mandag 15. januar 2024

Politihunden Rex - fyrste med fast jobb i Stavanger

 

Politihunden Rex og politikonstabel Gunnar Sæbø var den 
fyrste politihund-ekvipasjen i Stavanger.




Politihunden Rex var den fyrste hunden i fast stilling ved Stavanger politikammer. Dette skreiv Rogalands Avis 20. juni 1964. Avisa hadde ein stor reportasje om den to år gamle schæfer-hunden og eigaren, politikonstabel Gunnar Sæbø. Den kommande hausten ville det truleg vera endå ein politihund på politikammeret. På budsjettet var det pengar til to hundar.


Gunnar Sæbø overtok hunden, med flott stamtavle, då den var åtte veker gammal. Sæbø fekk hunde-interessa då han var politiaspirant i Bergen. Der hadde dei tre godkjente politihundar. I Oslo var det 14.


Han fekk oppfordring frå politisjefane om å starta med hundetrening. Dei var to kolleger som starta med hundetrening, men den andre hunden døde. Rex tålte treninga og blei kursa både i schæferklubben og fleire plasser på Austlandet før den nå var klar for tjeneste.


Rex på fyrstesida i Rogalands Avis i juni 1964,



Hunden måtte trena kvar dag og ein dag i veka, var det trening heile dagen. Det var ei lang rekke med disiplinar ein måtte gjennom før hunden blei godkjent, går det fram av avisreportasjen.


Gunnar Sæbø advarte mot å overdriva politihundens betydning sjølv om den var uovertruffen i ettersøking og jakt på forbrytarar. Du måtte ha hatt mange mann på leiting for å få den same effektiviteten. Men av og til gjekk det dårlegare. For eksempel viss journalistar og andre nysgjerrige øydela spora dersom dei gjekk og vasa i det same terrenget.


Overskrifta på avisreportasjen.



Ein tjuv som stakk av i terrenget hadde ikkje store sjansen viss Rex kom raskt på plass. Ein mann som får ein politihund i helane, pleide å gi seg raskt. Ingen spøk å stå overfor ein scæferhund, fortalde Gunnar Sæbø som la til at det hende dei måtte ta forbrytaren med til lege for behandling for bitt.


Gunnar Sæbø hadde med seg Rex på nattpatrulje. - Ein føler seg trygg når ein har hunden med, fastslo han.


100 kroner var månadslønna for Rex i 1964. Ikkje meir enn det måtte vera, meinte eigaren.


- Ingen problemer hjemme med plutselig å få et stort dyr i huset, spurte RA-journalisten.


- Tja, sier Sæbø. Det er iallfall en ekstra mann i kosten som spiser like mye som resten av familien tilsammen. Men kona liker Rex og vår to år gamle Anne stortrives med den.


- Rex fekk ingen lang karriere som politihund. Han fekk kreft og enda sine dagar i 1966, opplyser Anne som nå er 62 år gammal og fersk pensjonist frå reklameavdelinga i Aftenbladet.


Politihund-reportasjen var laga av journalist Knut Joner og fotograf Egil Eriksson.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar