torsdag 31. desember 2020

Misforstått risiko-pasient

 

Har du prøvd å gå med munnbind på butikken? Eg berre spør.


Alle som eg snakkar med for tida, har ein eller annan underliggjande sjukdom eller ei anna plaga som dei meiner vil hjelpa dei langt fram i køen for å få corona-vaksine. Diverre er eg altfor smålåten til å markedsføra mi eiga elendighet. Etter å ha googla det meste som finst av farlege sjukdomar eg har vore borti, meiner eg at helsevesenet skulle sprunge etter meg for å få vaksinert meg med ein gong.


Men nei! Ingen bryr seg om meg. Kånå meiner at eg til og med står bak henner i vaksinekøen. Sjølv om ho veit at for ikkje lenger enn snart seks år sidan blei eg sendt med luftambulanse-helikopter frå Hjelmeland til byen.


Og av alle veit ho koss alvorleg krasjen og elendige eg blei av influensa i mange år. Løysinga hadde kvinnelege bedriftslegen i Aftenbladet som alle kalla doktor Love av ein eller annan grunn. - Du, av alle, må ta influensa-vaksine, sa bedriftslegen utan den minste love i stemmen.


Det har eg underdanigst gjort etterpå. Og det har virka.


Og ikkje berre det: Astma blei eg plaga av i 1979. Då var det ein annan lege som sa at eg måtte slutta å røykja. I over 40 år har eg vore røykfri. Eg som kunne rulla røyk med begge hender, laga røykringar og få røyken ut av nasen om eg ville det.


Til tross min høge alder, snart 72 år og i ein elendig tilstand som du forstår, vil eg ikkje bli prioritert.


Eg var inne på osloavisa VG si nettutgåve her ein dag og fann ut kor eg er i vaksine-køen. Svaret var nedslåande. Det er omlag 500.000 personar før meg.


I dag blei eg beordra til å bruka munnbind då eg gjekk på butikken for å skaffa livsnødvendige matvarer til helga.


Har du prøvd å gå på butikken med munnbind og briller. Dogga låg så tjukt på brilleglasa at det var farleg å gå mellom hyllene og famla etter syltetøy og havrakjeks. Riskoen er overhengande for at eg skal gå på trynet fordi eg blir halvblind av brilledogga og dett rett ned i frysedisken og brekke lårhalsen.


Då havnar eg på sjukehus viss det er plass, men trur du eg blir corona-vaksinert for det. Heilt sikkert ikkje.


OBS! Du må ikkje tykkja synd i meg. Det klarer eg utmerka godt sjøl.


Godt nyttår!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar