fredag 30. juli 2021

Damebildet utløyste telefonstorm i Sauda!

 

Oppslaget i Aftenbladet 14. junin1979.


Rabalderet kom heilt uventa på meg. Og då sjauen var over, var eg ribba for sjølvtillit og låg søvnlaus neste natt.


Koss kunne eg halda fram som journalist ved Aftenbladet sitt Sauda-kontor etter ein slik tabbe? Ein bråte Sauda-damer og familiane deira var rasande på meg.


Alt starta heilt fredeleg den 13. juni 1979. Aftenbladet, lokalavisa Ryfylke, Haugesunds Avis sin meldar og NRK sin kontaktmann i Sauda var alle inviterte til Saudasjøen der det var ein festleg tilstelling for 15 ny-utdanna hjelpepleiarar frå Sauda vidaregåande skule. Dette føregjekk på Sauda Fjordhotell. Alle dei ny-utdanna damene og lærarane deira blei stilt opp og fotograferte etter alle kunstens regler.


Eg var stor i kjeften og beordra alle damene til å smila fint då eg fotograferte og eg ba dei stå heilt roleg til eg hadde noterte navna og heimstaden deira. Dette blei gjort grundig. Før eg sende manuset og filmen med westamaranen til byen, ringde eg ekstra ut til skulen og sjekka skrivemåtar og diverse detaljer. Alt var såre vel då konvolutten min til hovedredaksjonen i Stavanger var trygt plassert på billettkontoret på westamaranen "Fjordrott".


Bildet slik det skulle ha blitt stått i avisa.


Her er bildeteksten.


Neste dag var det stille og roleg. Dagsavisa kom ikkje fram til Sauda før i kveldinga. Men då begynta elendigheta i telefonen. Eg følte at halve Sauda hadde tatt seg bryet med å rota seg fram i den tjukke telefonkatalogen og finna nummeret til bustaden til Aftenblad-journalisten i Kalhagen. Telefonstormen var i gang. ( I den moderne tabloid-pressa er det telefonstorm viss meir enn fem lesarar ringjer og kjeftar om ei sak.)


?Kaslags rør er dette her? Er du tunghøyrde eller blind. Du har jo feil navn på alle dei nye hjelpepleiarane, blei det sagt.


Alle saudabuar som abonnerte på Aftelbladet og kunne lesa og skriva, var overbeviste om at dette kunne dei ha gjort betre enn meg. Eg skal vera kjempeglad for at kommentar-felta ikkje var oppfunne på den tida.


Det blei ein tung kveld. Fyrst neste dag begynte eg å undersøka kva som var feil. Feilen var sjølvsagt ikkje min. I så tilfelle ville eg har fortrengt dette for mange år sidan.


Grunnen var at me brukte gammaldags film då me fotograferte i den tida. Bildet mitt blei behandla på mørkerommet i hovedredaksjonen i Aftenbladet. Då foto-assistenten skulle laga bildet, hadde han snudd filmen opp ned, Bildet som såg heilt flott ut, var speilvendt.


Dette var forklaringa. Spetakkelet roa seg ned etterkvart, men det blei ei påminning om at det alltid var eit eller anna som gjekk gale når ein skulle laga dagsavis i full fart. Dei feila der det var meg som kludra til andre sitt arbeid, har eg forlengst fortrengt.


Den beste trøsta fekk eg av Sigvart Løland, Aftenbladet sin eigen kontormann i Sauda. ?Dei fleste avislesarane er mest opptekne av å finna feil. Det er som er rett, bryr deg seg mindre om, sa han.


Eg legg ved avisbildet som eg nå har snudd tilbake til korrekt versjon. Viss det ennå er nokon som finn feil, kan dei ringja meg. På førehand takk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar