onsdag 23. desember 2020

«Trippen» - ei storsatsing i 1954!

 

«Trippen» var ei storsatsing i 1954. Bilane på Buøy og Hundvåg kunne
ein telja på to hender. Foto: Stavanger byarkiv.



Hausten 1954 blei «Trippen», den fyrste bilferja mellom Buøy og byen sett inn i ruta. Den hadde plass til fire små personbilar. Dermed greidde den å frakta åtte bilar i timen. Ei storsatsing, meinte folk på den tida. - Kor e vede henne, spurte folk på øynå.


På Buøy og Hundvåg kunne ein telja bilane på to hender i 1954. Ikkje rart at folk var sjokkerte når Stavanger kommunale ferjer satsa så stort på bilferje-trafikk.



«Trippen» var den fyrste pendelferja i Stavanger-området. Dette var så tidleg at ingen ein gong hadde komme på eit så flott ord som pendelferja. Denne farkosten hadde styrehus i begge endar. Ferjeføraren styrte ferja til kai. Når den var klar til avgang, gjekk han over taket og tok plass i det andre styrehuset og gjekk frå kai. Spennande greier. Ikkje rart at folk var opptekne av «Trippen»!


Ferja kosta Stavanger kommune 380 000 kroner. Dette var faktisk mindre enn ein hadde rekna med. Dermed kunne over 5000 kroner tilbakeførast til kommunekassen.


Og med ferja kom bilane. 7. desember, berre eit par veker etter at «Trippen» hadde begynt å frakta biler, melder Aftenbladet at trafikken er uventa stor. Fredag ettermiddag hadde ferja frakta 27 bilar. Det blei vurdert å setja opp ekstraferje til å ta passasjerane slik at «Trippen» kunne ta seg av bilane.


På nyåret i 1956 meldte Aftenbladet at «Trippen» frakta omlag 30 bilar kvar dag mellom Buøy og byen. Transportsjef Harry Jansen opplyste til avisa at den sterkaste pågangen var det mellom klokka 9 og 13, men det kunne komma bilar like til i 19-tida. Og dette var ikkje lastebilar og andre store kjøretøy. «Trippen» tok ikkje større kjørety enn folkevognsbussar.


Det gjekk ikkje lenge over nyttår før spørsmålet om endå ei ferja mellom Buøy og byen kom opp.


- Me har ei ny ferje i tankane, men fyrst må me få litt meir erfaring med «Trippen», sa transportsjef Jansen.


Den fyrste tida var det ingen skiljevegg mellom passasjerar og bilar på «Trippen». Dekket blei stengt med to store dører, ei i kvar ende. Rett som det var blei dørene ståande åpne for å få plass til fleire bilar. Då blei det kaldt og fælt for passasjerane. Det gjekk ikkje så lang tid før det blei laga passasjer-salongar på kvar side av bildekket. Den eine var røykesalong.


«Trippen» var bygd for Stavanger kommune ved Høllen Skibsverft i Søgne i 1954. Den blei overlevert i mai, men på grunn av at ferjekaiane ikkje var klare, blei den ikkje sett inn i bilferje-trafikk før i november 1954. Ferja gjekk med seks-sju knops fart og brukte eit kvarters tid på overfarten. Den var sertifisert for 250 passasjerar og fire bilar.


I oktober 1955, mindre enn eit år etter at «Trippen» var sett i trafikk, vedtok Stavanger bystyre at det skulle byggjast endå ei Buøy-ferja. Den skulle vera litt større og kosta 386 000 kroner. Den nye ferja som fekk navnet «Øybrua» blei sett inn i rutefarten mellom Buøy og byen i november 1956.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar