onsdag 1. juli 2020

Med Ombo som prikk over i-en

Lun gjestehavn ved ferjekaien og landhandelen på Eidssund, Ombo.


Var turen vår slutt alt?


Me var i full sving med å bera i land saker og ting på Hjelmeland etter tre netters båttur i det flotte sommarvêret. Brått skifta me meining. Ei natt til bør me kunna unna oss. Ka med ein tur til Eidssund på Ombo? Der sette med prikken over i-en.

Sjå sjøkartet. Ikkje lurt å gå midt i sundet inn til Eidssund.

 Her er det ein godt utstyrt landhandel, ei grei gjestehavn og ein heller travel kai med både ferjer og hurtigbåtar. Mykje å sjå på for oss som interesserer oss for likt og ulikt på sjøen.


Ombo er den nest største øya i Rogaland, berre Karmøy er større. Det er mykje haug og hammar, men få naturlege, lune havner rundt øya. Søylå, bukta på Eidsholmen, er ei gammal naturhavn der sjøfarande har søkt ly for natta i alle år. Båtfolket fann også vegen dit, men i dag ligg nok dei fleste i gjestehavna ved ferjekaien og butikken. Her er det dusjar, toalett, vatn og drivstoff for båtturistar.


Grunt i Eidssundet. Her tok Jøsenfjord-båtane snarvegen. Kjølstripa viste i sanden på botnen.


Den store øya er tynt befolka. I 2016 var det 236 innbyggjarar på Ombo som på den tida var delt mellom Hjelmeland og Finnøy kommunar. Frå siste årsskifte blei øya slått inn under Stavanger og er dermed blitt byøy. Tenk det du!


På Eidssund ligg skulen der ungane frå heile øya er elevar. Åtte nye fyrsteklassingar starta karrieren sin som skuleelevar på Ombo i fjor. Det var ny rekord. Grendehuset for Ombo ligg også på Eidssund som i tillegg har planteskule som trekkjer kunder frå heile Ryfylkem og vel så det.


På Ombo levde dei av jorda og sjøen. Sjøhuset står i Tingvik like ved gjestehavna.


Ferjer og hurtigbåtar går ut og inn til Eidsund gjennom det breie sundet mellom Eidsholmen og Eidssneset. Viktig å velja ei av sidene her. For midt i sundet er det ein grunne, men det er godt merka for sjøfarande.


Dei gamle Jøsenfjord-båtane prøvde å spara tid der det var råd. Dei gjekk ofte gjennom det grunne Eidssundet. Når ungane på Eidssund bada, såg dei spora etter rutebåt-kjølane på sandbotnen i sundet. Så grunt er det her.


Aftenbladet dekka «Fisterfjord»-forliset grundig.


Den gamle, legendariske Jøsenfjord-båten «Fisterfjord» gjekk på grunn i innløpet til Eidssund søndag 15. september 1968. Det var begynt å mørkna då båten kom frå Stavanger og skulle inn til Eidssund. Då var den borti skjeret i innløpet og begynte å ta inn vatn. Kapteinen greidde å ta seg inn til rutebåtkaien der den sokk og blei liggjande. Men etter eit par dagar blei den heva, buksert til verkstad, reparert og sett i fart igjen.


Men to år seinare ble det sett punktum for Fisterfjord». Då brann den opp ved kai på Foreneset natt til 17. februar 1970. Vraket blei senka i Nedstrandsfjorden.


Me hadde ei fin natt på Eidssund. Dagen etterpå putla me oss inn fjorden til Hjelmeland og stålsette oss for vêromslag med regn og torevêr.


Takk for turen! 



 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar