mandag 12. november 2018

På galna siå av Lindøy!



I over 100 år har Ryfylke-ungar blitt skræmde med Lindøy. Ikkje rart
 alle innante er så snille.
Hallo! Kor e me nå?

Eg måtte knega meg i auene. Dette er ikkje Lindøysundet. Har desse ungane som styrer Tau-ferjå nå til dags tatt feil av leiå?


Jobba ikkje eg som matros på Tau-ferja fem somrar på rad? Trur du ikke eg kjenner ruta. Då var det orden i sakene. Ferjå gjekk Lindøysundet ut og inn og alltid på same sida av Horje. Nå for tida går ferja innover på sørsida av Horje og på nordsida på veg til byen. Dette er någe tull. 


Som ein vind var eg ute på dekket for å sjå kva som føregjekk. Tenkte eg det ikkje. Denne reserveferja «Stord» gjekk på galna siå av Lindøy. Me hadde Tunsøy og Hellesøy på styrbord og Lindøy på babord.  Eg var raskt oppe med mobiltelefonen for å dokumentera kva som føregjekk. 

Viss du trur eg lyg, kan du berre sjå her. 


Her ser du byen i bakgrunnen. Tunsøy til venstre og Lindøy til høgre. Tau-ferja på galna siå av Lindøy!

Her er det byferjene som skal gå. Ikkje Tau-ferjå. Båten som går her nå for tiå har båtnavnet som får gamle saudabuar til å få klump i halsen: «Fjordsol».

Me leid rett nok  ikkje overlast av å reisa på galna siå av Lindøy. Men det er någe som ikkje stemmer når du ikkje får sett skulebygningen på Lindøy på veg til og frå byen. Baksida av øynå blir ingen skremde av. 

Forklaringa på at ferja gjekk på galna sida av Lindøy: Det var eit større møtande farty i Lindøysundet. Då får ferja anten ordre frå trafikksentralen på Kvitsøy om å gå på andre sida eller dei på brua ser sjølv den andre båten og legg om kursen. Dei er blitt så svære ferjene nå til dags, forstår du. 

- Viss du ikkje er snille, så må me senda deg til Lindøynå!

Kven høyrte ikkje dette i sin barndom? Ikkje rart at me som kjem innante, er grovt underrepresenterte på alle kriminalstatistikkar. Me kunne jo havna på Lindøynå.


Alle dei gongene me såg det store kvite huset når rutebåten passerte på veg til eller frå byen. Av og til stoppa båten. Du gru!



Her ser du Horje, halveis mellom Tau og byen.  Den andre ferja på vei til
byen klarer du nesten ikke sjå. Før gjekk begge ferjene på sørsida av Horje.


Dette opplevde eg ein gong på veg heim frå byen. Det låg ein stor robåt med skuleguttar ved årane og venta i Lindøysundet. Hugsar godt at det gjekk ei dama om bord i den litle båten og Lindøy-guttane rodde henne inn til Lindøy-brygga. 


Me gjorde store auer. Tenk dei guttane såg ut omtrent akkurat som oss. 


Viss me då altså var ukjurne nok, var det berre å senda oss med rutebåten og få dei på Lindøynå til å komma ut med robåten sin og henta oss. Skremmande lett å bli kvitt oss!


Denne hyperaktive presten, Lars Oftedal, starta ikkje berre Aftenbladet og grunnla Waisenhuset for over 100 år sidan. Han kjøpte også Lindøynå og bygde internatskule for  «vanartede og fordervede gutter» der. 


Eg kjente ingen som havna på Lindøy, men alle eg kjente var blitt trua med å bli sende der. Slik var det. Trur dei fleste av oss var meir avskremde av å reisa gjennom Lindøysundet enn av å gå på bedehuset og høyra på svovelpredikantar. 

Koss blir dette etter at Ryfast blir åpna? Då kjører me i tunnel under Lindøynå kanskje sånn cirka. Etter det eg har høyrt skal dei nye tunnellane ikkje vera nifse i det heile tatt. Koss blir innante-buane då viss det ikkje skal vera ei slags skrekkoppleving å reisa til og frå byen. Dommedagsprofetane varsla at det ville bli både gudløyse og stygge brotsverk på øyane når Rennfast blei åpna. Dei fekk jo rett  i det. Eit år etter åpninga blei ein eldre øybu skamfaren av galne bergensarar. 

Og nå blir Strand og Hjelmeland landfaste. Strandbuane har alltid vore litt forderva, etter mitt syn. Så på Strandalandet blir det vel ikkje så mykje verre enn før. Men tenk at gudfryktige hjelmelandsbuar skal bli utsette for dette. Heldigvis går det ferja til Nesvik til alle tider. Då kan me få alle desse fremmande over fjorden før det har vorte altfor mykje ulivnad. 

Forstår godt at forsandbuen vil behalda ferja si!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar