torsdag 26. august 2021

Laugaland – frekkaste ordføraren Hjelmeland har hatt!

 




Johannes Laugaland (1874 - 1962) var ordførar i 
Hjelmeland frå 1916 til 1931.


Hr. Laugaland er den frekkaste ordføraren Hjelmeland har hatt! Han skyttar ingen midler for å nå sine mål. Heilt sidan han kom med i offentleg styre har han vore ein svoren fiende av skule og lærar.


For ordens skuld: Dette handlar ikkje om nåverande ordførar i Hjelmeland, Bjørn Laugaland. Den frekkasen som er skildra slik av lærar Jone Eiane for snart 100 år sidan, var Johannes Laugaland, og han var bestefaren min. Dei utsegnene om bestefar min som blir referert, er påstandar frå denne  Jone Eiane. Det er mange i Hjelmeland som ville vore svært uenige i hans syn på mannen. 


Johannes Laugaland var ordførar i Hjelmeland frå 1917 til 1931. Det var tronge tider, ikkje minst i deler av 1920-åra. Dette fekk dei merka i skulen med kutt i veketalet med undervisning og lærarane måtte gå ned i lønn.


Læraren i Askvik skulekrins, Jone Eiane, fekk merka dette på kroppen. Når han skriv i skuleprotokollen om ordføraren er nok synet på han farga av koss skulen blei behandla i desse åra. I tillegg var dei på kollisjonskurs både når det gjaldt målstrid og kristendom. Bestefar min var riksmålsmann og høyrde til dei konservative i kristenflokken. Jone Eiane var ihuga nynorsk-forkjempar og Kinamisjon-tilhengar.


Ordføraren blir omtala som ein hovding som skjønar seg på å få fram sine åndsfrendar. Mange som er negative til skulen vil gjerne vera med på hans lag.


- Men dei beste tropper har han sjølvsagt i Vormedalen. Derifrå kjem også slike som ikkje vågar å ha andre meiningar enn dei som er sensurert av hr. Johannes. Difor ser med både Tore Laugaland (bestefar til nåverande ordførar) og Hans Mæland er komne med. Ein skulle tru ein var i Italia under Mussolini, skriv Jone Eiane.


Hans Mæland var skulestyreformann det meste av tida medan Johannes Laugaland var ordførar. Dei to var ein farleg duo, meinte han.


Jone Eiane skriv om ei oppleving: Onsdag 3. november 1926 kom eg til kommunekasserar O. P. Fjælberg for å få lønna for oktober. Då fortalde kasseraren at han hadde fått munnleg beskjed frå ordførar og skulestyreformann om å halda tilbake siste kvartal av lærarlønna for alle lærarar. Grunnen var at ein lærar var for seint ute med halvårsmeldinga. Dette førte til at statstilskotet vart seinka og heradet fekk rentetap. Hr.Fjælberg fekk ikkje vita kven læraren var. Han bad om å få påbodet skriftleg, men ennå var det ikkje kome noko skriv.


Notata til Jone Eiane er prega av både forarging og indignasjon. Det manglar ikkje på kritikk mot ordføraren. Men til hans store forarging greidde han ikkje å samla nok meiningsfeller til å kasta ordførar Laugaland. Han blei gjenvald kvart tredje år, fem gonger på rad.


I 1928 hadde ordførar Laugaland sagt frå seg gjenval. Det var tre offisielle lister til valet. Ordførarens navn var ikkje å sjå. Så folk spekulerte kven som ville overta etter Laugaland. Skrekken tok venene til hr. Laugaland, så dei fekk han til å stilla seg til val på ein vill (handskriven) stemmeseddel. På den kom han inn.


?Me har han vonleg som ordførar også neste valbolk, skriv Jone Eiane i sitt hjertesukk i skuleprotokollen.


Johne Mæland blei ordførar i 
Hjelmeland frå 1931.



I 1931 kan Jone Eiane dra eit lettelsens sukk. Då er Johannes Laugaland ute av ordførarstolen. Johne Mæland, handelsmannen på Jøsneset, blei ny ordførar. Eg tvilar på at han sto så langt frå forgjengaren politisk. Han var frå Vormedalen og bror av Hans Mæland,


Men tenk det store skjedde i 1934. Læraren på Jøsneset, Andreas Hauge, vart ny formann i skulestyret. Hauge var nok ein meir diplomatisk lærar enn kollega Eiane.


- Dette er eit tidarteikn truleg. Det er nokre og tjuge år sidan nokon lærar hev vore tiltrudd noko kommunalt verv, jublar Jone Eiane i skuleprotokollen for Askvik skulekrins.


Ordførarvervet i ein enkel landsens kommune som Hjelmeland var ikkje nokon dans på roser for 100 år sidan. Eg tek med det om forfattaren av bygdeboka for Hjelmeland skriv om ordføraren sine arbeidsoppgaver for 100 år sidan.


Frå bygdeboka:


For oss som opplever den talrike kommuneadministrasjonen i Hjelmelandsvågen i vår tid gir det noko å tenkja på kor lite kommunale apparatet var for hundre år sidan. Ja, ikkje berre då, men faktisk så seint som på byrjinga av 1960-åra var talet på tilsette folk minimalt.


For hundre år sidan var det ordføraren som tok seg av storparten av det arbeidet som vi i dag har ein stor administrasjon med rådmannen i spissen til å ta seg av. I tillegg utførte soknepresten mykje administrativt arbeid, t.d. innan skule- og fattigstellet. Presten hadde si løn som embetsmann, men ordføraren måtte gjera arbeidet heime hjå seg sjølv på fritida. Oftast fekk han ikkje anna godtgjering enn for skrivesaker og for ei og anna reis som var så nødvendig at kommunepolitikarane fann å kunna bruka nokre kroner av kommunekassa til ho.


Ordføraren førte møteprotokollen, stod for brevveksling med høgare styresmakter og andre, skreiv avskrift av utgåande brev inn i kopiboka og førte ankomne brev inn i brevjournalen. Difor var det viktig at ein ordførar var både flink og god til å skriva. Meistringa av det skrivne ordet spelte nok ofte ei rolle for kven som vart vald til ordførar. Mange av dei var også dugande skrivarar som førte ein lett penn og hadde ei elegant handskrift.


Kommunekasseraren var den einaste som var kommunalt tilsett og fekk løn som kommunefunksjonær. Dette var ein deltidspost som folk kunne søkja på, og det var kommunestyret som tilsette. Dei valde gjerne den som kravde minst betaling.


1 kommentar: