torsdag 4. januar 2024

Åge Ågesen var med på «Fisterfjord» til England

 

Åge Ågesen frå Ombo var i sine unge år med
 på "Fisterfjord" til England.


Åge Ågesen frå Ombo var med som mannskap då «Fisterfjord» gjekk over Nordsjøen lasta med solbær frå Ryfylke for snart 100 år sidan. I romjula hjelpte velvillige folk i Aftenbladet meg med ei etterlysning etter navn på folk som var med på ein av dei mykje omtalte turane frå Stavanger til Newcastle. Då har me fått tak i eit nytt mannskapsmedlem.


"Fisterfjord" endra utsjånad fleire gonger frå den var ny i 1921. Dette bildet viser
koss den såg ut i 1920-åra.



Det var i alt ni mann om bord på desse turane. Sjølv om eg har leita gjennom allslags gamle aviser har det ikkje vore lett å komma fram til meir enn navn på den innleigde kapteinen for turen, T. C. Strømberg, og den faste kapteinen på «Fisterfjord», Magnus Kalheim.


Til slutt dukka Otto Aukland frå Ombo opp som eit navn. Då han runda 70 år, sto det omtale i avisa der turen over Nordsjøen blei nevnt. Dermed var han notert. Men ingen fleire før stykket kom i Aftenbladet.


Årstein Ågesen les avisa og sende melding. - Min far, Åge Ågesen, var med. Det var ein opptur. Denne mannen var fødd i 1905 og hadde ein karriere på fjordabåtane til Jøsenfjord rutelag, var meldinga.


Mykje av tida tjenestegjorde han i maskinen på «Ombofjord». Etter ein del år gjekk han i land og blei gardbrukar på Nedre Jørstad. Han døydde i 1969, 63 år gammal.


Årstein Ågesen, yngste sonen til 
nordsjøfarar Åge Ågesen.



- Far fortalde ikkje så mykje meir enn at han var med i denne farten i sin ungdom. Eg kan ikkje hugsa ei einaste historie som han fortalde. Heller ikkje veit eg navn på andre som var med på desse turane, seier Årstein Ågesen. Han er yngst i syskenflokk på ni og fødd i 1942.


Brureparet Severine og Åge Ågesen.



Åge Ågesen og Magnus Kalheim, «Fisterfjord»-kaptein og seinare Jøsenfjord rutelag-disponent  var svograr og gift med kvar si syster, Karen og Severine.


Årstein Ågesen har også fartstid "på bådane". Ikkje all verda, rett nok, men han var ferie-avløysar på «Erfjord» ein sommar i 1950-åra. Seinare blei han forskalingsnikker. I dag er han pensjonist og bur i Kvernevik i Stavanger saman med kona Signy, også ho kjem frå Ombo.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar