onsdag 31. oktober 2018

Frå krigersk ubåt-jakt til fredeleg nattrute

Den nye «Stavanger» på presentasjonstur i Haugesund 19. mars 1950.
Foto: Stavanger Aftenblad.

Onsdag 22. mars 1950 gjekk det nye nattruteskipet «Stavanger» sin fyrste ordinære tur i nattruta frå Stavanger til Bergen. Ei vekes tid seinare kom splitter nye, grønmalte «Sandnes» inn i same ruta. Dei to skipa fekk eit 22 års samliv i ruta på Bergen. Dei møttes på Bømlafjorden fem netter i veka. Den sjette natta var det «Kronprinsesse Märtha» som kom motsett veg.

«Stavanger» blei bygd i Chicago i USA under krigen for å jakta på tyske ubåtar i Atlanterhavet. Amerikanarane bygde i alt 15 slike slike skip. Dei blei levert til den britiske marinen. Alle båtane fekk navn etter skotske landsbyar med forstavinga Kil. Dermed blei dette KIL-klassa og den seinare «Stavanger» fekk navnet «Kilchattan».


Vakre «Haugesund» var opprinneleg systerskip til
«Stavanger». Ikkje lette å sjå på bilda. 
Seks av desse amerikansk-bygde ubåt-jagarane kom etter krigen til Norge for å bli ombygde til rutebåtar. Stavangerske starta dette med å henta «Kilbirnie». Den blei ombygd til legendariske «Haugesund» som blei sett i fart i 1947. Den blei ein suksess utan like. Dermed kom dei neste fem som perler på ei snor: «Sunnhordland» til HSD, «Sognefjord» og «Sunnfjord» til Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane, «Jylland» til Kristiansand Dampskipsselskap og «Stavanger» til Stavangerske.

«Haugesund» blir av mange rekna som det vakraste lokalrute-skipet som nokon gong har gått på Vestlandet. Det er synd å seia at det opprinnelege systerskipet «Stavanger» kom høgt opp på lista av vakre ruteskip på Vestlandet.

«Stavanger» blei forlengd med 25 fot og fekk høgare baug og hekk. Den likna meir på hurtigruteskipa som blei bygd etter krigen enn på systrene sine frå Chicago.

Men det skorta ikkje på rosande omtale i avisa då nye «Stavanger» blei vist fram i mars 1950.

Lars Pallesen var første kaptein
 på «Stavanger»
«Stavanger» var eit stort skip då det var nytt. Bemanninga var deretter: Kaptein, to styrmenn, to losar, båtsmann, dagmann, seks matrosar, tre maskinistar, tre motormenn, restauratør, kokk, byssegutt pluss damene (pigene i daglegtalen) som heldt lugarane i orden. 

Kapteinen, losane og maskinsjefen inntok sine måltid i spisesalen på fyrste klasse. Dei andre offiserane, båtsmann, dagmann og pigene fekk maten i damesalongen på hovuddekket. Mannskapet åt i mannskapsmessa under hovuddekket.

1950-åra blei dei beste i nattrute-historia. I 1948 hadde Stavangerske 65.000 passasjerar i nattruta. Talet steig til over 80.000 i 1953. Frå dette året blei det etablert fast korrespondanse med dagtoga til og frå Oslo både i Stavanger og Bergen.

Nattruta gjekk i mange år klokka 21 frå Stavanger og klokka 22 frå Bergen. Kvar einaste kveld. 

Etter at natttrute-passasjerane hadde gått i land og lasta levert i Stavanger gjekk skipa vidare til Sandnes for å lossa og lasta. Det gjekk mykje last frå Sandnes til Bergen. Frå Jæren gjekk det store mengder grønnsaker og andre landbruksprodukt nordover. I tillegg var det alltid nye landbruksmaskiner som skulle nordover. Frå Bergen frakta nattruta store mengder brennevin. Alle leveransar til polet i Stavanger kom frå Vinmopolet si avdeling i Bergen.

I 1970-åra  var dei fleste passasjerane borte. Dei tok heller fly eller hydrofoilbåt. Nattruta var inga gullgruve lenger. «Stavanger» hadde sett sine beste dagar. Den blei teken ut av ruta i 1973. Året etterpå blei nattruta nedlagt. 


«Stavanger» i flytedokken på Klasaskjæret. Foto: Johannes Østvold. 



«Stavanger»-fakta

Historikk: Bygd som marinefarty i USA i 1943. Kjøpt av Stavangerske i 1947. Forlenga 25 fot ved Rosenberg i 1948. Stavangerske tok resten av ombygginga på sitt eige verksted på Klasaskjæret. Gjekk i nattruta frå 1950 til 1973. Omdøypt til «Kong Sverre». Blei seldt til Mauritius, men eigarene kom aldri og henta skipet. I 1980 blei den taua til Finland for opphogging.

Kapasitet: Sertifisert for 850 passasjerar i innanskjers fart og 525 i kystfart. 80 passasjerlugarar.

Maskineri: To General Motors hovudmotorar på 900 HK kvar. Toppfart: 17 knop. Rutefart: 15 knop.

Mål: Lengde; 64,2 meter. Bredde: 9,9 meter. Tonnasje: 1315 bruttoregistertonn.



1 kommentar: