torsdag 20. desember 2018

Skikkelige sjømann seilte til Lykkeland

Sverre Lofthus på seiltur i Limfjorden i 1999.


Ein skikkelige sjømann som elska å seila sjøl om han sleit med sjøsjuka kvar gong han drog ut etter ein friperiode på land. Sverre Lofthus, Stavanger, er død, 90 år gammal. Forteljinga om hans liv gir assosiasjonar til serien «Lykkeland» som har rulla over TV-skjermane våre dei siste vekene.

Aftenbladet 29. juni 1953.
Han blei fødd på Hinna og var nest eldst av sju sysken. Då krigen kom, flytta familien til Nedre Vats der faren hadde kjøpt gard. Det var tronge tider. Ungane måtte delta i arbeidet på garden så snart dei var store nok. Sverre arbeidde også på nabogardane for å spara pengar til utdanning. Han ville gått på gymnas, men såg seg ikkje råd til det. Som 17-åring reiste han rett etter krigen til Risør for å ta sjømannsutdanning.

Fred. Olsen i Oslo blei rederiet for unge Lofthus. Der steig han raskt i gradene. I 1953 tok han styrmannseksamen ved Stavanger styrmannskole. Som styrmann møtte han kvinna i sitt liv, Connie frå Råde reiste som passasjer på båten. Dei var gifte i 62 år og fekk fire barn. Ho var sjukepleiar, men tok seinare telegrafist-utdanning og seilte saman med mannen til sjøs då ungane var store nok til å klara seg sjøl. Sverre Lofthus tok høgare skipsførar-utdanning i 1959 og blei kaptein i 1963.

Aftenbladet 28. juli 1966.


Då Fred. Olsen gjekk inn i oljebransjen, blei Sverre Lofthus med. Han deltok i arbeidet med å bygga om kvalkokeriet «Thorshøvdi» til «Drillship». Lofthus var ein av to kapteinar om bord då skipet drog ut i Nordsjøen på oljeboring. «Drillship» blei ingen stor suksess i Nordsjøen.

Aftenbladet 17. november 1967.


Nå gjekk kapteinen i land og inn i oljeindustrien. Han var på oljeleiting på Svalbard og var med på å etablera sitt boreselskap både i Stavanger og på Shetland. Sverre Lofthus blei sjef i Aker Drilling som seinare skifta navn til Dolphin. Nå flytta Lofthus-familien tilbake til Stavanger og kjøpte hus på Gausel. 

I 1985 slutta Sverre Lofthus brått i Dolphin. Med seg ut dørene fekk han ein avtale som gav han lønn frå selskapet fram til han blei pensjonist. Nå var han klar for å realisera sin store draum om å seila jorda rundt med eigen båt. To år brukte han på turen med den 38 fot store seilbåten «Connie». Kona, familiemedlemmer og venner alternerte som mannskap. På Kreta ble seilbåten pårent av ein fiskebåt medan han låg for anker. Det var det einaste alvorlege uhellet på heile turen. 

Aftenbladet 6. september 1990.

- Største opplevinga var etappen gjennom Europa på kanalar og elver frå Marseille til Amsterdam. Me hadde historien rundt oss heile vegen, sa Sverre Lofthus til Aftenbladet etterpå.

Tilbake i Stavanger i 1990 blei Sverre Lofthus hobbyseilar og pensjonist. Han engasjerte seg i Stavanger Søemandsforening og var formann i fleire år. Orden skulle det vera i sakene både på sjø og land. Han skreiv ein mengde lesarbrev i Aftenbladet og hadde meiningar om mangt, men mest om oljå. Ein smilande blid mann som alltid hadde tid til ein prat viss du møtte han i byen.

Sverre Lofthus 
Eg blei kjent med Sverre Lofthus då han dreiv å gjorde seilbåten klar for jordomseiling i Jåttåvågen. Medan han skulle ut i verden, skulle eg innover i Ryfylke med min båt. Då han kom heim igjen, skreiv eg om han i Aftenbladet. Seinare fekk eg låna kart over Limfjorden av han. Han blei invitert med på overfarten til Danmark og takka ja til det. Det var då det kom for dagen at den garva sjømannen kjente på sjøsjuka når han reiste på sjøen igjen. 

Den spreke mannen heldt eigedommen på Gausel fint i stand sjølv om han blei eldre. Han sykla fleire gonger i veka til golfbanen. Så seint som nå i august spela han golf. Då hadde han fylt 90 år.


Han døde etter kort tids sjukdom 12. desember med heile familien rundt seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar