onsdag 17. januar 2024

Politihund-trioen Leo, Ali og Max i Stavanger

 

Her pustar hundar og eigarar ut etter trening i Melsheia ein gong på slutten av 1960-talet. Frå
venstre Ole Bratland og Leo, Tor Smith og Ali og så Johan Kallelid med Max.
 Foto: Egil Eriksson. 



Trioen Johan Kallelid, Ole Bratland og Tor Smith var mellom dei fyrste som etablerte seg med politihundar ved Stavanger politikammer. Gunnar Sæbø hadde den aller fyrste offisielle hunden, sto det i Rogalands Avis i 1964. Men denne hunden, Rex, blei sjuk og var ferdig i 1966.


I løpet dei neste åra kom så Johan Kallelid med hunden Max, Ole Bratland med Leo og til slutt Tor Smith med Ali. Alle hundane var schæferar.


Politihundane var med eigarane sine på jobb, for det meste på nettene.


Dei tre polititjeneste-mennene og hundane hadde felles treningar i fleire år. Kvar torsdag var dei ute i skog og mark på felles trening heile dagen.


Narkotika-hundar blei svært aktuelt på slutten av 1960-talet. Spesial-trente hundar hadde vist seg svært dyktige til å snusa seg fram til narkotika på dei mest utrulege gøymestader.


Styret i Stavanger Sparekasse meinte at Stavanger-politiet absolutt burde ha narkotikahund. Dei ville betala for hunden, men dette blei avslått av departementet av prinsippielle grunnar. Staten skulle betala for alle typer utstyr til politiet. Dette standpunktet undra dei seg over i Stavanger. For i Bergen hadde forsikringsselskapa slått seg saman og kjøpt narkotikahund til politiet, sto det i avisene.


Fyrsteside-oppslag i Rogalands Avis 16. april 1971.



Rogalands Avis tok kontakt med dei tre politihund-eigarane i Stavanger for å få vita om desse hundane kunne passa til narkotikahundar.


Politioverkonstabel Tor Smith skildra dei tre hundane i eit intervju med Rogalands Avis i 1971: Kallelid sin Max var den grundigaste på søk. Bratland sin Leo var den raskaste til å søka, men kanskje den ikkje var grundig nok. Dobermannen til Smith var berre 22 månader på dette tidspunktet. Den var kanskje den som hadde størst sjansar til å bli narkotikahund, meinte eigaren.


Men det viste seg å vera meir komplisert å få narkotikahunden på plass i Stavanger.


- Johan Kallelid, Tor Smith og eg hadde kvar sin schæfer, fortel den i dag 82 år gamle Ole Bratland.


Overkonstabel Tor Smith og dobermannen Bob i Rogalands Avis
16. april 1971.



Desse tre blei alle kåra, som det blei kalla, til politihundar. Dermed kunne dei brukast i arbeidet i politiet. Men dette var berre fyrste trinnet i godkjenninga. Seinare skulle dei få endeleg godkjenning. Då kunne dei brukast til skarpe oppdrag. Schæferen til Tor Smith, Ali, blei ikkje godkjent. Men Forsvaret var interessert og overtok den hunden. Seinare hadde Tor Smith dobermannen Bob. Den blei heller ikkje narkotikahund.


Det var ikkje så lett å skaffa Stavanger-politiet sin fyrste godkjente narkotikahund. Den blir tema for neste blogg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar