søndag 22. august 2021

Gudlause elevar og eit ungdomslag med dans og drykk

 

Askvik ungdomshus blei bygd i 1927. Det sto like ved riksveg 13. På folkemunne blei det 
kalla "Tyrki". Det blei rive for ein del år sidan. Foto: Andreas Ropeid, Norsk Folkemuseum.




- At så mange av mine eldre elevar er så gudlause, er ei stor sorg for meg, skriv lærar Jone Eiane i skuleprotokollen for Askvik skule.


Det er det nye ungdomslaget som blei stifta i 1922, som er sentrum for dette syndige ungdomslivet, etter det som står lesa i her.


- Dei driv med drykk og dans so eg vert mest sjuk ved å sjå og skjøna dette, skriv læraren.


Då den nye læraren kom til bygda i 1904, var det også eit ungdomslag. Der blei han med, men etter eit par år gjekk han ut. Han hadde då forgjeves prøvd å få dei andre medlemmene i laget med på å bannlysa dans og drykk.


Seinare døydde laget ut slik alle slike låge lag gjer, slår han fast.


Men det nye ungdomslaget frå 1922 viste seg å vera meir seigliva. sjølv om både læraren og andre i bygda prøvde å gjera livet vanskeleg for laget som søkte å få bruka skulehuset til sine møte.


Annonse i Aftenbladet 20-4-1956. 



I 1923 blei skulen stengt for ungdomslaget. Ungdommane tok dette ille opp. Dermed blei saka teken opp i skulestyret. Ola Espeland tala til fordel for laget. Skulestyret gav ungdomslaget lov å bruka huset likevel.


- Men det gledar meg at dette vekte ein storm mellom foreldra i krinsen, skreiv læraren i protokollen.


Religiøst fann læraren eit skarpt skilje i Askvik skulekrins mellom den indre delen, den gamle Kleppa-krinsen og den ytre delen, den gamle Mjølhus-krinsen.


- Storparten av folka i Kleppa-krinsen er mykje religiøse. Men i Mjølhus-krinsen er det motsett. Av dei eldre folka er det ved år 1926 berre to mann som lever ved Gud og av yngre er det tri, ein gut, ei ung kona og ei jente. Resten av folket er anten heilt utan interesse for åndelege ting, eller held sin "lønlige hjertegråt" for seg sjølv.


Ungdomen er lite dydig ved dette leite. Etter utsegn frå særleg innvigde mellom dei gjeng det diverre for seg ting som ein syter med å nemna, står det å lesa i skuleprotokollen.


Inntrykket av ungdomslaget "Heimly" frå Askvik blir eit heilt anna ved å lesa bygdeboka for Hjelmeland med Trygve Brandal som forfattar. Det var 16 ungdommar som kom saman og stifta laget 29.januar 1922. Selmer Hausken blei formann. Knut Vika, Bertine og Mikal Viga og Kristina Førre vart med i det første styret.


Dei hadde diskusjonskveldar med tema som "Kva er best å ha av kjærleik og pengar" etter innleiing av Gudmund Byrkja.


I 1927 bygde laget sitt eige hus etter å ha fått fri grunn av Mikal Viga. Sjølve huset vart kjøpt som ferdighus og frakta til Hjelmeland med skøyte. 18. juni 1927 var det innviingsfest der lærarane Johannes Vadla, Ånund Ramsfjell og Erling Larsson alle heldt talar. Til slutt var det leik og dans med musikk frå eit fire manns orkester.


Godt vaksne folk hugsar ungdomshuset som sto ved riksveg 13 eit par steinkast lenger ute enn der samfunnshuset står i dag. I 1985 blei huset rive av Ragnvald Øye. Han betalte 500 kroner til ungdomslaget for huset.



Jone Eiane har skrive mykje meir om både kristenliv, skulepolitikk og kommune-politikarar i Hjelmeland. Neste blogg kjem om om eit par-tre dagar. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar