søndag 25. november 2018

Njål Tjeltveit - lærar, historikar, forfattar og kulturleiar


Njål Tjeltveit ville vore 75 år dette året. Han døde i 2001. Bildet tilhøyrer
Bodil Tjeltveit.


- Snakka om Njål Tjeltveit? Sa eg.

-  Han kjente ikkje eg spesielt godt. Sa eg.

- Same svaret har eg fått frå fleire av dei eg har ringt og spurt, svara kulturleiar Eldfinn Austigard i Hjelmeland kommune. Saman med sogelaget hadde kulturkontoret laga til denne minnekvelden for Njål Tjeltveit på kulturhuset Spinneriet i Hjelmelandsvågen torsdag 20. november. Tjeltveit som ville vore 75 år i år hadde han fått leva, markerte seg på så mange måtar i kulturlivet i Hjelmeland. 

Eg hugsar veldig godt fyrste gongen eg møtte Njål Tjeltveit. Det var ei helg våren 1976 på den dåverande landbruksskulen på Nedstrand. Der arrangerte Rogaland Mållag kurs for folk som var meldarar for store og små aviser. Njål Tjeltveit var kursleiar og snakka om den nye floraen av lokalaviser som nå voks fram og kunne kanskje bli ein konkurrent for dei store regionavisene i distriktet.

På den tida var eg lærar på Vinjar skule i Suldal. Ein kollega, Johannes Lunde, lokka meg med. Han var Suldal-korrespondent for Dagbladet Rogaland.

Før den helga var Njål Tjeltveit berre eit navn for meg. Eg hadde sett det på lærebøker i norsk på lærarrommet i Suldal. Dessutan visste eg at han budde i Hjelmeland der eg hadde planar om å slå meg ned og bli lærar på ungdomsskulen.

På dette tidspunktet hadde eg søkt på den ledige jobben som redaktør i Bygdaposten på Hjelmeland, men den jobben fekk eg ikkje. Ei 20 år gammal jente fekk jobben. Ho hadde jobba i avis som journalist. Det hadde ikkje jeg.

Min arbeidserfaring begrensa seg til fjordabåt- og ferjematros og seinare bussjåfør på Ryfylkevegen og i Bergen. Eg hadde alltid hatt lyst til å bli journalist, men aldri gjort noko for å realisera draumen.

Dermed måtte eg skaffa meg erfaring og innsikt i mediabransjen. Eg søkte sommarjobb i Aftenbladet og reiste på kurset som Njål Tjeltveit hadde laga til på Nedstrand.

Han hadde skaffa gode folk til å kursa deltakarane. Lars O. Tunbø som hadde vore med å dra i gang Tysvær bygdeblad. Bladstyrar Per Håland frå Gula Tidend og journalist Einar Hauge Nilsen frå Haugesunds Avis. Han hadde også vore i Aftenbladet.

Eg hugsar også at Njål Tjeltveit fortalde at han hadde vore sommarvikar i Gula Tidend.

Med dette kurset som teoretisk bakgrunn, blei eg sommarvikar i Aftenbladet sommaren 1976. Då sto eg på det litla eg greidde for å visa igjen.  Frå 1. januar 1977 var eg fast tilsett som journalist i Aftenbladet.
Njål Tjeltveit skreiv mykje i Aftenbladet.
Denne toppartikkelen er frå 17. januar 1964.


Den fyrste tida mi i avisa møtte eg Njål Tjeltveit som NRK-meldar i Hjelmeland og seinare tok han kontakt med meg når han var ferdig med enkelte av bøkene sine. Eg var vel litt overraska då han viste så stor interesse for fjordabåtar og bussar. Der hadde me tydelegvis ein del til felles.

Å seia nei til å vera med på dette, ville jo vore enkelt. Men eg sa ja og brukte den gamle enkle journalist-metoden med å ringja rundt og snakka med folk. Eg begynte med Bodil som var gift med han frå 1973 til han døde utpå nyåret i 2001. Søstera Oddrunn var den neste eg ringde til og så har eg jobba meg vidare utover til eg følte eg hadde nok opplysningar til å kunne laga eit bilde av mannen.

Njål Tjeltveit var fødd på i Fister i 1943. Barndomsheimen på Eikehaugen var det bestefaren som hadde bygd. Mora, Magreta, var frå Vanvik i Hylsfjorden og var fødd Fatland. Både faren Hans og bestefaren Nils var lærarar. Bestefaren mista mora tidleg. Han vaks opp hjå besteforelda på Tjeltveit på Ombo og tok etternavnet Tjeltveit.

Bestefaren var lærar på Halsnøy og i Hetlandsbygda. Faren Hans gjekk ut frå lærarskulen i Elverum i 1918 og var lærar i Sjernarøy, Strandebarm og Hetland før han kom til Hetlandsbygda i Fister kommune. Viss du går inn på google og søker på navnet hans finn du eit fantastisk flott bilde av læraren og elevane hans i bygda. Dei står oppstilt på rekke og alle har tresko på. Ola Meltveit, far til Magnhild Meltveit Kleppa, står midt i elevflokken.

         Lærar Hans Tjeltveit, Peter Hetland, Hans Hetland, Åke Hauge, Julian Staurland, Ola Meltveit, Sverre Solberg,
Tomine Staurland, Sigrid Solberg, Klara Hetland, Susanna Hetland, Bibbi (Berta Malena) Hauge, Anna Meltveit.
Foto: Ryfylkemuseet.

Hans Tjeltveit overtok som lærar på Fister etter Jakob Mæland. Der var han lærar fram til han gjekk av med pensjon i 1961. Han døde i 1971.

Læraren på Fister hadde den største private samlingen av nynorsk-bøker i heile Rogaland, kanskje i heile landet. Over 5000 bøker hadde han i samlinga.

I tillegg hadde han store mengder med avisutklipp om nynorske bokmenn og meldingar om bøkene deira slik Johan Veka skreiv i ein Aftenblad-artikkel frå 1954 og fortset slik:

- Men du finn ikkje noko manuskript frå Hans Tjeltveit. Ikkje ei bok. Ikkje eit dikt. Ein kan undrast på det. For han kan skriva.

- Nei, seier han. Det ligg kje for meg å skriva bøker. Det får andre gjera. Så får eg lesa bøker og samla bøker. Det fegnast eg med. Det har eg hugnad av, står det vidare i Aftenbladet.

Men gamle Tjeltveit fekk til gjengjeld ein son som skreiv bøker. Det finst innpå 40 ulike boktitlar der Njål Tjeltveit har vore forfattar eller i nokre tilfelle medforfattar.

Lærarsonen på Fister viste tidleg stor interesse for rutebåtar og rutebilar. Han samla på rutehefte og brukte billettar og fekk seg bråtahua eller skyggehua som me sa. Dermed kunne han vera både styrmann eller buss-sjåfør når han leika båt og buss. Denne interessa hadde han med seg heile tida. Svært interessert i båt og bilruter over heile Vestlandet og vel så det.

Jan Thomsen, bror til Åsmund, var bestekameraten i barndommen. Han var så husvarm hjå Tjeltveitane at han sa far til læraren som alle dei andre ungane på Fister omtala som Tjeltveit. Det gjorde sikkert foreldra også. Slik var det i den tida.

Som seks-åring begynte lærarsonen på skulen. For å bli gammal nok til å dra ut i verda som 15-åring, gjekk han to år på framhaldskulen. Då han reiste ut som tenåring for å begynna på realskulen på Bryne i 1958, var han fast bestemt på at han aldri skulle komma igjen for å bu på Fister, fortalde han seinare til kona Bodil.

Etter realskulen var han ein vinter på folkehøgskule før han starta på fire-årig lærarskule i Kristiansand. Etter lærarskulen avtjente han verneplikta i marinen der han var ferdig i 1967.

Nå starta han som lærar på ungdomsskulen på Jørpeland der var han i fleire år. Han møtte Bodil og dei gifta seg i 1973. Dei busette seg i Klepp der ho kom frå. Njål blei lærar i Sola.

På dette tidspunktet hadde Njål Tjeltveit markert seg som målmann. Han var med på å starta mållag på lærarskulen og frå Strand mållag møtte han som utsending på årsmøte i Rogaland mållag saman med skuleinspektør Tungesvik, hugsar Harald Sel.

I 1974 kom Bodil og Njål til Årdal der han hadde fått jobb som undervisningsinspektør på Årdal skule. Bodil blei helsesyster i Hjelmeland og det var ho fram til ho blei pensjonist i 2008.

Skulestarten blei turbulent i Årdal i 1974. For det fyrste rykka Njål Tjeltveit inn som rektor fordi Jostein Jøssang hadde fått studiepermisjon eit år.

Grunnen til sjauen: Ungane frå Byrkja og Ingvaldstad, Fjellgardane skulekrins etter gammalt, var vedteke overflytta frå Årdal til Hjelmeland. Det blei  avisskriverier, skulestreik og så bort etter, opphissa foreldra og politikarar.

Det blei visst ein del vondt blod etterpå, men Njål Tjeltveit kom heilt ubemerka frå dette. Han gjorde sin jobb utan at han blei teken til inntekt for hverken den eine eller andre sida.

Ekteparet bygde hus i Mælslia i Årdal. Apropos bygde hus. Njål Tjeltveit var ingen handyman. Det var stort sett Bodil som tok seg av det praktiske. Dei fekk dei to barn: Herbjørn og Målfrid.

I 1978 gjorde han sine tankar om aldri å venda tilbake til Fister til skamme. Då flytta familien Tjeltveit inn i nytt hus på byggefeltet Eikehaugen like ved barndomsheimen der mora nå budde åleine. Ho var sjukeleg og sette stor pris på dei nye naboane.

På den tida var Njål Tjeltveit blitt kontaktmedarbeidar for NRK Rogaland i Hjelmeland. Han sette stor pris på at dåverande NRK-sjef Ottar Oddland spurte han om å ta den jobben. I desse åra var han også innom i NRK som sommarvikar og var ei kjend radio-røyst for mange. Også i NRK blir han hugsa som ein som gjekk stilt i dørene. Flink og sakleg.

I Hjelmeland mållag var han ei drivkraft like fram til han blei kulturleiar.

Venstre-mannen kom også med i kommunestyret. På upolitisk liste.

Heile tida frå han kom til Hjelmeland blei han mykje bruka som kåsør på allslags samankomstar, frå Heimvernsfestar til basarar og bondelagsmøte.

I 1984 blei han kulturleiar i Hjelmeland. Denne stillinga hadde han resten av si tid bortsett frå eit vikariat som redaktør i Bygdaposten.

Og frå nå er det han for alvor begynte å skriva bøker slik eg les den bibliografien Tryge Brandal har laga. Alle dei lokalhistoriske bøkene kjem utover på 80- og 90-talet. Han har vore utruleg flittig.

Bøkene «Gamle Fjellvegar» og «Bygda sitt hjarta » var dei bøkene han var mest stolt av og som blei mest etterspurde. Dei blei trykte i fleire opplag. «Gamle Fjellvegar» laga han saman med Trygve Brandal. 

Han skreiv tidleg og seint. Ungane hugsar faren som ein som skreiv.

Njål Tjeltveit har mykje av æra for at Spinneriet blei bevart og gjort om til kulturhus for Hjelmeland. 


Njål Tjeltveit har fått mykje av æra for at bygningane etter det gamle spinneriet i Hjelmelandsvågen blei tekne vare på og i dag er omgjort til eit mykje brukt kulturhus for heile kommunen.

Då spinneriet blei lagt ned for over 100 år sidan, overtok hermetikk-fabrikanten Ocean Packing for å driva hermetikkfabrikk. Dei skulle legga ned brisling i Vågen og då måtte brislingen røykast. Tilbygget i tre blei rive og erstatta med eit nytt i murstein. Det blei sett inn fire røykeovnar der brislingen skulle hengast inn. Røyken frå ovnen gjekk ut i pipa.

Njål Tjeltveit hadde tidene, kommuneøkonomien og rådmann Arne Kleppa med seg i arbeidet med å bevara Spinneriet.

Tidlegare hadde bygningsrådet vedteke at fabrikkpipa måtte rivast. Men den dåverande eigaren hadde ikkje pengar til å gjera det arbeidet. Pipa blei ståande.

Seinare blei det laga ein reguleringsplan. Eit smoltanlegg med høge gjerde rundt skulle anleggjast på det området der Spinneriet står nå. Dette blei vedteke i både bygningsråd og kommunestyre. Men sviktande konjunkturar førte til at planane blei skrinlagde.

Spørsmålet om kommunen skulle kjøpa Spinneriet kom då opp. Det var stor motstand, men det blei vedteke med 13 mot 12 røyster i kommunestyret.

Det trongst mykje pengar. Spinneriet blei mykje dyrare å setja i stand enn ein fyrst rekna med. På
1990-talet var det snakk om å riva pipa, men Njål Tjeltveit meinte at den høyrte med til heilskapen. Dermed søkte han og fekk kulturmidler, 30.000 kroner, til å setja pipa i stand.

På Fister, der Njål Tjeltveit vaks opp, blei det ikkje bygd bedehus før på 1950-talet. Og det var høgt under taket på bedehuset på Fister, blir det sagt. Dei unge fekk lov til å driva med folkeviseleik i kjellaren.

Likevel var kulturleiaren interessert i bedehusmiljøet. I Ryfylke var det stort sett bedehus i alle bygder og dette påverka bygdelivet.

Njål Tjeltveit laga bedehusseminar som gjekk over fleire dagar. Han var oppteken av spenningsforholdet mellom bedehusmiljøet og den frilyndte kulturen.

Han laga bok om bedehusmiljøet også.

Njål Tjeltveit fekk Aftenbladets statuett
 i desember 2000.  Her er han saman med
dåverande sjefredaktør Jens Barland.


Men i 2000 blei Njål Tjeltveit sjuk. Han hadde fått nervesjukdommen ALS. Legane gav han maks 5 år å leva. Det gjekk 13 månader frå han fekk han diagnosen til han døde i januar 2001.

Men han var lite oppteken av sjukdommen. Han fokuserte på livet.

Hausten før han døydde, arbeidde han med å arrangera eit livssynsseminar i samarbeid med Diakonhjemmet i Oslo. Dette blei arrangert våren etter at han døydde.

Sjukdommen sette ein stoppar for planane om å laga eit eige hus heime på Fister for den svære boksamlinga med tilhøyrande avisutklipp og andre papir. Alle nynorskromanane til faren blei flytta over i kjellarstova til Bodil og Njål. Resten av samlinga har systera Oddrunn. Kva som vil skje med dette veit eg ikkje om det finst planar om.

I 2000, året før han døydde, fekk Njål Tjeltveit både Rogaland fylke sin kulturpris og Aftenbladet sin statuett.
I avisa står det at han fekk prisen for sitt uvanleg omfattande lokalhistoriske forfattarskap.

- Du har gjort ein uvanleg innsats for å styrka den lokale identiteten og samhaldet. Det er eit mål som også Aftenbladet deler og me er glade for heidra deg på denne måten, sa dåverande Aftenblad-redaktør Jens Barland.

1 kommentar:

  1. Det var ein fin omtale Jone Laugaland har skrive om min gode ven Njål Tjeltveit. Eg kjende han godt. Me gjekk i lag på lærarskulen i Kristiansand i åra 1962-66. Me budde i lag i fire år i to hyblar i eit hus i Bertesbukta. To gutar, ein frå fjellbygda Vinje og den andre frå Fister. Vi hadde nok litt lik bakgrunn, det nynorske og dialektbakgrunnen. Litt usikre på det nye livet i ein storby som vi opplevde Kristiansand var.

    Samværet med Njål var gildt på alle måtar. Han var veldig glad i Jim Reeves. Var eg interessert i musikk var det berre å gå over gangen til Njål og høyre på dei siste countrylåtane. Det fine i alle desse åra var at me kunne diskutere det vi opplevde i skuletimane, særleg dei språklege og historiske spørsmåla.

    På den tida var det på lærarskulen store motsetningar mellom dei pietistiske straumdraga og dei meir frilynde. For mange var det tildømes synd å danse (også folkeviseleik) og spela kort. Njål var ein grundtvigianar, menneske først, kristen så. Med sin store sakkunnskap og si milde form argumenterte han godt for sitt syn.

    Noko av det som imponerte meg mest på lærarskulen var engasjementet hans. I lærarskuletida skreiv han stadig kronikkar og innlegg til Stavanger Aftenblad. Han kom inn til meg og viste utkast, spurde om eg hadde kommentarar. Stolt kom han med avisa når innlegga kom på prent.

    Det var på denne vesle hybelen, dei var ikkje store på den tida - kanskje 7-8 m2, at grunnlaget for å skipa eit studentmållag ved lærarskulen, blei til. Eg ser enno for meg gruppa som sit plassert i sofaen på hybelen til Njål. Me såg det som viktig å styrkje den nynorske identiteten for dei som var opptekne av det. Korleis skulle me få det til? Me var samde om at me måtte få dei fremste nynorskfolka til eit stort opningsmøte. Som sagt så gjort. Me fekk tak i Ivar Eskeland, Jakob Sande og Arne Grimstad. Møtesalen på lærarskulen var fullstappa, over 500 møtte. Ivar Eskeland, den seinare så gode kåsøren, øydela mykje med eit tungt foredrag om grammatiske reglar. Men Jakob Sande og Arne Grimstad redda kvelden.

    Njål hadde eit pågangsmot utan like. Med sin store kunnskap om historie og litteratur var han oppteken av motkreftene i samfunnet, av alle dei kunnskapsrike menneska som kom frå bygdene. Han var oppteken av røtene, menneska som hadde gått føre oss og kva dei hadde gjort. Dette kom til uttrykk i alle bøkene han etter kvart skreiv som tildømes "Gamle fjellvegar", "Med båt og buss" og "Etterkrigs-Ryfylke"

    Me heldt kontakten etter lærarskuletida. Han som lærar, forfattar, journalist og radiomann i Rogaland. Eg som lærar i fengsel og seinare byråkrat. Eg fekk mange av bøkene hans som eg las med stor interesse. Sambuaren og eg besøkte han og Bodil i den koselege heimen deira. For eit lesande menneske var det ei stor oppleving å gå runde og kikke i den omfangsrike bokhylla.

    Så kom sjukdomen i 2000. Njål var fleire gonger til Bergen for å få hjelp av spesialistar ved Haukeland sjukehus. Me møttest kvar gong han var i Bergen til eit måltid og ein kopp kaffe på hotell Terminus. Han han blei veikare for kvar gong. Men engasjementet var der til siste slutt. Han fortalde om arbeidet med spinneriet som han greidde å redda. Å ta vare på kulturelle minnesmerke var ei stor oppgåve for Njål. Dei kulturelle minnesmerka fortalde om sed, skikk og levevilkåra til forfedrane våre. For å forstå samtida er det viktig å ha med oss fortida inn i samtida. Då kan me gå tryggare inn i framtida. Njål var ein brobyggar mellom menneske og kulturar. Ein god ven i alle år.

    SvarSlett