torsdag 1. november 2018

Frekk, forveten tosk på nattrutå


«Stavanger» på veg inn til Haugesund som ny i mars 1950. Eg var matros der
20 år etterpå. 


- Du er ein forveten, frekke tosk. Det er ei skam at du har fått matroshyra. Du kan ikkje ein knute ein gong.
Det var litt av ein attest eg fekk av ein gammal, sur karmøybu som var matros om bord i nattruteskipet «Stavanger» i 1970.  Eg hadde latt meg lokka til å gå om bord i nattruta 15.mai for å vera matros der. Mannskapsavdelinga til Stavangerske mangla folk og dermed blei eg sendt om bord i den svarte, nokså fallerte båten. I 20 år hadde den gått trufast fram og tilbake mellom Stavanger og Bergen då eg fekk min ilddåp der.
Mikal Våge frå Bokn var båtsmann på
«Stavanger» då eg jobba der. i 1970. Ein
flott mann som kom  på eit firmerke i 1970.
I eigne auer var eg ikkje så ubrukeleg til å jobba på nattruta. Hadde eg ikkje vore på «bådane» fire somrar på rad: «Hjelmelandsfjord», «Tau», «Strand» og «Rennesøy». Hadde stått på og lagt meg opp pengar til å gå på skule for om vintrane. At eg frå fyrste dag hadde fått matroshyra, var ikkje min feil.Men det blei teke ille opp av surpompen på nattruta. Han takka meg ikkje ein gong då eg måtte gå vakta hans etter at supermatrosen hadde ramla på fylla og var ute av stand til å gjera skips arbeid. Denne mannen var unntaket. Dei andre om bord var greie med meg. Eg fekk ikkje meir kjeft enn eg fortjente.

Eg må også få med at i 2010 kom det ut ein serie frimerke med sjømannsmotiv i forbindelse med at Sjømannsforbundet var 100 år. Der var det eit bilde av båtsmannen på «Stavanger», Mikal Våge frå Bokn. Ein flotte mann som seilte på nattruta i aldri så mange år.
På dei andre båtane hadde eg vore saman med folk som hadde jobba om bord i nattruta. Ut frå det dei hadde sagt, burde eg styrt unna. Men det var ein fristelse eg ikkje kunne stå i mot. I ein alder av 21 år hadde eg aldri vore i Bergen. Kommande haust hadde eg planar om å reisa til Bergen for å studera. Det kunne jo vore spennande å sjå byen mellom dei sju fjell før eg reiste av garde dit med mitt beskjedne flyttelass.

Eg sov ikkje mykje natta til 16. mai 1970 og eg var tidleg ute og studerte innseilinga til Bergen. Kvarven, Puddefjorden, Laksevåg og Askøy. You name it. På mi frivakt klappa «Stavanger» til kaien på Bradbenken i Vågen i Bergen.
«Stavanger» blei sett i fart 19.mars 1950. Etter den dag blei det ikkje forandra mykje på arbeidsordningar og rutiner der om bord. 20 år seinare var det stadig folk som hadde seilt der sidan båten var ny. Det var ikkje heilt enkelt å finna ut kor ein skulle gjera av seg alltid.
På dei fleste båtar var det slik at viss du var på vakt og sto til rors på brua inn til kai, gjekk du bak på hekken og sette fast aktertauet før det blei slått stopp i maskinen. Slik var det ikkje på nattruta.
Ein gong hadde eg styrt til kai på Sandnes og gjekk bak for å fortøya der. Men der var det alt ein mann i arbeid. Han berre flirte hånleg av meg: – På fredagar på Sandnes skal rormannen ta tauen på baugen, sa han.


 «Stavanger» gjekk frå Sandnes på ettermiddagen etter å ha lasta der. Klokka 21 gjekk den frå Stavanger til Bergen.
Foto: Johannes Østvold.

«Stavanger» var ein komplisert båt med mange trapper og gangar. Den første veka var det lett å gå feil i den flytande labyrinten.
Og så mykje folk som jobba om bord: Kaptein, to styrmenn, to losar, båtsmann, dagmann, seks matrosar, tre maskinistar, tre motormenn, restauratør, kokk, byssegutt pluss pikene som serverte og heldt lugarane i orden. I tillegg var det alltid postfolk om bord når båten gjekk i ruta.

Johannes Fagerli, til venstre, og Mons Loftnes var begge styrmenn
på «Stavanger» i 1970. Foto. Leif Berge.
På dette skipet gjekk mannskapet sjøvakter dag og natt. Fire timar vakt, åtte timar fri. I Bergen låg båten ved kai heile dagen. Då kjørte matrosane vinsj for det meste. Som nykommar var eg henvist til å kjøra vinsjen på akterdekket dei første vekene. I rommet gjekk det mest i brennevin. Alt brennevin til polet i Stavanger, kom frå lageret i Bergen. Brennevinslasta var forsegla og sikra etter alle kunstens reglar. Det var uråd for tørste sjauarar og matrosar å få laga svinn i lasta.
I Stavanger var ikkje dagane like. Nattruta kom til byen mellom åtte og halv ni på morgonen. Som oftast gjekk turen vidare til Sandnes. Var det ledig kai ved BP sitt tankanlegg ved Lurahammaren, blei det bunkra drivstoff.
I Sandnes havn skulle det lossast og lastast. Nattruta hadde i si glanstid alltid med seg både landbruksprodukter og diverse landbruksmaskiner til Bergen. Ei blå høykanon på fordekket var omtrent eit fast innslag om bord i nattruta på veg nordover.

I mi tid gjekk «Stavanger» frå heimbyen søndag, onsdag og fredag. Frå Bergen mandag, torsdag og lørdag. På tysdagskveldane låg «Stavanger» i ro. Viss det var last til Sandnes, overnatta nattruteskipet der. Var det tombola, var skipet forvist til Kålatomta på Sølyst, rett over Skjeret.  Ein bakvendt plass. Du måtte ta byferjene til byen.
Min første rundtur som nattrute-matros var litt spesiell. Det var 17. mai, første pinsedag og full fest i byen då «Stavanger» klappa til kai. Då passasjerar og aldri så lite last var på land, forhalte me til «Haugesund» sin faste plass på Strandkaien. Medan barnetoget samla seg på land, begynte festen om bord. Ein musikalsk motormann med trekkspel samla lugaren full av feststemte vaskekåner – det blei sagt så då. Då eg kom om bord igjen forholdsvis seint på kvelden, var vaskedamene stadig på post. Det var mykje uskuldig moro i gamle dagar!
Neste morgon var det andre pinsedag og oppseiling til Bergen. Turen nordover gjekk i dagslys. Same kveld var det retur sørover.

1 kommentar:

  1. En meget, meget velskrevet artikkel om et kapittel i norsk kysthistorie som er i ferd med å svinne bort ...
    Leses med interesse og ettertanke!

    SvarSlett