mandag 10. desember 2018

Kaos på kaien då nye «Stavanger» kom til Tau

7-800 frammøtte på Tau-kaien då nye «Stavanger» kom på
jomfrutur 4. april 1990. Foto:Stavangerske.


Kaoset på kaien var komplett då nye «Stavanger» kom til Tau onsdag 4. april 1990 på jomfruturen. Ferjeselskapet rekna ikkje med eit slikt overveldande frammøte då dei hadde gått ut og invitert alle interesserte til å vera med på gratistur frå Tau til Stavanger. Mellom 7 – 800 sto og venta på kaien. 

Barnehagar, skuleklassar, pendlarar, transportkunder og forvetne pensjonister, mine eigne svigerforeldre frå Jørpeland inkludert. var klar til å gå om bord. I tillegg kom bondekvinnelaga i Hjelmeland, Fister og Strand som serverte heimabaka lappar og lefser til dei 650 passasjerane som fekk vera med på «Stavanger» tilbake til byen.

Aftenblad-reportasjen 5. april 1990.

Det var så fullt i hovedsalongen, går det fram av Aftenblad-reportasjen, at det blei problem med å få avvikla dei planlagde kulturinnslaga på turen til byen. Men Hjelmeland Teaterlag fekk framføra deler av sin Evert Taube-kabaret «Så lenge skuta kan gå» og Strand kristelige juniorkorps fekk spela for passasjerane. Resten av kulturinnslaga blei framførte på de neste turane utover dagen.

Resten av dei frammøtte fekk gratis tur med hurtigbåt til Stavanger og reiste så heim igjen til Tau med «Stavanger».

Ikkje rart at frammøtet var stort. Aftenbladet hadde piska opp stemninga med sin reportasjen frå ferjedåpen nokre dagar tidlegare. Ifølge avisa var dette ei vanleg ferje utvendig, men på innsida var dette ei heilt ny oppleving med store lyse salongar med flotte sittegrupper, store vindu, stor kafeteria og eige leikerom for barn. Og i 1990 var det også røykesalong, må vita.

Kafeteriaen var stor og flott på nye «Stavanger». Her er det Arne Tjensvold frå Stavangerske som blir
servert av Reidun Nesvik. Foto: Stavangerske.

Framskrittet var også stort for dei som jobba om bord. På dei gamle ferjene hadde mannskapet lugarar og messe under dekk. På den nye «Stavanger» var mannskapet flytta opp i lyset med lugarar og opphaldsrom i overbygget.

Mannskapet gjekk på fire skift med sju mann om bord når ferja var i fart. Kaptein, styrmann, tre matrosar, maskinist og ein kombinert matros og motormann. Restaurasjonspersonalet kom i tillegg.

Det var bildekk i to etasjar. Dei store bilane sto på hoveddekket medan småbilane havna i «kjellaren».

«Stavanger» hadde ein Wichmann hovudmotor 8V28B på 3020 KW som gav ein marsjfart på nærare 15 knop som ny i Tau-sambandet. Ferja kunne gå frå kai til kai på 34 minutt.

(Dersom nokon har kjekke bilder frå den store jomfrututen, kan eg leggja dei inn i bloggen.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar