tirsdag 30. juni 2020

Trangt innløp til trivelege Røvær!



Trangt innløpt frå sør på Røvær. Foto: Aksel Håland Laugaland.


- Stopp! Snu! Her er det altfor smalt for oss, ropte kånå eller matrosen om du vil.

- Roa deg! Me har gått inn her før, protesterte eg, kapteinen.

- Nei! Då gjekk me det andra innløpet!

- Rutebåten går her. Ingen problem for oss med den litle båten vår.

Rutebåten har ikkje stor klaring i sundet inn til Suggevågen. Komlekafeen
finn du i det raude sjøhuset. Foto: Aksel Håland Laugaland.

For ein gongs skuld hadde eg rett. Me glei flott gjennom det tronge sundet og inn til den romslege Suggevågen. Harmonien kunne senka seg om bord igjen. Trygt framme på Røvær nok ein gong.

Velkommen til tredje kapittel i vår reiseskildring frå sommaren 2020! 

Tilsynelatande er alt som før på Røvær. Godt med båtturistar i gjestehavna, varmt og fint vêr. Rutebåten kjem og går til kaien i Suggevågen som før. På sjøhuset er kafeen åpen. Det er berre å slå til. Komlemiddagen er akkurat like god i år.

Suggevågen, Røvær. Rutebåtkai og butikk til venstre. Gjestebrygge oppe
til høgre i bildet. Foto: Aksel Håland Laugaland.


Sola og varmen lokka oss ut til Røvær på vårt korte sommartokt. Me blei ikkje skuffa. Like triveleg som alltid.


Koss kan det ha seg? På kalenderen sto det 24. juni då me kom til øya som også blir kalt Haugesunds beste vestkant. Her har ikkje alle nedslåande meldingar frå omverda fått folk til å dra ned rullegardina for sommaren 2020 og heller vente på neste sommar. Kan det ha å gjera med den dårlege mobildekninga i Suggevågen? Eg veit ikkje. - Ingen tjeneste sto det på telefonen. Her kunne du ikkje ringja, senda meldingar eller sjekka sosiale medier. Eg stappa mobilen langt ned i bukselommen og konsentrerte meg om menyen.

Røvær-komla. Nam nam.


Mykje å velja i. Kva skal me eta i dag? Komla sjølvsagt på Røvær. At eit gammalt fiskarsamfunn i havgapet utanfor Haugesund av mange utanforståande fyrst og fremst blir assosiert med komla, har dei skulda for sjølv. Då dei starta med matservering på sjøhuset ved rutebåtkaien for mange år sidan, satsa dei ikkje på makrell eller lutafisk eller andre matretter som hentar råstoff frå havet. Nei, det blei den trauste komla! Seinare blei det ein fast tradisjon med jazz på bedehuset og komla på kafeen kvar torsdag under den årlege Sildajazzen i Haugesund. Komlejazz på Røvær har trekt mykje folk til øya i mange år.


Koronaen har ikkje tatt knekken på komlejazzen. Røvær-entusiastane legg opp til komlejazz torsdag 6. august. Dersom du er interessert, sjekk på nettet korleis det går og koss du eventuelt kan komma deg dit, men slik låg det an den dagen me var der ute.



Taxi? Null problem på Røvær.

Men Røvær har mykje meir å by på. Her er det mange flotte turstiar. Eit rikt fugleliv og knapt ein bil å sjå viss du ser vekk frå firhjulingane. Og taxitilbodet! Trillebårer til låns for dei som ikkje greier å bera det dei har med seg i land frå båten.


Ta deg ein tur til Røvær ein dag når sola skin! Det er lett å bli sjarmert der. Og komlå smakar alltid godt!



2 kommentarer:

  1. Noe av det jeg savner mest ved å bli pensjonist i Kolumbus er mine besøk, som oftest i embetes medfør, til Røvær og Utsira. Fantastiske steder og folk!

    SvarSlett
  2. Går større båtar inn på Røvær enn din. :-)
    https://www.youtube.com/watch?v=jQaCVHsTIi4

    SvarSlett