mandag 17. september 2018

Kaffi, smørbrød, is og brus i tobakksrøyken!



Edith Strand bak disken i nedre salong på «Solbakk».  Bildet tilhøyrer
Stavanger Byarkiv.


Brus, is, kaffi, smørbrød og røyk.


Kva var vel turen med ferjer og fjordabåtar utan ein velfungerande kiosk om bord? Restaurasjon som dei kalla det på fint. Eg kunne blogga i dagavis om alt det vidunderlege me fekk kjøpt om bord på båtane før i tida.

Den nye «Solbakk» hadde sjølvsagt ein tipp-topp moderne kiosk om bord. I nedre salong sto ei smilande Edith Strand bak disken. Ho blei intervjua av Rogalands Avis sitt reportasjeteam som laga ein heilsides reportasje som sto på trykk i avisa 8. august 1978. I daglegtalen blei dama bak disken kalla trisa. I avisa skriv dei diskedame.

Her får du intervjuet med diskedama ordrett avskreve av meg:

" Diskedame Edith Strand er veteran i sitt yrke. Hun har vært om bord i flere av DSDs båter før.

- Hvordan er arbeidsforholda for dere som har med maten å gjøre?

- Jeg synes denne nye ferja er noe av det beste jeg har vært om bord i. Vi har selvbetjening her, hvilket er selvsagt arbeidsbesparende for oss. Lokalene er lyse og trivelige og avluftinga er god her om bord. Sist, men ikke minst, støyen er betraktelig redusert i forhold til det jeg er vant med.

- Mat og annet selges kun nede i røykesalongen. Har dere fått noen reaksjoner på det?

- Maten tildekkes alltid, så røyken har ikke noe å si for hygienen. Ellers klager jo folk litt fordi vi ikke har kiosk oppe i ikke-røyker-salongen. Forøvrig er folk fornøyd med forholdene – vi hører i alle fall mest positive kommentarer. "

Den nye «Solbakk» i 1978 med tre raude ringar i skorsteinane.    

Edith Strand blei intervjua, men bildet av henne kom ikkje på trykk i avisa. Det låg trygt lagra i Stavanger Byarkiv. Dermed blir det nå publisert etter over 40 år. Ho er framleis oppegåande og bur på Tau.

Tau-ferjene hadde skikkelig restaurasjon heilt frå fyrste «Tau» begynte å gå i 1961. Då var det kiosk både i øvre og nedre salong. Forsyningane til øvre salong gjekk i heis frå restaurasjonen under dekk.

Tordis Mortensen var den fyrste restaurtøren på «Tau» .
 Tordis Mortensen var restauratør på «Tau» dei fyrste åra. Det var ho som introduserte ertersuppa som trekkplaster for ferjepassasjerane over Hidlefjorden.

Tordis «Sissi» Berg var restauratør på den fyrste «Strand» som kom i 1966. Ei fantastisk gilde dama som eg blei godt kjent då eg var ferieavløysar på den ferja i min grønne ungdom. 

Røyking om bord var blitt eit tema som blei diskutert, men så vidt eg forstår var det ikkje nokon glassvegg på den tida som skilte mellom røyk og ikkje røyk i nedre salong då «Solbakk» var ny. Slikt kom seinare. Røykedebatten blei berre meir og meir heftig i åra som kom. I dag er det røykeforbud på ferjene i fjordane. 

Viss du kikkar tilbake på forrige blogg kan du skimta eit askebeger i vinduskarmen i styrehuset på bildet av kaptein Knut Skipanes. Eg veit ikkje om røyking er akseptert i styrehuset på ferjene i dag.

Tek gjerne mot innspel om både restaurasjon på ferjene og om røyke-problematikken. Interessante kommentarer på facebook limer eg inn i bloggen etterkvart.

(RA-reportasjen som eg refererer til i bloggen var laga av journalist Kjell O. Lien og fotograf Harald E. Einarsen.)

Kommentarer på Facebook:

Hilde Synnøve Håvardsen Hugsar eg som jentunge var sur, fordi kiosken var i røykesalongen. Ganske tøffe tider for oss som ikkje tolte røyk, og det var mange astmaungar som sleit skikkeleg i dei tider.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar