torsdag 20. september 2018

Matros med lange underbukser


Dekksplassen blei skikkeleg utnytta når matros Inge Eiane dirigerte
bilane på plass. Bildet tilhøyrer Stavanger byarkiv.


Nokre få varmande solstråler fekk ikkje matros Inge Eiane til å gå bananas i kleskapet. Han brukte lange, kvite underbukser uansett temperatur. Så mange gonger som han hadde frose og lidt vondt på sjøen opp gjennom åra hadde han ingenting mot å ha det litt i det varmaste laget av og til.

Ferjematrosen frå øya Sokn i Rennesøy kommune hefta seg ikkje med moteluner. Han kledde seg praktisk og greit. Arbeidet skulle gjerast, fort og greit.

Inge Eiane fekk tidleg prøva seg på sjøen. Som 15-åring blei han hyra inn som kokk på brislingfisket i 1931. Med Eiane-familien si fiskeskøyta «Prøven» fekk han røynt seg i mange år. «Prøven» var ei svenskeskøyta frå 1905. Det var faren og onkelen som kjøpte skøyta i 1920. Seinare overtok Inge og broren Jon. Dei var med på alle typar fiske der det var pengar å henta. Brisling, sild og i etterkrigsåra tråla dei reke utanfor Jærens Rev.

Med den over 50 år gamle skøyta med ein Volda-motor frå 1941 låg Inge og broren Ola Eiane og vaka utpå Jærhavet på jakt etter rekefangstar som dei leverte i Sirevåg eller Egersund.

Kona til Inge, Kristine, sukka letta ut den dagen mannen tok til vitet og reiste til byen for å spørja etter matros-jobb i Stavangerske. Kan du tenkja deg alle dei dagar og netter ho hadde gått heime på Sokn og engsta seg for mannen og svogeren som var på fisket. Ikkje rart at ho hadde teke på seg vervet som kontaktperson for Den Indre Sjømannsmisjon i Mosterøy kommune.

I 1958 gjekk fiskaren frå Sokn om bord i fjordabåten «Rennesøy». Dette var ingen kvileheim for utslitne fiskarar. Her måtte matrosane bala med krettur, mjølkespann, mjølsekker og tomatkassar frå morgon til kveld. «Rennesøy» var innom åtte kaiar frå den gjekk frå Sørbø om morgonen til båten var framme i Stavanger på føremiddagen.

Det blir fortalt at ein mann som møtte i retten, blei spurt om han var tidlegare straffa: - Nei, svara han, men eg har vore matros eit år i Rennesøy-ruta.


Her er ein konsentret Inge Eiane i full gang med å samla inn billettar på øvre dekk på «Solbakk» i august 1978.
 Bildet tilhøyrer Stavanger Byarkiv. 


I 1966 hadde Inge Eiane sona si straff på «Rennesøy». Då gjekk han om bord i den flettande nye Tau-ferja «Strand». Jobben her var reine ferien for ein som hadde åtte år bak seg på «Rennesøy». Men dette var ein matros som tok jobben på alvor. Slarv var aldri aktuelt.

Grunnen til at eg kan skildra Inge Eiane så inngåande: Eg var ferie-avløysar som matros om bord i «Strand» fire somrar på rad frå 1967. Dei to matrosane på «Strand» delte lugar i baugen. Då kunne eg ikkje unngå å leggja merke til at lugarkameraten hadde lang underbukse og kommenterte sjølvsagt det. Han sa som det var. Korte underbukser bruka han aldri. Eg tykte jo som 18-åring sjølvsagt at Inge Eiane var steingammal med sine 51 år. Det er rart, men i dag ser eg av ein eller annan grunn på 51-åringar som ungdommar.

I den tida hadde mannskapet sjølv ansvaret for sin eigen mat. Som regel så gjekk dei saman og laga middag. Inge Eiane med sin bakgrunn som kokk på brislingfisket sto ofte for kokinga. Rett som det var kom han med eigen tørrfisk. Den hadde han personleg fiska, gjort opp og tørka på løeveggen heime på Sokn. Kanskje hadde han med sjølvdyrka poteter også. Det kan eg ikkje hugsa. Men det blei billeg og god middag for skipskameratane.

Inge Eiane som jordbærseljar. Bildet
sto i Aftenbladet i juli 1978.
Den påpasselege mannen gjorde ikkje mange tabbar som eg hugsar, bortsett frå ein.

På den tida gjekk styrmannen rundt og selde billettar til dei reisande etter at ferja hadde gått frå kai. Etterpå var det ein av matrosane sin jobb å sjekka at alle hadde betalt for turen. Han samla inn igjen billettane som deretter blei levert til kapteinen oppe i styrehuset.

Ein ettermiddag sto eg på akterdekket då ferja hadde klappa til kai på Tau. Då kom det ein del folk til meg og leverte billettane sine. - Det var ingen som kom og samla billettar i nedre salong, fortalde dei.

Då blei eg overraska. Det var Inge Eiane som hadde vore rundt etter billettane.

- Var du ikkje i salongen nede og samla billettar, spurde eg Inge etterpå.

Då blei han flau.

Du ser det at Inge Eiane var ein levande interessert pelsdyr-oppdrettar. Han hadde mink. Viss du søkjer på navnet hans i Aftenblad-arkivet, dukkar han opp på den eine pelsdyr-utstillinga etter den andre. Minkane hans fekk premie både nå og då.

På denne turen rundt på ferja for å samla billettar, støytte han på ein minkamann frå Strandalandet. Før han visste ordet av det hadde han fortapt seg i ein samtale om mink og pels og prisar og den slags. Då han reiv seg laust frå denne samtalen, gjekk han rett i mannskapsmessa utan å sjekka nedre salong.

Du må ikkje fortelja dette til skipperen, sa Inge. Det gjorde eg ikkje. Nå er det så lenge sidan at eg deler det med dei som har greidd å lesa så langt i denne bloggen.

Då «Strand» måtte vika plass i Tau-sambandet for den nye pendelferja «Tau» i 1977, gjekk Inge Eiane over på den nye ferja. Denne ferja var det ein bråte problem med. Den fekk motorstopp og gjekk på land og allslags. Året etter kom «Solbakk» som var ei forbetra utgava av «Tau». Inge Eiane skifta ferja igjen og blei på «Solbakk» til han gjekk av med pensjon.

Han dreiv ikkje berre med småfiske og minka-oppdrett på fritida. Jordbær-åker hadde han også heime på Sokn. På Torget i byen blei jordbæra frå Sokn selde anten av Inge Eiane sjølv eller ein av dei tre sønnene. Dei var oppe yrtidleg om morgonen og plukka bæra som enda på Torget i byen same dag.

Kristenlivet var levande og aktivt på øyane der Inge Eiane og familien budde og sjølv var han ein pynteleg mann på alle måtar. Eg kunne ikkje dy meg, men måtte stilla spørsmålet til ein lokalkjend mann.

- Var Inge Eiane bedehusmann?

- Nei. Men han gjekk på basarane, fekk eg til svar. 

Han mangla ikkje mykje på å fylla 90 år då han døydde i 2006.

Ein gilde mann!

( Opplysningane om fiskeskøyta «Prøven» har eg henta frå boka "Rennesøy fartøyhistorie. Frå dei eldste tider til i dag". Boka kom ut i fjor) 

2 kommentarer:

  1. Hei Jone Laugaland,
    (prøvde å legge inn en kommentar i sta, men tror jeg mislyktes) mitt navn er dag Johan Eiane og jeg er eldste sønn til Inge og Kristine Eiane. Detet var hyggelig lesning. Vi kjenner ikke hverandre, men jeg har hørt om deg i veldig positive ordelag fra far i utallige anledninger.
    Om du er villig til det så ville jeg gjerne kommet i kontakt med deg. Kan du i så fall sende meg en sms på 958 30 604 så vi kan utveksle e-mail adresser?

    Mvh
    Dag Johan Eiane

    SvarSlett