oppdraget som gudmor. Berre så det er nevnt: Dette ekteparet er foreldra til Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat i Stavanger til kommunevalet neste år: Kari Nessa Nordtun.

Gudmora fekk armbånd og smykke i sølv og restene av den maltrakterte sjampanje-flaska som takk for innsatsen som gudmor.

- Det hasta med å få den nye Tau-ferja på plass. For å spara tid fekk me låna teikningane som HSD hadde brukt tidlegare for å byggja systerskipa «Stord» og «Ullensvang», fortel Egil Nylund som var toppsjef i selskapet i den tida.

 I 2001 blei «Stavanger» seldt til HSD som gav ferja navnet «Bjørnefjord» og sette den inn på strekninga Sandvikvåg - Halhjem,  Men frå 2010 til 2013 gjekk den tidlegare «Stavanger» igjen i Tau-sambandet som «Bjørnefjord» saman med systrene «Stord» og «Ullensvang».

«Stavanger» som «Bjørnefjord» i HSD si jubileumsbok frå 2005. Teikninga er laga av forfattar Bård Kolltveit.


Det Stavangerske Dampskibsselskab hadde nettopp laga eit datterselskap som skulle driva med lokal rutetrafikk: Rogaland Trafikkselskap. På denne tida hadde DSD kjøpt Høle og Forsand billag, Østerhus bilruter og hadde ein stor aksjepost i Stavanger og Omegn Trafikkselskap. Ein såg for seg ei framtid der det også skulle bli aktuelt å engasjera seg i busstrafikk. 

«Stavanger» var det fyrste fartyet med RT-logo og berre to raude ringar i skorsteinen. 

Den nye ferja var også tiltenkt viktige oppgåver viss det blei krig i verda. Den var klar for rask ombygging til mineleggjar i krigstid. Krigsutstyret blei teke om bord i Gurskebotn og frakta ned til det dåverande Nato-anlegget på Rennesøy. 

Onsdag 4. april 1990  blei den nye «Stavanger» presenterte for dei reisande i Ryfylke.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar