lørdag 21. august 2021

Ein Ryfylke-lærar i kamp mot lus, lærarhat og vankunna


Jone Eiane var lærar i Hjelmeland i over 30 år. Ein engasjert mann 
som ikkje var redd for å seia kva han meinte.



Mange av skule-elevane kom uvaska på skulen og fulle av lus. Eg fekk lusa på meg same koss mykje eg prøvde å unngå det. Tre gonger i veka bytte eg underklede for å halde lusa unna. Den fyrste vinteren var det eit voldsomt arbeid. Eg hadde døydd eller blitt galen skulle det fortsett slik. Verst av alt var motstanden frå ein del av foreldra. Borna hadde ikkje vore under disiplin på mange år.


Jone Eiane (1877 - 1959) starta som lærar i Askvik skulekrins i Hjelmeland i 1904. Der blei han verande i 33 år. Bak i skuleprotokollen har han skrive 19 fulle A3-sider der han skildrar både lærarlivet og mange andre sider ved bygda i den tida. Jone Eiane var ein mann som engasjerte seg og gav uttrykk for sine meiningar. Dette kjem også fram i det han skriv. Det er på ingen måte eit objektivt bilde av bygda og bygdalivet, men det er både interessant og lærerikt å lesa.


Det var over-produksjon av lærarar i landet på den tida. Den ny-utdanna læraren frå Hjelmeland måtte nøya seg med vikar-jobbar dei fyrst åra etter at han gjekk ut frå lærarskulen. Han søkte lærarpostar både her og der utan hell. Ein måtte anten ha særs gode eksamenspapirer eller "gode forbindelser". - Det hadde ikkje eg, skriv han.

Det gamle skulehuset i Askvik framme til høgre blei bygd i Jone Eiane si tid. Før dette låg 
skulehuset på Hundsnes i bakgrunnen. På Randøy på andre sida av fjorden var Eiane lærar
 i Øye skulekrins.



Etter fleire år som vikar i Stavanger-skulane fekk han brev frå Hjelmeland med tilbod om fast stilling som lærar i Askvik. Då viste det seg at han hadde "gode forbindelser" likevel. Pastor Aafoss på Hjelmeland hadde kjennskap til Eiane-slekta og det hadde vore avgjerande då han fekk tilbod om lærarposten.


Han skulle arbeida 24 veker i Askvik og 12 veker i Øye-krinsen som var den delen av Randøy som tilhøyrte gamle Hjelmeland kommune. Askvik skulekrins låg sør for Hjemeland sentrum. I 1904 sto skulehuset på Hundsnes.


Jone Eiane kasta seg inn i kampen mot skit og lus. Han ville ikkje sjå uvaska barn på skulen.


- Den siste skit-ringen rundt halsen og handledda forsvann etter at eg ein dag alvorleg og bestemt sa frå at neste dag ville eg henta grønnsåpe og vatn og vaska dei som ikkje var reine så langt som skinnet synte. Det hjelpte. Ein fiende var overvunnen.


Men kampen mot lusa tok fleire år. Born blei ofte sende heim frå skulen med melding om at håret deira måtte reinskast for lus og kneta (lus-egg).


- Det var ein seig og lang kamp, men nå er det mange år sidan eg har sett uty på borna, skriv Jone Eiane.


 I 1924 braut det ut skarlagensfeber i bygda. Då blei Askvik skule stengt frå 23. april til 30. mai.


- Elles hev ikkje hinder havt i alle desse åri, står det å lesa i Jone Eiane sine notater frå lærartida si i Askvik frå 1904 til 1937.

 

Men det var mykje kamp og konflikt som venta på Jone Eiane både i skulekrinsen, kommunen og kristenlivet. Det kjem fleire bloggar framover med utdrag frå desse handskrivne notatene i den gamle skuleprotokollen frå Askvik. 

1 kommentar:

  1. Mykje interessant. Ventar på neste blogg! Du finn sanneleg ting å stikka nsen i!

    SvarSlett