torsdag 29. november 2018

Lastebilsjåførane tok knekken på «Stavanger»

Irriterte lastebilsjåførar frå Strandalandet avbilda i Aftenbladet 14.mai
1981 då det var opptil tre timars venting for å komma med ferja.  Frå
venstre: Hans Bjarne Voster, Reidar Eie og Oddvar Førland.

Tenk at lastebilsjåførane gjekk i spissen for å få den feiande flotte ferja «Stavanger» vekk frå Tau-sambandet. Dei som til og med hadde eige bord i salongen og alltid var garanterte å treffa kollegar dei kunne drøsa med på overfarten.

Vanlege reisande og privatbil-eigarar kunne ikkje skrøyta nok over «Stavanger» som kom i 1973. Fine salong og garantert fritt for saltskvett på dei blanke personbilane på det overbygde bildekket. 

Lastebilfolket, derimot, meinte at «Stavanger» var gammaldags. Bildekket var håplaust. I forkant av dekket var det smalt og trangt på grunn av løftebaugen. Alt for ofte blei det skader på bilane når dei skulle kjøra av og på ferja. 

- Me ville heller ha åpne pendelferjer som «Tau» og «Solbakk», sa lastebileigar Hans Bjarne Voster til Aftenbladet etter at lastebilsjåførane hadde laga ein aksjon for å visa si misnøye med «Stavanger».

«Stavanger» frå 1973 var feiande flott, men raskt umoderne. I 1982 gjekk den siste turen over
Hidlefjorden.  



Dette var stikk i strid med meininga til Norges Automobil Forbund (NAF) som jobba for at «Stavanger» skulle få ei systerferje i Tau-ruta. Gjennom åra hadde NAF fått mange klager frå medlemmer som hadde fått sjøsprøyt på bilane sine under ferje-overfarten. Spesielt klaga NAF-medlemmene på sjøsprøyt på Tau-ferjene og på ferjene over Nedstrandsfjorden. 

Men det var lastebil-folket som vant fram med sine synspunkt. 

Vegkontoret i Rogaland meinte at det ikkje var nødvendig med overbygde ferjer verken i Tau- eller Nedstrand-sambandet.

Etter vår vurdering er ferjene som trafikkerer sambandene hensiktsmessige. Det er bare i ugunstige værforhold at det oppstår skvett på bildekket, og i betraktning av de økte kostnadene sambandene vil bli påført dersom dette skal unngås, kan vi ikke anbefale et slikt tiltak, skreiv Vegkontoret  i eit brev som Aftenbladet refererte 26. juni 1980.

På denne tida gjekk «Stavanger»  saman med «Tau» og «Solbakk» i Tausambandet. Alle desse fejene tok 50 bilar. I Midtsambandet der Nedstrand høyrte med, gjekk  «Finnøy»  og dei to tidlegare Tau-ferjene «Tau» og «Strand» som nå blei omdøypte til «Ombo» og «Eidssund».

På dette tidspunktet hadde Samferdselsdepartementet orientert både det lokale vegkontoret, fylkespolitikarane og Stavangerske om korleis ein ynskte å byggja ut ferjerutene i Rogaland vidare.


Departementet ville ha to nye 90-bilars ferjer til Tau-ruta. Dei skulle erstatta ferjene som gjekk der då. «Stavanger» skulle sendast til Finnmark, «Solbakk» skulle overførast til Midtssambandet og «Tau» var tenkt sendt til Møre og Romsdal. Ferja «Ryfylke» skulle overførast frå Midtsambandet til Rennesøy-ruta. I Skudenes-sambandet skulle det gå fire ferjer som før. 

Den sju år gamle «Stavanger» var begynt på sin svanesang på Hidlefjorden. Den varte i to år.

Neste blogg handlar kor denne ferja drog vidare etter at ho forlet Stavanger i juli 1982.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar