mandag 29. juni 2020

Fuglasong, pølser og makaroni berga Borgøy-kvelden


Ein fredeleg kveld heilt aleina på Strandly gjestebrygge på
Borgøy.

Har du høyrt fuglasongen på Borgøynå ein førsommar-kveld er du selde. Fuglane også likar seg her ved Hattavågen. Eg også. Rette plassen å kvila vitet.


Difor greier eg å lokka med kånå og fortøya her av og til.


Her enda me etter ein heller mislukka tur til innlandshavet på innsida av Skjoldastraumen. To gamle menneske i ein liten båt fekk Strandly gjestebrygge heilt for oss sjølv. Det blei ein fantastisk middag beståande av pølser og makaroni innkjøpt på Coopen i Skjoldastraumen. Etterpå sat me og sløva og kosa oss. Overvelda av inntrykk etter dagens tokt.

Gammalt flyfoto av Hattavågen på Borgøy. Her ligg Strandly gjestebrygge nesten midt i bildet.


Eg skal ikkje påstå at me er Borgøy-ekspertar, men dei siste 25 åra har me vore innom her omtrent kvar sommar og kosa oss omtrent utan unntak. Rett nok var det ein nedtur den gongen me mista baugstigen på sjøen og ikkje fann den igjen. Men me tok oss ein ny tur litt seinare på sommaren og fann den igjen. Dermed ordna det seg.



Denne sommaren er ikkje heilt rektige, som me veit. Derfor var det nok uvanleg stille denne jonsokafta på Borgøy. Det låg ein einsleg seilbåt på gjestebrygga utanfor sjøhuset med komlekafeen. I ei og anna hytte var det folk, men det hadde nok vore eit heilt anna folkeliv viss sommaren hadde blitt som me trudde på denne tida i fjor.


At den kjende kunstmalaren Lars Hertervig er fødd her, veit dei fleste. Stien er godt oppmerka bort til grunnmurane etter barndomsheimen til bildekunstnaren. Familien plukka huset frå kvarandre og tok det med seg då dei flytta til Stavanger. Dette huset er stadig å sjå i Rosenberggata ved Bjergsted i Stavanger.


Strålande utsyn frå toppen av Borgøy. Ungdomsbilde frå 2011.

Då eg var ein ungdom i 60-årsalderen, lokka eg med meg kånå opp på Borgøynuten som stikk 293 meter opp i lufta. Ganske tungt å slita seg opp, men utsikta var flott. I år passa det betre å gå den 1,3 kilometer vegen til Østebøvik heilt sør på øya. Omtrent heilt flatt, latmannstrim med andre ord.


Denne sommaren er den vidgjetne kafeen på øya stengt. Der held dei berre åpent for slutta lag. Dermed var det ingenting å henta der for oss.


Viss du er på jakt etter eit litt eksotisk reisemål i nærmiljøet, kan du prøva Borgøy. Her finn du garantert ein plass å leggja båten. Har du ikkje båt, går det rutebåt til øya frå Steinsvik. Du finn ruter på nettet.


Fyrste ledd av Borgøy-navnet har, ifølgje professor Inge Særheim, samanheng med ordet borg som kan ha vore brukt om ein høgde. Gardsnamnet Borgenvik i same området kan tyda på at dette er eit gammalt Borgund-navn. Borgund er ein svært gammal navnelagingsmåte som er brukt fleire stader i landet. Und-endinga knyttes til ei ordrot med tydinga høg, ifølge Særheimen.


Utkvilde og avslappa kasta me loss neste dag på Borgøy og sette kursen mot nye eventyr.

Kun kontant, ikkje Vipps her!


OBS: Viss du vil liggja på Strandly gjestebrygge, må du ta med kontantar. Eigaren ville ikkje vita av Vipps. Eg tok kontakt med han og ville gjera ein avtale om å senda pengar til han. Det ville han ikkje høyra snakk om, men me hadde ein gild samtale for det. Dermed drog me frå Borgøy utan å lagt igjen ei krona der.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar