Kåre Palmer Holm fekk rikeleg avis-omtale i 1948 då han var på rømmen utkledt som kvinne. |
For kort skjørt og for mye hårvekst på beina avslørte «rømningseksperten» Kåre Palmer Holm då han var på rømmen i Trøndelag, utkledd som kvinne som verken høyrte eller kunne snakka. Den ettersøkte Stavanger-mannen blei tatt av polititet på Røros-toget på Trondheim stasjon.
Denne meldinga gjekk landet over i august 1948. Forkledninga var så spesiell at heile stasen kunne havna på kriminalmuseet, sto det i avisene. Det ville då bli laga ei voks-dokka i full Holm-størrelse med nøyaktig kopi av ansiktet, sminka og stasa opp som kvinne. Håret ville bli dekka av det raude skautet og ellers ville figuren bli iført både damegenser, skjørt og hofteholdar. Men dersom klærne var tjuvagods, skulle dei tilbake til eigaren.
I Rogaland blei han ein kjendis for folk flest fyrst ti år seinare etter at han blei mistenkt for skapsprengningar på Sola postkontor og i Finnøy sparebank.
Så det var ein landskjent vinningskriminell som brått sto som ein fri mann på Lagårdsveien i Stavanger ein søndags føremiddag i juli 1959. Han hadde firt seg ned frå taket ved hjelp av eit tau laga av lakenstrimler og tatt seg over eit høgt gjerde ut på gata. Ikkje ein kjeft hadde sett han, verken tilsette i fengslet eller naboane. Nå kunne han stikka av igjen. Kva ville gentlemannsforbrytaren finne på denne gongen?
Sikkert litt pinligt for politiet og resten av øvrigheta at Kåre Palmer Holm var ute på farten igjen. Folk flest såg vel fram til spennande oppslag i avisene i dagane som kom. Forventningane blei heilt sikkert innfridde! Det blei ein flukthistorie og politijakt med tilhøyrande pressedekning som ein ikkje har sett maken til i Rogaland, verken før eller seinare.
Mediakjøret med Kåre Palmer Holm i hovedrollen starta etter skapsprengningen i Finnøy sparebank natt til 11. april 1959. Saman med ein kamerat drog dei med motorbåt til Finnøy og tok seg inn i banklokala der planen var å tømma pengeskapet for alt av verdi. Men skapsprengar Holm greidde ikkje jobben. Det blei gjort så stor skade på døra i safen at dei tilsette i banken heller ikkje greidde å åpna døra. Det gjekk fleire dagar før spesialistar klarte å åpna pengeskapet.
Kort tid etterpå var Holm på ferde igjen. Då sprengte han safen på Sola postkontor og fekk med seg 30 000 kroner.
Politiet meinte det var same folka som sto bak begge desse jobbane. Då gjekk dei ut med etterlysning med navn og bilder av dei mistenkte.
Året før, i mai 1958, var Holm dømt til 18 månaders fengsel i Gulating lagmannsrett for innbrot hos Herredskasseraren i Randaberg, innbrot og tjuveri på Sola trygdekontor og Sola Elektro. På Randaberg hadde han fått med seg 38.000 kroner.
Denne saka hadde Kåre Palmer Holm begjært gjenopptatt. Av den grunn var han på frifot.
Men då han blei mistenkt for skapsprengning på Finnøy og ein liknande og meir velluka jobb på Sola, var det slutt på anonymiteten for Kåre Palmer Holm. Nå blei alle i Rogaland kjent med han. Den 36 år gamle Stavanger-mannen blei ein av dei mest omtalte menn i fylket resten av 1959.
Dette var tredje bloggen min om Kåre Palmer Holm. Kjem snart meir om denne spennande mannen som for alle oss som var unge og lovande i 1959.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar