tirsdag 25. september 2018

Hei! Kor er skipsrattet blitt av?



Skipsrattet mangla på «Solbakk». Matros Inge
Eiane styrer med hendelen han har mellom
fingrane. Kaptein Knut Skipanes med
maskinhendlane. Bilde: Stavanger byarkiv. 



Hallo! Kva har skjedd her? Skipsrattet er jo borte på «Solbakk».

Her ser du to godt vaksne mannfolk som har jobba på båtar i heile sitt liv. Her styrer dei den nye og moderne bilferja «Solbakk» til Tau sommaren 1978.

Kapteinen, Knut Skipanes, hadde mange år bak seg på den klassiske fjordabåten «Haugesund». Der sto kapteinen ofte ute på bruvingen når båten la til kai. Ein styrmann og ein rormann var på plass inne i styrehuset og manøvrerte og balerte slik kapteinen befalte.

På «Solbakk» var det ikkje nokon bruving der kapteinen kunne stå og visa seg fram. Her måtte kapteinen fint stå og hala i maskinhendlane sjøl. På sida hadde han matrosen, Inge Eiane, som heldt i rorhendelen. Ikkje nok med det. Då ferja skulle leggja til kai, måtte kapteinen ordna opp åleine i styrehuset.

Matros Jan Eie måtte fint stå som rormann på gamle «Strand»
i 1968.
Med pendelferjene forsvann det gammeldagse skipsrattet. Det gjorde mykje av den gamle kapteinsglorien også. Blårussen hadde gjort sitt inntog i ferjedrifta også. Dei talde pengar og var på jakt etter innsparingar. I Tau-ferjene si glanstid var det tre matrosar om bord.

Nå var det berre to. Då kunne ein ikkje ha den eine matrosen i styrehuset når ferja la til kai. Kapteinen blei dermed ståande åleine på brua. Her var det ikkje hjelp å få.

For ein godt vaksen kaptein var pendelferjene ei utfordring. Åleine på brua skulle dei passa på propellar og ror i begge endar av ferja. Dei brukte propellen bak til å gå framover og måtte bakka opp med den forut når dei nærma seg ferjestøa. Viss dei ikkje hadde klargjort propellen forut slik at dei kunne bremsa med den i passeleg tid, kunne dei gå i ferjestøa med eit brak. Det hende. Uff og atter uff.

Tradisjonen var at matrosen sto til rors mens kapteinen kunne ha ein høg krakk der han sat og heldt utkikk. På Stavangerske sine fjordabåtar og ferjer fekk den eldste og mest erfarne matrosen tittelen rormann og styrte til kai. Dei andre matrosane hadde sine rortørnar til faste tider.

Rormann Olav Høyvik og kaptein Leonard Johansen
på «Fjordsol» i 1965. Bildet tilhøyrer Kjell Olav Høvik,
I enkelte ruter blei rormenene kalla for kjentmenn og det blei også sagt at dei var losar. Dei var gode å ha for kapteinane når skodda kom. Båtane var utan radar, men gjekk full fart og styrte etter kompass og klokke. I kursboka hadde dei notert kor lenge dei skulle gå på dei skiftande kursane. Som regel heldt dei ruta sjølv om sikten var lik null. Ikkje rart at rormennene blei beundra for sine kunnskaper.

Det blir fortalt at ein av dei gamle rormennene på rutebåten «Fjordsol» som gjekk i Sauda-ruta, tok det som ein personleg fornærmelse at dei installerte radar om bord.

På pendelferjene braut ein dei gamle tradisjonane vidare ned. Matrosen fekk eigen krakk til å sitja på når han var oppe for å styra. I juni 1986 laga Aftenbladet ein reportasje der dei var med «Solbakk» på ein tur til Tau. Bakgrunnen for å skriva i avisa om ferja, var at på dette tidspunktet var det aktuelt å oppretta eit eige fylkesrederi til å ta seg av ruteferdsla på sjøen i Rogaland. Aftenbladet ville vita kva passasjerar og tilsette om bord meinte om dette framlegget.

Reportasjeteamet frå Aftenbladet, journalist Margunn Ueland og fotograf Morten Jørgensen, var også i styrehuset og snakka med kaptein Anders Tindeland og matros Olav Ommundsen som begge meinte dei hadde det godt i Stavangerske. Denne ideen blei heller aldri realisert.

Matros Olav Ommundsen fann seg godt til rette i stolen som rormann på «Solbakk».  Med høgre foten styrer han ferja. Skoen ligg på hendelen som Inge Eiane hadde mellom fingrane.  Han hadde stått mykje og hala på eit ratt på båtane opp
 gjennom åra. Foto: Morten Jørgensen, Stavanger Aftenblad.


På bildet ser du at Ommundsen sit godt i stolen med beina på manøvreringspulten. Med høgrefoten på rorhendelen styrer han ferja. Ikkje løye at hjelmelandsbuen var blid og fornøgd om bord i «Solbakk». Han hadde tida stått og bala med det gammeldags rattet på båtane.

Men dette var jo altfor godt til å vara. Trur du at matrosane blei verande i styrehuset i åra som kom?
Dette spørsmålet let me liggja til ein ny blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar