fredag 11. september 2020

«Vikingen» - ferje-navn med historisk sus




«Vikingen» på veg til kai på Hjelmeland.

Brått var det ein annan lyd, meir fart og litt meir ferjesjø på Hjelmeland. Reserveferja «Vikingen» kom inn Garsund-fjorden nå på onsdag og løyste av «Hjelmeland» som har hatt litt klatt med maskinane sine nokre dagar. Nå er det «Vikingen» som pendlar fram og tilbake mellom Hjelmeland og Nesvik. Dei har det travelt der om bord. Ferjekjeftane står åpne på turen over den blikkstille fjorden.


Dei fleste reisande bryr seg ein døyt om ferjenavna. Det som er viktig er at ferja går i rute og at bilane kjem med. Men nokon få av oss har eit meir alvorleg forhold til ferjer, navn og rederier og den slags. Difor denne bloggen her.


Heilt frå 1883 er «Vikingen»-navnet brukt som navn på rutebåtar og ferjer i det ein gong så stolte og tradisjonsrike rederiet Hardanger Sunnhordlandske Dampskipskap (HSD). To dampskip og to ferjer har hatt dette navnet. Men HSD blei slukt av Stavangerske, og det som er igjen av den tidlegare HSD-flåten er nå ein del av det som nå har navnet Norled. Stavangerske har forresten kvitta seg med Norled som nå er på nye hender.


Som ny hadde «Vikingen» den kjende HSD-rosetten på skorsteinen. Seinare har den skifta skorsteinspynt fleire gonger. Nå har den dei tre raude Stavangerske-ringane på den eine eksos-skorsteinen. Men dei skal vekk. Norled er i full sving med å skifta desse fargane. Fleire ferjer er alt ferdige med denne jobben.


Dagens «Vikingen» er ingen ny båt lenger. Den blei bygd i Sandnessjøen i 1992. Som ny hadde den plass til 399 passasjerar og 86 personbilar. Ferja har ein 8-sylindra Wichmann-maskin på 3261 brutto HK står det å lesa i HSD si jubileumsbok frå 1980. Frå 1992 til 2006 gjekk «Vikingen» fast i sambandet Hufthamar – Krokeide. Seinare har den blitt brukt til reserveferja i mange samband. Den gjekk mykje mellom Tau og Stavanger.


«Vikingen» frå 1957.

Men «Vikingen»-navnet var kjent mykje tidlegare for folk som var seriøst interesserte i Tau-ferja og alt dens vesen. Då den fyrste «Tau» kom i 1961, var det ei storhending. Difor gjekk det heller ikkje upåakta hen då den skulle på sitt fyrste verkstadopphald etter ei tid. Då måtte ein ha ei reserveløysing. DSD fekk leiga ferja «Vikingen» av HSD.


Denne ferja var bygd i 1957 i Bergen og blei mykje brukt i ferjesambandet Kinsarvik – Kvanndal. I jubileumsboka til HSD står det fylgjande: «Vikingen» skulle i hovuddrag bli prototypen for dei ferjer HSD fekk bygd i 60-åra, og som kan reknast mellom dei venaste fjordferjer i landet – i den grad estetiske mål kan leggjast på bilferjer. HSD kvitta seg med denne ferja i 1989.


Den legendariske «Vikingen» - HSD-båt frå 1900 til 1959.

Dampbåten «Vikingen» som blei bygd i Bergen og levert til HSD i 1900, var båten som gjorde dette skipsnavnet til eit av dei legendariske skipsnavna i eit rederi der dei har visst å dyrka historia si. Denne båten var bygd for å gå i rutene til Hardanger og Stavanger. Som mange veit, hadde HSD ruter på Stavanger i aldri så mange år med fast liggeplass innerst på Skagen-kaien og ekspedisjon der utestaden Beverly held til i dag. Dampbåten mista navnet sitt i 1957 og blei opphogd i 1959.


Fyrste «Vikingen»  som HSD kjøpte i 1883.

Den fyrste «Vikingen» blei bygd i 1865. Den blei HSD-båt i 1883 og rederiet skifta ikkje navn på båten. Den blei seldt til Trondheim i 1898. Dette skipet heldt det gåande med ulike navn like til det enda i Stavanger der skipsopphoggarane, Brødrene Anda, gjorde ende på det i 1952.



(Det meste av opplysningar og illustrasjonar til denne bloggen har eg henta frå Bård Kolltveit si jubileumsbok om HSD frå 1980.)


1 kommentar:

  1. Flott Jone at du tar deg tid til å lete fram historier rundt båtene. Alltid god lesing.

    SvarSlett