torsdag 17. desember 2020

Fullt av post og ei og anna parafinkanne i far sin buss

 

Denne posthylla hadde far min alltid med seg i bussen. Her
hadde han posten som skulle av på ruta frå Hjelmeland til
Vormedalen. 

Ei grønnmalt hylla fullstappa med løgnas-dyr og allslags andre kvinnfolk-greier heng på veggen på gjesterommet vårt i byen. Dette er jo i grunnen eit klenodium og kulturminne.

 Hylla var fast inventar i kvardagsbussen til far min. Han skifta bussar av og til, men denne hylla tok han med seg frå buss til buss heilt til posttransporten langs bussrutene hans blei overteken av landpostbuda. Eg meiner at det var i 1975 at posten til Hjelmelandsbygda og Fjellet ikkje gjekk med bussen lenger.


Som guttunge fekk eg alltid jobben med å springa ut med posten når eg var med i bussen. Denne jobben var det også mange andre reisande som tok på seg slik at far min slapp å reisa seg frå førarsetet og gå ut med aviser og brev sjøl. På dei fleste stoppa var det folk som venta på posten. Det kom ferske aviser, Aftenbladet og Dagbladet Rogaland og Amerika-brev kom det rett som det var til folka oppå Fjellet.


På Steinsland gjekk riksvegen rett gjennom tunet mellom løa og eldhuset. Postkassen 
hang på melkekrakken midt i bildet som er frå 1976. (Foto: Stein Erik Gilje)


Eg har ingen problem med å greia ut kor posten som sto i posthylla skulle av. Oppe til venstre der eit fabeldyr sit og dingla med beina hadde posten til Kvame sin plass. Dette var fyrste stopp. Strikkepinnane stikk opp frå Steinslandsplassen. På Steinsland gjekk vegen rett gjennom tunet mellom løa og eldhuset. Postkassen hang på melkekrakken eller melkerampen om du vil. Eg kan ennå sjå for meg gubbane som sto og venta på posten. Hans Egeland, gamle Jansen, Harald Fuglastein og dei andre karane.


Stopp nummer tre var Fevoll som blei uttalt Fevådel på hjelmelandsk i dei tider. Her var det Munte-folk, mellom anna. Dei blei kalla Ludvig Jonsen, Litle-Ludvig og Guttemann for å halda Ludvigane frå kvarandre.


Stopp nummer fire var Einervollsbruå. Denne tomme hylla til venstre på midtrekka. Der var det ein svær postkasse like ved sida av porten inn til Einervoll-gardane. Hertil måtte Husstøl-folket og ned og henta posten. Dei hadde bortimot tre kilometer å gå etter aviser og brev. Bussen kjørte rett forbi Husstøl-vegen på eit passeleg lågt gir opp mot Fossane-brekkå. Der var det ingen postkasse.


Vel oppe på toppen av Fossane kjørte bussen inn i det som blei kalla Fjellet skulekrins. Fyrste stopp der var Gåsdalen. Der budde det berre ein familie. Dermed var der mindre post også. Der hadde dei lyseblå Aftenblad-postkasse.


I si tid budde det ein mann i Gåsdalen som hadde fått seg bok på Handelslaget på Hjelmeland der alle hans kjøp blei notert. Så var han nede i Vågen og gjorde opp for det han hadde fått med jamne mellomrom. Men han begynte å hissa seg opp etterkvar då han såg koss tala blei større og større i boka frå Handelslaget. Oppe på kvar ny side sto det Transport og eit beløp som berre auka etterkvart som han bladde utover i boka. Mannen som ikkje var inne i moderne bokføring, gjekk eins ærend ned til handelslaget og slo i disken og sa som det var: Det har aldri funnest transport i Gåsdalen.


Den gamle riksvegen forbi Hegglandsånå. Føringskanten i betong viser at det ikkje er så lenge
sidan vegen var i bruk.

Neste stopp var Hegglandsånå. Du ser plastikkbeinå på eit forstørrelsesglass som stikk opp på den plassen. Der var sikkert fem-seks husstandar som fekk posten der. Mellom anna to gamle jenter som budde i eit hus oppe i Hegglandsbakkane. Dei fekk ikkje straum oppe på Fjellet før godt ut på 1960-talet. Derfor hadde far min ofte med seg parafinkanner til fjellbuane. Dei brukte parafinen i lampane og ofte til å få fyr i omnane sine når veden ikkje var altfor turr.

Ein gong far min hadde med den tomme parafinkanna til dei to gamle jentene, var han litt seint ute. Dermed gav han kanna til drosjesjåføren på Hjelmeland, Ola Almennningen, og bad han om å gå innom på Handelslaget og be dei fylla kanna med parafin. Men der skjedde det eit uheldig mistak mellom krambudrengene. - Ola Almenningen skal sjølvsagt ikkje ha parafin. Han brukar bensin, sa han som bestemte. Dermed skjedde elendet. Far min hadde med seg kanna til Hegglandsånå. Litt seinare fekk han veta om følgjende av dette: Heile etasjeomnen på Hegglandsbakkane fauk til himmels då jentene skulle fyra i omnen. Heldigvis gjekk det av i likaste laget.


Du ser vel dei to keramikk-englane som kikkar ned på Hetlandsplassen i nedre etasje. Det passar i grunnen godt. Dei var litt fromme på Hetland i den tida. Og der var det opptil fleire som hette Nils. Du hadde både Geita-Nils, Stove-Nils og Nils Torleif. Og ein som hette Malenius. Tore Neset fekk og posten sin her. På Hetland var det alltid godt frammøte då posten kom.

Ikkje rart at krambugutane på handelslaget blei forvirra då Ola Almenningen med
drosjebilen hadde bestilt ei kanne med parafin. Drosjen gjekk på bensin. Det gjorde
også Chevrolet-bussen som far min kjørte med i den tida. Her står kjøretya på kaien på
Hjelmeland.  


Figuren med den raude nasen kikkar ned i hylla for Breilandslenninga.Her kom dei roande over Breilandsvatnet frå Viken og Vigane for å henta posten. Og Ola Bjelland som budde på Bjelland, høgt opp under Øksnafjellet, tok seg vel fram til fots ned  til stoppeplassen med den store postkassen. Magnus Skogen måtte også til Lenninga for få posten sin.


Lenninga var den einaste plassen der det var abonnentar på Rogaland Avis. To til og med: Både Magnus Skogen og Jakob Heggland abonnerte på Arbeiderparti-avisa.


Breiland var siste stopp. Då var posthylla i bussen tom.


Men det var meir post. Minst to postsekker til Laugaland brevhus som faster mi styrt med i mange år. Heilt fram til 1963. Då bussen stoppa på Laugaland trykte far min kraftig på bussfløyta. Signalet for at syster hans Anna Johanna eller Tulla som ho heitte til kvardags, kom springande ned til bussen for henta posten som ho skulle sortera og fordela til dei som sto og venta der.


Alt ein kan komma på av sjå på ei gammal posthylle som er full av tull og vas i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar