søndag 16. september 2018

Den stødige skipperen på «Solbakk»


Kaptein Knut Skipanes på veg til Tau med den nye ferja fotografert av
 Harald E. Einarsen.  Bildet tilhøyrer Stavanger Byarkiv.

- Vi på brua er mer enn fornøyd med den nye ferja.

Kaptein Knut Skipanes var klar i talen då han uttalte seg til Rogalands Avis eit par dagar etter at den flunkande nye «Solbakk» blei sett inn i Tau-ruta 28. juli 1978.

Den då 50 år gamle mosterøybuen var administrerande kaptein om bord.

Skipanes påpeikte at det var lite støy om bord. Trappene var heller ikkje så bratte som på eldre ferjer. Og vinduspussarane var forbetra. Dessutan var det plassert ein radarskjerm i manøvreringspulten i kvar ende av styrehuset. Dermed slapp ferjeføraren å gå til ein skjerm plassert midt i styrehuset når han skulle sjekka kva som rørte seg i leia.

«Solbakk» ved Fiskepiren. Foto: Kåre Haga.
Det virkar som om det er ferja «Tau» kapteinen har i tankane når han reknar opp forbetringane om bord i «Solbakk». Ankepunkta mot «Tau» som kom året før, var at det var mykje støy, spesielt i nedre salong, bratte trapper og tungvint tillaga for dei som skulle jobba i styrehuset.

Knut Skipanes var ein av mange øybuar som gjekk om bord i Stavangerske-båtane i 1950- og 1960-åra. Då sildefisket svikta, var det mange mannfolk i Rennesøy kommune som måtte sjå seg om etter nytt arbeid. Stavangerske blei eit alternativ for mange. Dette er forklaringa på at øybuane blei påfallande mange om bord i fjordabåtar og ferjer.

Før Knut Skipanes gjekk om bord i Stavangerske-båtane, hadde han seilt til sjøs. Han gjekk på styrmannsskule og skipperskule. Broren, Sverre, var også sjømann. Mange hugsar han som matros og rormann på ferja «Rennesøy».

I 1961 kom Knut Skipanes om bord i flaggskipet til Stavangerske: «Haugesund». Denne rutebåten er den flottaste som gjekk i rutefart på norskekysten i etterkrigstida. Det veit alle som har sett seg inn i 
dette spørsmålet.


Kapteinane på «Haugesund» då den gjekk siste tur over Boknafjorden i februar 1973. Georg Nesvik, til venstre, og
Knut Skipanes. Dette bildet sto i Rogalands Avis i 1973. Fotograf: Thor Bjarne Bringeland.


På «Haugesund» blei Skipanes verande heilt til båten gjekk sin siste tur over Boknafjorden i februar 1973. Han hadde mange år som overstyrmann og andreførar her. Kapteinen og overstyrmann gjekk skift to dagar på og to dagar fri.

Knut Skipanes var ein dyktig sjømann, stillfarande og gild, godt likt av alle som møtte han.

Då «Haugesund» forsvann, var Knut Skipanes på Skudenes-ferjene fram til han fekk jobben som administrerande kaptein på «Solbakk». Her blei han verande fram til han overtok den nye Tau-ferja «Strand» som han tok ut frå Sterkoder Mek. Verksted i Kristiansund som ny i april 1982.

Knut Skipanes seilte på Hidlefjorden med «Strand» til han pensjonerte seg i1988. Han døde i 1992, 64 år gammal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar