Paul Sverre Fyljesvoll med tre av dei gode hjelparane om bord i «Kløver». Frå venstre barnebarn Sondre, reiaren, barnebarn Andre og svigerson Helge Hjorteland. |
For
snart fire år sidan kom dei sørgjelege restene av den ein gong
så flotte mjølkebåten «Kløver»
heim til Erfjord igjen etter 50 år i Sverige. Nå ligg den gamle
svana på sjøen etter fire vintrar på slipp på Erøy. Den er sett
i stand etter alle kunstens regler og nå gjenstår berre den meir
kosmetiske delen av restaureringa før «Kløver» er tilbake i
fordums glans.
Barndomskameratane Olav Erfjord og Paul Sverre Fyljesvoll henta «Kløver» i Lysekil i Sverige. |
Dermed var det Paul Sverre Fyljesvoll som redda «Kløver». Saman med
gode hjelparar fekk han båten heim, sett den på slipp, fjerna den
gamle råtaskapen og sett båten i stand utan å ha fått ei krone i
støtte frå verken stat eller kommune.
Men
det aller meste av arbeidet, tusenvis av timar, er det båteigaren
sjøl som er ansvarleg for. Store deler av treverket over
vasslinja er skifta ut. Nytt
stevne, rekker, rekkestøtter, ein del spant, heila dekket, ein del
dekksbjelkar, det meste at styrehuset med taket og veggene på
salongen bak er fornya. Koss mykje pengar han har brukt av eigne pengar på dette arbeidet, veit han ikkje. Men det er snakk meir enn 100.000 kroner. Koss mykje meir, har han ikkje rekna på.
Barndomskameraten
Olav Erfjord var med til Sverige og henta «Kløver» heim i 2016. Deretter
stilte han sin eigen slipp på Erøy til disposisjon og let Paul
Sverre Fyljesvoll henta ut tømmer frå hans skog til å skifta ut
alt råte treverk på skroget. Tømmeret er så skore opp til
skipsmaterialar på sagbruket til svigersonen Jan Ove Haugsland. Ein
annan svigerson, Helge Hjorteland, finsnikker og hjullastar-sjåfør,
har saman med sønene sine hjelpt til med mange store og små deler
av arbeidet med «Kløver».
Paul Sverre Fyljesvoll har all gurnn til å vera stolt av «Kløver» slik den ser ut i dag. |
Nytt, moderne toalett er installert heilt akter, hydraulisk styremaskin og
barnebarn André har dreia ny propell-aksling.
Volvo-maskinen som blei sett om bord i Sverige er i god stand. Der er det skifta dyser og den er mala opp. Maskinen er på 160 hestar og gir ein marsjfart på vel åtte knop.
Volvo-maskinen som blei sett om bord i Sverige er i god stand. Der er det skifta dyser og den er mala opp. Maskinen er på 160 hestar og gir ein marsjfart på vel åtte knop.
Nå
manglar det master, ein del innreiingsarbeid og diverse mindre
detaljer både ute på dekk før «Kløver» er ferdig.
Etter
at «Kløver» var sjøsett på Erøy laurdag 6. juni tok den stolte
reiaren med seg heile familien på tur Erfjord rundt: Tednes,
Hålandsosen og Vik. Dei viktigaste stadene i den nære verda.
Det
meste av festival og bygdadagar er jo avlyste denne sommaren, men
viss det blir fiskefestival i Jøsenfjorden slik det var planlagt 27.
juni, blir «Kløver» å sjå der. Planar utover dette er det ikkje
ennå.
«Kløver»:
Historikk: Bygd i 1954 - 1955 som byggenr. 2 ved Erøyvik båtbyggeri i Erfjord for Magnus Fuglestein. Navn: «Kløver». Blei sett inn i den kombinerte mjølke- og passasjerruta mellom Erfjord og Sand. Slutta i ruta 6. juli 1966. Då gjekk mjølketransporten fra Erfjord til Sand med bil. Båten blei seinare seldt til Rudolf Stangeland, Forsand. Seinare seldt til nordmann bosatt i Sverige. Skiftet eigar fleire gonger. I 1993 blei båten kjøpt på tvangsauksjon i Lysekil for 90.000 svenske kroner av Bjarne Isaksen, opprinneleg norsk. Han gav båten navnet «Vågen». Den låg lenge i Lysekil.
Maskineri: Hovedmotor som ny. Finnøy tosylindret diesel- motor på 60 HK. Motoren blei skifta ut av de nye svenske eigarane i 1972 med ein Volvo Penta MD 100 B på 150 HK.
Marsjfart: 8 knop.
Kapasitet: Som ny passasjer-sertifikat for 11 passasjerar. Mål: Lengde: 15,25 meter. Breidde: 3,97 meter. Djuptgåande: 2 meter.
«Kløver» på sin faste liggjeplass på Erøy. |

Kjekt å sjå at Kløver er i fjordane igjen. Hugser godt den fra den tida eg var guttunge. Eg budde på Høyvik, mor og far hadde krambuå der (1948-1961). Me reiste med Kløver når me skulle til Sand, det var stas. Når Kløver (melkebåten som me kalte han) kom fra Sand, hadde han med seg melk og fløyte i spann til krambuå som igjen blei solgt til kunder som hadde med seg spann til å ha melka i, den blei då målt opp med litermål. Ein trekasse med brød fra bakaren var og med, for ikkje å gløyma kjøttvarer fra slaktaren, det var slaktar på Sand i den tiå.
SvarSlettMvh
Kåre Willy Bjørkhaug
Alltid kjekt å sjå fine treskøyter. Synes trebåter gir ro i sjela bare ved å se dem i forhold til plastbaljer.
SvarSlett