HOLM – fakket på Tau, meldte Rogalands Avis. Fyrstesida var rydda for den store kriminal-saka som heile Rogaland og halve Norge var oppslukt av. Den hadde pågått i nærare to veker då banditten Kåre Palmer Holm blei tatt av lensmannsfolka på Tau onsdag 23. juli 1959.
36-årige Holm rømte frå fengslet på Lagårdsveien i Stavanger søndag 12. juli og hadde leika katt og mus med politiet i dagesvis då han blei funnen sovande i ein motorbåt på fjorden utanfor Tau. Alle avisene brukte stor plass på politijakta og lesarane blei svært engasjerte i saka. Det verste av alt: Det store fleirtalet var heilt på rømlingen si sida. Mange var litt leie seg då han blei arrestert så pass fort.
Aftenblad-teiknar Henry Imsland kommenterte også politi-jakta på rømlingen. |
Stavanger-mannen Kåre Palmer hadde vore ein kjenning av politiet, journalistane og avislesarane i mange år då denne rømmehistoria foregjekk i den beste agurktida i juli 1959. Kriminell var han, men ikkje farleg, blei det sagt. Skapsprengningar, innbrot og all slags tjuveri. Og så var han på rømmen rett som det var.
Etter å ha overnatta i diverse løer i Stavanger-området dei dagane han hadde vore på frifot, var gentlemans-forbrytaren nå på veg mot Ryfylke. Han stal ein motorbåt på Hundvåg og sette kursen innover fjordane. Men han fekk motorstopp utanfor Strandalandet og la seg like godt til å sova i kahytta.
To guttar frå Jørpeland, Helge Thorsen og Tor Sander Helland, var ute på fisketur. Dei oppdaga båten og trudde den var tom. Dei tok båten på slep inn til Tau. Den alltid vakne forbruksbestyraren på Tau, Johannes Stensen, oppdaga mannen i kahytta og ringte til lensmannskontoret i Strand.
Lensmannsbetjent Skjørvestad med lensmann Haugen hakk i hæl var raskt på pletten og tok hand om den berømte rømlingen.
Journalistane i Stavanger fekk fort greie på at jakta på Kåre Palmer Holm nå var slutt.
Politifolk frå byen kom til Tau og tok med seg rømlingen på rutebåten «Fjordbris» tilbake til byen om kvelden. Rogalands Avis sin mann, Kjell Langholm, var på kaien og fotograferte og rapporterte slik:
"Holm var kledd i kofte og en gammel overall, men var ellers bar på overkroppen. Han var skjegget og virket trøtt. Likevel smilte han og vinket til tilskuerne som på et øyeblikk samlet seg om opptoget fra båten til drosjen.
- Hallo, ropte han muntert, da navnet Holm ble nevnt fra flere kanter.
Så gikk han rolig inn i drosjen og satte seg sammen med politifolkene."
Og avisa fekk med seg at det var sjåfør Brattås som sat bak rattet i drosjebilen. Bildet av han kom også med på fyrstesida dagen etterpå.
Tenk det, du. Det var ikkje ein politibil som venta på kaien i byen. Politiet brukte drosjebil då dei frakta rømlingen tilbake på cella i fengslet på Lagårdsveien.
Det kjem fleire Holm-bloggar i tida som kjem!
Kommentarer på Facebook:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar