tag:blogger.com,1999:blog-7859932438097133858.post5943178786146639470..comments2024-03-27T15:30:58.780-07:00Comments on Jonebloggen: Njål Tjeltveit - lærar, historikar, forfattar og kulturleiarJonebloggenhttp://www.blogger.com/profile/06487816523931091566noreply@blogger.comBlogger1125tag:blogger.com,1999:blog-7859932438097133858.post-80745154848725915162018-12-04T00:05:05.252-08:002018-12-04T00:05:05.252-08:00Det var ein fin omtale Jone Laugaland har skrive o...Det var ein fin omtale Jone Laugaland har skrive om min gode ven Njål Tjeltveit. Eg kjende han godt. Me gjekk i lag på lærarskulen i Kristiansand i åra 1962-66. Me budde i lag i fire år i to hyblar i eit hus i Bertesbukta. To gutar, ein frå fjellbygda Vinje og den andre frå Fister. Vi hadde nok litt lik bakgrunn, det nynorske og dialektbakgrunnen. Litt usikre på det nye livet i ein storby som vi opplevde Kristiansand var.

Samværet med Njål var gildt på alle måtar. Han var veldig glad i Jim Reeves. Var eg interessert i musikk var det berre å gå over gangen til Njål og høyre på dei siste countrylåtane. Det fine i alle desse åra var at me kunne diskutere det vi opplevde i skuletimane, særleg dei språklege og historiske spørsmåla.

På den tida var det på lærarskulen store motsetningar mellom dei pietistiske straumdraga og dei meir frilynde. For mange var det tildømes synd å danse (også folkeviseleik) og spela kort. Njål var ein grundtvigianar, menneske først, kristen så. Med sin store sakkunnskap og si milde form argumenterte han godt for sitt syn.

Noko av det som imponerte meg mest på lærarskulen var engasjementet hans. I lærarskuletida skreiv han stadig kronikkar og innlegg til Stavanger Aftenblad. Han kom inn til meg og viste utkast, spurde om eg hadde kommentarar. Stolt kom han med avisa når innlegga kom på prent.

Det var på denne vesle hybelen, dei var ikkje store på den tida - kanskje 7-8 m2, at grunnlaget for å skipa eit studentmållag ved lærarskulen, blei til. Eg ser enno for meg gruppa som sit plassert i sofaen på hybelen til Njål. Me såg det som viktig å styrkje den nynorske identiteten for dei som var opptekne av det. Korleis skulle me få det til? Me var samde om at me måtte få dei fremste nynorskfolka til eit stort opningsmøte. Som sagt så gjort. Me fekk tak i Ivar Eskeland, Jakob Sande og Arne Grimstad. Møtesalen på lærarskulen var fullstappa, over 500 møtte. Ivar Eskeland, den seinare så gode kåsøren, øydela mykje med eit tungt foredrag om grammatiske reglar. Men Jakob Sande og Arne Grimstad redda kvelden.

Njål hadde eit pågangsmot utan like. Med sin store kunnskap om historie og litteratur var han oppteken av motkreftene i samfunnet, av alle dei kunnskapsrike menneska som kom frå bygdene. Han var oppteken av røtene, menneska som hadde gått føre oss og kva dei hadde gjort. Dette kom til uttrykk i alle bøkene han etter kvart skreiv som tildømes "Gamle fjellvegar", "Med båt og buss" og "Etterkrigs-Ryfylke"

Me heldt kontakten etter lærarskuletida. Han som lærar, forfattar, journalist og radiomann i Rogaland. Eg som lærar i fengsel og seinare byråkrat. Eg fekk mange av bøkene hans som eg las med stor interesse. Sambuaren og eg besøkte han og Bodil i den koselege heimen deira. For eit lesande menneske var det ei stor oppleving å gå runde og kikke i den omfangsrike bokhylla.

Så kom sjukdomen i 2000. Njål var fleire gonger til Bergen for å få hjelp av spesialistar ved Haukeland sjukehus. Me møttest kvar gong han var i Bergen til eit måltid og ein kopp kaffe på hotell Terminus. Han han blei veikare for kvar gong. Men engasjementet var der til siste slutt. Han fortalde om arbeidet med spinneriet som han greidde å redda. Å ta vare på kulturelle minnesmerke var ei stor oppgåve for Njål. Dei kulturelle minnesmerka fortalde om sed, skikk og levevilkåra til forfedrane våre. For å forstå samtida er det viktig å ha med oss fortida inn i samtida. Då kan me gå tryggare inn i framtida. Njål var ein brobyggar mellom menneske og kulturar. Ein god ven i alle år.Anonymoushttps://www.blogger.com/profile/00275191751141873475noreply@blogger.com