lørdag 19. desember 2020

Mihle-tvillingane er 70!

 



Mihle-tvillingane, Venke og Berit, er 70 år i dag. Foto: Odd Schmidt.

Fødselen kom brått og uventa. Ekteparet som var ny-innflytta på Jørpeland, skulle bli foreldre, men ikkje på den sida av nyttår. Og at det var to babyar, var det ingen som hadde drøymt om. Dei var bittesmå. Den førstefødde var 1,5 kilo og den neste var 2 kilo.


Dei var så små at alt som var klart av baby-tøy var for stort. Lommeplagga til faren måtte brukast til bleier.


I dag er det 70 år sidan torsdag 19. desmber og tvillingfødselen. Det skulle vore åpne hus og dameselskaper og familiefeiring i sus og dus. Men som alle veit, kom denne corona-greiå og la ein kraftig dempar på feiringa. Derfor slår eg til med ein liten blogg for jubilantane.


Mihle-tvillingane, Venke og Berit, i sportsvogn. Denne vogna var arvegods etter
Gjedebo-tvillingane. Av bildet går det klart fram kven som var sjefen av dei to.



Ultralyd og luftambulanse var ukjente begrep i 1950. Dei to ungane kom til verda i eit stålverkshus på Tungland og der blei dei verande. Det var ikkje aktuelt å senda mor og tvillingane til sjukehus i Stavanger der det var fagfolk og utstyr for slike situasjonar.


Jordmora var heilt sikkert på plass då tvillingane blei fødde og dei ferske foreldra fekk sikkert hjelp i dagane som kom. Men det må ha vore ei tøff tid. Ekteparet hadde ikkje budd meir enn eit par-tre månader på Jørpeland. Mora var frå Haugesund og faren frå Trondheim. Nettverket var ikkje så stort for dei ferske innflyttarane på Strandalandet.


Heldigvis var faren, han som blei gamle Mihle med åra, ein handy ingeniør-type med sans for detaljer. Dermed blei det ordna med termometer i vogga slik at dei nyfødde hadde den optimale temperaturen. Heldigvis var jentene glad i mat og fekk ny forsyning frå mora annankvar time døgnet rundt. Jula 1950 blei nok travel og litt stusseleg for dei unge på Tungland.


Tvillingane hadde både matlyst og livslyst. Dei var friske og robuste, viste det seg.


Det var vinter og tvillingane måtte haldast inne ei god stund før dei skulle ut og kjørast i vogn. Den tida trong faren for å gjera vogna klar til fyrste tur. Dei hadde jo hatt vogna klar i god tid. Men der var det berre plass til ein. Dermed måtte handymannen i aksjonen. Han utvida vogna slik at det blei plass til begge dei to knøtta der.


Så sommaren 1951 kom det Tunglandsjenter på døra og spurte om å få kjøra kyllingane i den breie barnevogna.


Seinare fekk dei sportsvogn. Det var arvegods etter Gjedebo-tvillingane.

Kaffor skriv eg om Mihle-tvillingane? Eg blei gift med den eina. Det er eg ennå. Dei som vil vita koss me traff kvandre, kan lesa bloggen min om "Jørpelandsjenta i bussen til far min".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar