lørdag 13. januar 2024

Madla-kyrne jaga sporhunden som søkte etter Kåre Palmer Holm

 

Fenrik Randulf Gimre hadde ingen suksess med sporhunden
Sami i jakta på Kåre Palmer Holm. Men Gimre blei seinare
sjef for Forsvarets hundeskole. Her er major Gimre
fotografert av Aftenbladet i 1987 med hunden Lobo.



Då Stavanger-politiet fekk melding om at rømlingen Kåre Palmer Holm hadde overnatta i ei løe på Revheim ei natt i juli 1959, sende dei bod på fenrik Randulf Gimre på Soma. Han var eigar av den dyktige schæferhunden Sami som skulle vera i stand til å snusa opp rømlingen som med stort hell hadde leika gjømmeleken med politiet i dagesvis. Stavanger-politiet disponerte ikkje eigen hund på den tida.


Men det tok tid før Sandnes-politiet sin bil med sporhund og eigar kom fram til Revheim. Dei rota litt med å finna vegen fram til garden der unge Vidar Revheim hadde oppdaga Kåre Palmer Holm i løa. Han somla nok litt før han varsla politiet. Dermed fekk rømlingen eit forsprang før politiet kom på plass.


Det gjekk endå lengre tid før sporhunden Sami var klar til søk. Då hunden begynte å snusa seg nedover beitet der kyrne gjekk, blei det eit spetakkel utan like. Kyrne sprang etter sporhunden og jaga den av garde. Hundeførar Gimre og sporhunden Sami måtte søka dekning og melda pass.


Politiet på leiting på Revheim i juli 1959. Bildet frå fyrstesida på 
Aftenbladet 15-7-1959.



- Av en eller annen grunn slår kyrne seg ganske vrange når det kommer en fremmed hund til gårds, sa fenrik Gimre til Rogalands Avis.


Seinare fortalte Kåre Palmer Holm at hunden hadde snusa på skorne hans. Men om det er sant, er det ingen som kan vera sikker på i dag.


Stavanger-politiet hadde ikkje sporhundar i 1959. I Oslo og eit par-tre andre byar, derimot, var det politihundar. Eg har søkt i Aftenbladet sitt arkiv og fann eit interessant lesarbrev frå 1963. Ein mann, Bjarne Johannesen, vil vita koss det sto til med hundar i Stavanger og Rogaland. Var det ikkje ein idé at både Stavanger politikammer og Rogaland politikammer skaffa seg ein hund kvar, spurte han.


Politimeister Olav R. Lea i Stavanger-politiet opplyste at politiet litt tidlegare hadde skaffa seg to hundar som skulle dresserast. Dessverre døde den eine hunden, og den som eide den hadde ikkje skaffa seg ein ny, men den andre var i full vigør og ville truleg bli godkjent som politihund alt same haust.


-Johan Willy Holm hadde truleg den fyrste polithunden ved Stavanger politikammer, seier Ole Bratland. I dag er Bratland 82 år gammal. Han fekk fast jobb som politibetjent i Stavanger i 1965. Eit eller to år seinare fekk han hunden Leo. Dette var ein sporhund som kunne leita opp sakna personar og folk som var på rømmen frå politiet.


Johan Kallelid var også ein av dei fyrste med politihund i Stavanger.


Viss nokon veit meir om politihund-historien i Stavanger, er eg klar for innspel.


Kommentarer på facebook: 


Kåre Ingve Monsen

Huske godt Randulf å Sami. Randulf budde rett på siå av Hanabanen å me onga va alltid fassinerte då Randulf trente Sami. Av å te blei me spurde om å springa avgåre å gjømma oss. Det va sjølsagt spennane å finna en lure plass, men det gjekk ikkje mange minuttane før Sami fant oss.

Bjørg Berge
Sami var oppkalt etter barna til Randulf. Sjalg Arild og Mona Iren

Øyvind Roth
Min far Per Roth som ble ansatt som politikonstabel ved Stavanger politikammer i 1 jan 1937 skaffet seg en schäferhund og brukte den tidvis i tjeneste. Antar det hele var relativt uoffisielt. Han trente den slik som vi ser på film med armbeskyttelse og hvor hunden angriper og låser seg på armen.
Da det oppsto en situasjon hvor han ga kommando om å gå på en vanskelig arrestant gjorde hunden ,som het Tyra , det den var opplært til, nemlig å låse seg på hans arm😀.
Hvordan historien var videre med hunden i tjeneste vet jeg ikke.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar