mandag 15. juni 2020

64 hjortar forsynte seg av gras-avlinga!


Lars Ove Frette og Børge Laugaland viser fram restene av gras-avlinga etter at hjorteflokkane har forsynt seg.


- 64 hjortar talde eg på vår eigdom i løpet av kort ein kjøretur ein kveld for ein månads tid sidan. Nå er hjorten blitt så talrik at det er eit problem for gardsdrifta vår. Den et opp alt for mykje av grasavlinga, seier Lars Ove Frette (32).

For halvtanna år sidan overtok han saman med kona Rannveig Laugaland Frette (31) garden til svigerforeldra, Liv (62) og Børge Laugaland (66), på Laugaland i Hjelmeland. På garden har dei 20 mjølkekyr og 80 vinterfora sauer.

Her har Lars Ove Frette fotografert litt av hjorteflokken frå bilen for ein månads tida sidan.


Innmarksarealet er på 236 dekar som blir brukt til grasproduksjon som så blir til fôr for sauer og kyr. Nå meiner dei at hjorten et opp så mykje som 30 prosent av den samla grasproduksjonen. Det er eit nydyrka areal på omlag 25 dekar som grensar opp mot furuskogen som er spesielt utsett for hjorten.

- Det fanns ikkje hjort på desse trakter i tidlegare tider. For 60 år sidan var det ein sensasjon viss nokon såg ein elg. Hjort såg ein berre i skulebøkene, seier svigerfar Børge Laugaland som har budd heile sitt liv på Laugaland i bygda Vormedalen der det nå er meir hjortedyr enn fastbuande. I dag bur det snaut 100 menneske her.

Ein einsleg elg greier ikkje gjera så stort innhogg i graset som hjorteflokken, Foto: Lars Ove Frette.

Lars Ove Frette kjørte bil frå teig til teig på garden og brukte ein god kikkert då han kom til at han såg 64 hjort. Dette var før kalvinga starta. Minst 20 - 30 kalvar er komne til nå i det same området. I tillegg observerte han fem elgar og åtte – ti rådyr på turen. Hjorten har laga seg mange stiar der den tek seg ut av skogen og inn på grasteigane der den forsyner seg grovt av grasavlinga.

På nabogarden Meland såg han 20 hjortar og ein elg same mai-kvelden.

Både Lars Ove og Børge meiner at ein må få bukt med hjorteproblemet. Men løysinga er ikke så enkel. Dei kan setja opp eit to meter høgt viltgjerde rundt dei hjorte-utsette teigane sine. Det vil kosta totalt 200.000 kroner dersom ein skal leiga hjelp for å få arbeidet gjort. Hjelmeland kommune stilte seg positiv til å gi stønad til eit slikt gjerde, men dette blei på høgare hald.

Her har hjorten teke ei jafs.
Dei seks gardsbruka på Laugaland har 10 fellingsløyve for hjort. Dei siste tre åra har dei fått dei hjortane dei har løyve til å fella, pluss to dyr som dei fekk "låna" av nabogarden Meland.

Å utnytta hjortejakta som ei attåt-næring har ikkje vore aktuelt til denne tid på Laugaland. Med så mange eigarar skal ikkje dette vera så lett å løysa. Men det finst andre gardar i Hjelmeland der dei leigar vekk hjortejakta til utanforståande jegrar.

Arne Kleppa, tidlegare rådmann i Hjelmeland og ivrig jeger etter gammalt, undrar seg over at det ikkje er råd å utnytta hjortejakta som inntektskjelde for gardsbruka. Det er lite utleige av hjortejakt i Hjelmeland og Suldal.

- Kvar haust får eg kjøpa flott hjortekjøt av grunneigarar som skyt hjorten sjølv. 90 kroner betaler eg pr kilo. Du får ikkje kjøpa torsk rimelegare enn dette.

Pengesterke hjortejegrar ville sikkert betalt 10 – 15.000 kroner pr felt hjort. På Laugaland ville dette bli ein brukar som til kvar av grunneigarane, seier Arne Kleppa.

Kvifor kom hjorten til Vormedalen der dei aldri hadde sett hjortdyr i tidlegare tider?

Tidlegare gjekk både sauer og større husdyr på beite i utmarka. Alt areal blei utnytta for å skaffa mat nok til dyra. I tillegg gror det til med lauvskog over alt. Til denne tid er det ingen som har gitt eit skikkeleg svar på dette spørsmålet.

Då elgen kom til Ryfylke, skal desse dyra komme over frå Setesdalen der det var mykje elg. Spesielt i Hjelmeland og Suldal var mykje elg. Seinare kom rådyra og så hjorten. I dag ser det ut som hjorten er i ferd med å ta livsgrunnlaget frå elgen.

Hjort på beite fotografert av Lars Ove Frette.

- I Hjelmeland kommune er det snaut 400 fellingsløyve for hjort. Men berre halvparten av dette blir skote. I fjor blei det skote 192 hjortar i kommunen. I 2018 blei det teke ut 218 dyr. Sjølv om talet på felte dyr var lågare i fjor, har tendensen dei seinare år vore stigande, opplyser rådgjevar for næring og landbruk i Hjelmeland, Torborg Kleppa.

I 2019 blei det skote 18 elgar. Tendensen er at det blir færre elgar. På det meste er det felt 26 elgare i Hjelmeland.

Det er 1200 fellingsløyve for rådyr. Men talet på felte rådyr er forholdsvis lågt. Berre 80 – 90 felte dyr blei innrapportert til kommunen i fjor.

Kravet for å få fellingsløyve for hjort er eit areal på 1500 dekar. For rådyr er kravet 500 dekar.

Det blei skote 46.350 hjortar i Norge i fjor. I Sogn og Fjordane blei det teke ut mest: 12.950 hjort. Ti år tidlegare blei det skote 39.100 hjort. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar