fredag 28. september 2018

«Solbakk»-gudmora totalt gløymt av media!




«Solbakk» er døypt og gudmora Anne Margrethe Thoring har fått blomster
av Rosenberg-direktør Hans Jørgen Frank til venstre. Ektemann Chr. Aug.
Thoring til høgre.


Koss i all vide verda kan det ha skjedd? Anne Margrethe Thoring døypte den nye ferja «Solbakk» etter alle kunstens regler. Byens maritime fiff var frammøtte på ærestribunen på Rosenberg: Havnesjef Oscar Smith-Jacobsen hadde teke på seg si finaste uniform og ein heil gjeng med arbeidsfolk omkransa nybygget og plattforma med dei inviterte gjestene.

Tenk det: Ikkje eit ord i avisa. Kor var Aftenbladet fredag 28. juli 1978? Hadde Aftenbladet sin ferje- og fjordabåt-journalist ferie? Eg personleg var også journalist i avisa på den tida og skreiv ein del om ferjer og fjordabåtar. Men eg hadde heilt sikkert ferie og var i ferd med å slutta i hovedredaksjonen i Stavanger for å bli ny Sauda-korrespondent i august 1978. Eg vil ikkje ta på meg skulda for dette.

Gudmora, Anne Margrethe Thoring, får blomster av Rosenberg-direktør Hans Jørgen Frank. Havnesjef Oscar Smith-Jacobsen er mannen i uniform. Mannen med lys frakk er Herlof Lærdal. Dei andre har eg ikkje navn på.


Gudmora, Anne Margrethe Thoring, var gift med Arbeiderparti-politiker Chr. Aug. Thoring. Han var styremedlem i Stavangerske som representant for Rogaland fylkeskommune. Dei fleste gudmødrene blei på den tida som oftast plukka ut mellom ektefellene til anten direktørane eller styremedlemmene i rederiet.

Men Anne Margrethe Thoring hadde Stavangerske i blodet. Far hennar, Kristian Pallesen, var kaptein på Stavangerske sine kystskip i mange år.

I dag skal me ordna opp etter 40 år gamle fadesen. Dei som har gått rundt i 40 år og venta på reportasjen frå «Solbakk»-dåpen, skal nå få sjå bilete og lesa om ferjedåpen på Buøy fredag 28. juli 1978.

«Solbakk» nydøypt og overteken av Stavangerske fredag 28. juli 1978.


Vêret var ikkje det beste på denne dagen. Det både regna og bles, men alt gjekk av i likaste laget. Gudmora fekk blomster av av Rosenberg-direktør Hans Jørgen Frank og eit armbånd i gull etter dåpen. Deretter var det tid til ein tur på fjorden med den nye ferja som nå blei overteken av Stavangerske.

Rosenberg hadde hyra inn sin eigen fotograf til dåpen og gudmora fekk seinare ein bilde-album som eit minne om ferjedåpen.

92-årige Anne Margrethe Thoring med bildealbumen frå 1978.
Anne Margrethe Thoring er fortsatt oppegåande og hugsar godt då ho døypte «Solbakk». Sonen Erik skanna bilda frå albumen og dermed kan me dokumentera kva som skjedde. To dagar etter dåpen, søndag 30. juli, blei «Solbakk» sett inn i Tau-sambandet.

Nesten to veker seinare, 8. august 1978, hadde Rogalands Avis ein stor bilde-reportasje om den nye ferja. Både dei reisande og mannskapet var fulle av lovord om «Solbakk».

Er det nokon som har tipsa avisa om at det hadde vore lite stoff om den nye ferja? Mannen til gudmora, Chr. Aug. Thoring, hadde tidlegare vore både styreformann og
styremedlem i arbeiderparti-avisa Rogalands Avis. Er det han som har teke ein telefon til avisa? Det får me ikkje noko svar på i dag. Uansett. det står ingenting om dåpen eller navn på gudmora i Rogalands Avis heller.

Litt seint, men nå er alt sett på plass om ferjedåpen for 40 år sidan.

Fire år blei «Solbakk» gåande i mellom Tau og Stavanger. Frå 1982 gjekk den i Midtsambandet mellom Stavanger, Finnøy og Nedstrand. I 2000 blei ferja seld til Bjørklids ferjerederi i Troms og etterkvart omdøypt til «Stallovarre».

Det kjem meir «Solbakk»-stoff i neste veke.




3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Det var på tide, unnskyld, Stavangerske. :-)

    SvarSlett
  3. Herlof O.Lærdal frå Sandeid i kvit frakke bak gudmora. Lærdal representerte Rogaland Fylkeskommune.

    SvarSlett