fredag 30. november 2018

Trailer velta og sju bilar ramponert då «Stavanger» nesten gjekk rundt!

Skadene blei store då ein semitrailer velta rundt på
Boknafjorden.


- Ferja la seg så kraftig over på sida at eg trudde den skulle gå rundt. Det blei slått stopp på motorane og eg høyrde eit forferdeleg rabalder på dekk. Eg hadde vakt i maskinrommet og sprang opp for å sjå kva som skjedde. Der låg det bilar hulter til bulter på bildekket.

Jan Samuelsen frå Sjernarøy var 21 år gammal og vikarierte som motormann på Tau-ferja «Stavanger». Ferja var sett inn som reservebåt for ei Skudenes-ferje som var på verksted. «Stavanger» hadde åpent akterskip og fekk ikkje lov å gå til Skudeneshavn som dei faste ferjene. Reservebåten gjekk til Kopervik.

Jan Samuelsen trudde hans siste time var kommen då
 «Stavanger» la seg over på sida på Boknafjorden. Så
kraftig krengning har han aldri opplevd verken før
eller seinare.
Vêret var dårleg 24. oktober 1974 då «Stavanger» var på veg frå Kopervik over Boknafjorden til Stavanger. Vindstyrken var opp i liten storm i kasta. Det kom tre uventa høge sjøar og dei førte til at ferja slingra så kraftig at ein semitrailer velta på bildekket. Traileren la seg først over til babord og så til styrbord. Traileren var ikkje surra fast i dekket før ferja gjekk ut i den grove sjøen.

Då ferja begynte å gå igjen, gjekk Samuelsen ned i maskinrommet igjen. Der hadde alt laust blitt slengt rundt då ferja krenga som verst. Han måtte plukka opp alt og rydda så godt han kunne.

- Eg hugsar at det var kaptein Georg Nesvik som var på vakt på brua. Han hadde Øystein Sandvik med seg som rormann, fortel Jan Samuelsen som ikkje tok skrekken av denne opplevinga.

Slingring var ikkje noko nytt for meg. Eg hadde vore på Skudenes-ferjene tidlegare. Men eg hadde aldri vore med på at ei ferje kunne leggja seg så kraftig over på sida. Det var ei ny oppleving, seier Samuelsen som seinare tok maskinistskulane og seilte på Stavangerske-ferjene like til han gjekk av med pensjon.

Dei ramponerte bilane var avbilda på fyrstesida av Aftenbladet neste dag. I alt var sju bilar blitt skada då tilhengaren på semitraileren velta, står det i avisa.

«Stavanger» var ikkje bygd for storm på Boknafjorden. Då
slingra ferja kraftig.
Redningsbil blei tilkalt for å få fjerna dei ramponerte bilane frå bildekket på «Stavanger».

Ferja droppa den siste turen over Boknafjorden denne kvelden, men gjekk i rute til Tau neste morgon, står det i avisa.

Seinare gjekk «Stavanger» på verkstedet til Stavangerske på Klasaskjæret for å få sveisa på fester i bildekket slik at bilane kunne surrast fast i dårleg vêr.

- «Stavanger» var ein forferdeleg slingrekopp. Heilt på høgde med «Tungenes» som Stavangerske hadde gåande over Boknafjorden mellom Haugesund og Stavanger frå 1966 til 1974. På folkemunne blei den kalla «Gyngenes», seier folk med greie på slingring.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar