søndag 13. desember 2020

Soga om den flotte turbussen som enda sine dagar i Velaskaret

 

Den tidlegare så flotte turbussen enda som anleggsbrakke i Sandsbygda. Her sto den til kommunale styresmakter kravde den fjerna på 1980-talet.  Bildet tilhøyrer Rutebilhistorisk forening.


Denne bussen frakta ferierande rogalendingar til utlandet, hjelmelandsbuar til Ekeberg-utstillinga og skule-ungar i Årdal. Seinare husa den sandbil-sjåførar frå Suldal og anleggsarbeidarar i Sandsbygda før den enda sine dagar i Vela-juvet. Eit bussliv kan vera mangfoldig.


Buss-tur til Oslo med bussen til far min. Ei storhending i 1959. Me brør, tre mindreårige ungar, blei sette ut på legd i Hjelmeland då far min tok med mor vår og kjørte til landbruksutstillinga på Ekeberg i Oslo. Resten av bussen var fullpakka med forvetne hjelmelandsbuar som ville oppleva Ekeberg-utstillinga som var den store snakkisen dette året.


I 1958 kjøpte Ryfylkeveiens billag, busselskapet der far min var sjåfør, ein brukt Mercedes turbuss frå 1952. Den hadde ein svær nase med ei blank Mercedes-stjerne heilt fremst. Dessutan var den utstyrt med 29 flotte skinnsete, gardiner og askebeger til kvar einaste passasjer. Denne bussen blei tildelt far min på Laugaland som brukte den som rutebuss mellom Vormedalen, Hjelmeland, Fister og ein sjelden gong til Årdal og Tau.

Slik såg turbussen ut då den tilhøyrde Brødrene Grøsfjeld i Stavanger. Bussen
var ny i 1952 og kjøpt av RVB i 1958. Bildet tilhøyrer Rutebilhistorisk
forening i Stavanger. 



Bussen var jo altfor brei for dei smale vegane mellom Hjelmeland og Vormedalen. Det var knapt nok klaring nok til å leggja handa i mellom når denne bussen skulle over dei gamle bruene. Uunngåeleg at det ikkje blei striper med sølvmaling frå rekkverka av røyr på bruene.


Far min hadde søskenbarn i Oslo. Difor ser eg ikkje bort frå at han hadde vore i Oslo før. Men kjørt buss så langt vekk frå verdens navle i Ryfylke, hadde han slett ikkje gjort. Derfor ville han gjerne ha med seg nokon i bussen med kjennskap til vegane på Austlandet.


- Eg hadde akkurat fått buss-sertifikat og hadde vore eit års tid i militæret på Austlandet. Derfor spurte far din meg om eg ville vera med på turen til Oslo. Men det hadde eg ikkje råd til akkurat då, fortel Karluf Bråveit frå Jørpeland. Han er fødd og oppvaksen i Vormedalen og prøvde seg både som jærstolfabrikk-arbeidar og vikarsjåfør i Ryfylkeveiens billag før han begynte i Østerhus bilruter i Strand i 1960. I 1966 fekk han jobb på bilverksted på Jørpeland og slutta hjå Ola Buss. Mange hugsar Karluf Bråtveit som ein gild bilreparatør på Jørpeland.

Her er den tidlegare turbussen fotografert med RVB-logo i svingen ved 
Ingvaldstad,  i juli 1959. Bildet tilhøyrer Per Christian Malmin.


Sjølv om me ungane ikkje fekk vera med på den spektakulære bussturen til Oslo, så blei heimkomsten eit plaster på såret. Det var ingen Ryfylkeveg å ta seg fram på i den tida. Frå Oslo tok Hjelmelandsbussen seg opp gjennom Telemark over Haukeli og så vidare til Nedstrand av alle plasser i Ryfylke.


Der kom «Hjelmelandsfjord» og henta Oslo-turistane. Me fekk vera med på turen til Nedstrand som gjekk på kvelden etter at rutebåten hadde gjort unna si vanlege rute. Der borte på Nedstrand blei me gjenforent med foreldra våre som stadig var litt oppi vêret etter ein strålande Oslo-tur. Dei hadde til og med overnatta på eit pensjonat i Telemark på vegen heim. Mor mi hadde kjøpt prospektkort med bildet av pensjonatet, kan eg hugsa.


Det var i den tida då far min hadde denne bussen at det blei starta ei ny rute på fredagskveldane. Årsaka var at det blei innført 45 timars arbeidsveke. Då blei det svært vanleg med laurdagsfri i arbeidslivet. Både landsungdom som jobba i byen og byfolk med hytta på landet, kunne reisa frå byen på fredagskvelden. Nå kjørte far til Nessa på fredagskvelden og henta passasjerar som kom frå byen med «Årdalsfjord». Heilt nytt!


Dei gjorde store auer på Nessa då avdanka turbussen tok oppstilling på kaien for å venta på båten frå byen. Kan du tenkja deg? Nessa høyrde til Årdal kommune på den tida. Ei eksotisk bygd som var mest kjend i dei tilliggjande bygder for ein svært utradisjonell juletrefest på fyrste juledag.


Fredagsruta frå Nessa var tilsynelatande ein suksess. Men den blei nedlagt til fordel for ein liknande rute frå Tau kvar fredag. Då var det fleire som fekk nytta seg av ruta innover langs vegane.


Nå skal eg passa på at eg ikkje skryt denne gamle turbussen med flotte skinnsete heilt opp i skyene. Den var frå 1952, og hadde fått kjørt seg på mange lange utenlandsturar før den kom til Laugaland. Dei mange klistremerka inne i bussen frå destinasjonar i Danmark og Tyskland fortalde sitt tydelege språk om det. Derfor blei det mange verksted-besøk etterkvart.


- Bremsene på denne bussen var det stadig problem med. Dermed blei denne bussen ein fast gjest på Ola Buss sitt bilverksted i Bjørheimsbygda. Dei hadde fleire Mercedesar med same typen bremser. Reparatørane fekk etterkvart mest kompetanse på denne bremsetypen, fortel Karluf Bråtveit.


Du forstår at det var tungvint å ha ein buss med så stort reparasjonsbehov plassert på Laugaland, milavis frå næraste bilverksted. Sjefane i Ryfylkeveiens billag tok konsekvensen av det.


I 1963 fekk far min tildelt ein flettande ny buss. Ein Mercedes som kom rett frå Brødrene Repstad sin karosseri-fabrikk i Søgne. Far var då 50 år gammal og hadde vore sjåfør sidan han fekk førarkort som 18-årig. Dette var den fyrste nye bussen han nokon gong hadde kjørt.


Trygve Dalane kjørte skuleelevar i Årdal
med den gamle turbussen.

Turbussen frå 1952 blei nå plassert i Årdal og brukt som skulebuss. Tor Torbjørnsen var fast sjåfør på denne bussen i fleire år. Etter 1965 overtok Trygve Dalane denne ruta.


- Eg kan ikkje hugsa at det var problem med bremsene på denne bussen då den gjekk i Årdal, seier John Skår som begynte som sjåfør i Ryfylkeveiens billag i 1967. Han kjørte eit par-tre turar i starten på si sjåfør-karriere.


Olav Dalane, sonen til Trygve, fortel at faren var spesielt nøgd med denne bussen på snøføre. - Når han fekk kjettingar på bussen, tok den seg fram nesten betre enn brøytebilen, seier Olav Dalane.


I 1968 hadde den kjørt sin siste tur som rutebuss. Torleiv Steine frå Suldal kjøpte bussen og bygde den om til brakke-formål. På den tida kjørte Steine-karane sand i Årdal. Då trong dei ein plass å eta og sova. Bussen blei plassert på Soppaland. Der sto den i åravis. Bussen var stadig kjørbar sjølv om den var avskilta. Når den ein sjeldan gong skulle flyttast, brukte eigarane prøveskilt.


Osmund Solland frå Ropeid-halvøya var siste eigaren av den gamle turbussen. Han dreiv som entreprenør og hadde bruk for bussen då han fekk oppdraget frå Suldal kommune med å opparbeida den kommunale bossplassen i Velaskaret.


Brakke-bussen blei plassert på garden til Torger Hauge i Sandsbygda rett ovanom Gardaneset. Der blei den ståande i ein del år.


- Bussen blei utsett for hærverk. Alle rutene blei knuste. Til og med glas-deksla på instrumenta på dashbordet blei knust. Til slutt fekk dei kommunale sjefane nok. Eigaren fekk pålegg om å fjerna bussen, fortel Ola Hauge, sonen til Torger Hauge.


Bussen blei kjørt med eigen maskin fram til Velaskaret. Der fekk den siste dytt av ein bulldozer og enda i stein-ura ned mot Sandsfjorden.


Slik var den soga!


PS. Eg har ikkje funne bilde av denne bussen i fordums glans som RVB-buss. Viss nokon har det, skal eg straks få lagt det inn i denne bloggen på ein framtredande plass. DS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar