lørdag 6. januar 2024

Torger Kalheim - var også med «Fisterfjord» til England!

 

Kaptein Torger Kalheim på brua på "Ombofjord". Bildet tilhøyrer Håkon Eide.



Torger Kalheim var med «Fisterfjord» over Nordsjøen til England for snart 100 år sidan. Rutebåten frå Ryfylke var lasta med 8400 korger med bær på denne turen.


Dårrit Kalheim
Ågesen.

Dette fortalde dottera til Torger Kalheim, Dårrit Kalheim Ågesen. Ho døydde i november i fjor. Då var ho 93 år gammal. I alle år var ho levande interessert i Jøsenfjord-selskapet.


Faren, Torger, var ein av tre Kalheim-brør. Magnus, Johan og Torger. Dei var alle kapteinar på rutebåtane. Magnus var fyrste skipperen på «Fisterfjord». Då han gjekk i land for å bli disponent i rederiet, overtok Johan som kaptein der. Torger var kaptein på «Ombofjord» og seinare på «Erfjord» i mange år fram til han blei pensjonist i september 1950.


I dag er det ikkje lett å fastslå om han var styrmann eller matros på Nordsjø-turen.


Aftenbladet skreiv om Torger Kalheim då han blei pensjonist. I denne omtalen står det at han begynte som matros om bord i «Fisterfjord» då den blei sett i fart i 1921. Kva tid han skaffa seg skipsførar-papirer og avanserte til styrmann og skipper, står det ingenting om i avisa.


Torger Kalheim var 65 år då han blei pensjonist. - Ingen som ser han på brua, skulle tro det. Han er så frisk som noen ungdom og kunne stått i mange år ennå. Men livet på en lokalbåt er ikke nettopp av det letteste. Torger Kalheim har gjort sin innsats. Nå vil han heim til Kalheim på Ombo der han er fra, sto det i Aftenbladet i 1950.


Torger Kalheim blei 82 år gammal.


Nå har me greidd å finna navnet på fem av dei som var mannskap på «Fisterfjord» på turen over Nordsjøen i 1924: Kaptein T. C. Strømberg, Magnus Kalheim, Otto Aukland, Åge Ågesen og Torger Kalheim. For dei planlagde turane i 1925 var Ommund Torgersen innhyrt som kaptein, sto det i ei avis. Det blei med ein tur som Torgersen truleg var med på. Det har vore uråd å finna fleire navn ved å søka i avis-arkiva.


Kor vidt det finst mannskapslister i offentlege arkiv, har eg ikkje undersøkt. Eg er heller ikkje skråsikker på om alle desse karane var med på den fyrste turen i 1924 eller den andre i 1925.


Forresten var det to passasjerar med på Nordsjø-turen i 1925. Magnus Kalheim, som var med på turen i 1924 som mannskap, var nå i 1925 med som passasjer saman med kona Karen. Dei gjekk i land i Newcastle og skulle vera der til «Fisterfjord» kom igjen med neste last med solbær. Men det blei ikkje nokon ny tur. Ekteparet Kalheim måtte finna seg ein annan båt som kunne ta dei med heim igjen. 


- I den nye kultursoga for gamle Sjernarøy kommune der heile Ombo er inkludert, blir det mykje om båtar, båtruter og historien til Jøsenfjord-selskapet og DSD, opplyser Håkon Eide som er medlem i bygdeboknemda. Hans Eyvind Næss er forfattar. 


Velkommen med innspel!

1 kommentar:

  1. Flotte greier Jone!
    Du graver godt og du skriver godt.
    Bare fortsett på den måten, så dukker det nok opp enda flere interessante folk og tema!

    SvarSlett