lørdag 19. september 2020

Oleiv Hoftun - 80 år og like blid!


Mange hugsar Oleiv Hovtun som ein blid Suldalsjåfør.


Eit strålande smil, ein kjapp replikk, kanskje fekk du ein pakke overlevert. - Brumm, brumm, sa lastebilen. Før du fekk sukk for deg var sjåføren og bilen hans over alle haugar. Nå er det 18 år sidan han pensjonerte seg, men stadig er det mange ryfylkingar som hugsar den blide sjåføren, Oleiv Hoftun frå Suldalsosen.
Oleiv Hoftun fotografert av Egil Eriksson i 2002.
Då blei han pensjonist og hadde travarhestar som 
hobby.


Eg snakka om han for eit par-tre dag sidan. - Han er frisk og rask og bur på same plassen, sa sonen hans.-Kaffor dreg du ikkje inn og besøker han. Du har tid til det, sa kona mi. Dermed blei det ein tur til Suldal. Eg kunne jo laga litt sjåfør og rutebil-hitstorie samstundes.

Oleiv Hoftun sto på trappa og venta på meg. - Kom inn, eg har kokt kaffi, sa han. Eg sette meg ned og tok fram  skriveblokka. Eg har kjent mannen sidan 1968, men nå ville eg få fakta med meg. 

Han har budd i det same huset på Hoftun-moane i heile sitt liv. Her blei han fødd som nummer to av fire søsken. Seinare overtok han og kona, Liv Borghild, huset og etterkvart blei det seks ungar. 



Som 15-åring var Oleiv dreng på Finnøy og seinare var han i to periodar dreng på Heigre på Jæren. Men det var sjåfør han ville bli. To eldre syskenbarn, Harald og Jon, hadde blitt sjåførar. Det såg kjekt ut å kjøra bil. 

I Suldal kommunale rutebilar fekk han sin fyrste jobb i 1958 som mjølkegut som dei sa i Suldal. Han lempa spann på ruta frå Kvilldal til meieriet på Sand. Sjølvsagt hugsar han navna på sjåførane den dag i dag: Lars Herabakka, Tormod Mehus, syskenborna Harald og Jon Hoftun og Tormod Fisketjøn.

I 1961 drog han i militæret, Flyvåpenet på Sola.

- Eg hadde alltid hatt lyst å bli sjåfør og melde meg på kurs for å utvida sertifikatet til lastebil. Difor søkte eg også som sjåfør i militæret, men fekk vita at nesten alle andre også ville bli sjåfør. Det kunne eg berre gløyma. Men eg var omtrent den einaste som fekk sjåfør-jobb. Ambulanse-sjåfør på militærsjukehuset på Joa, fortel Oleif.



Før han var ferdig i militæret i 1962, fekk han brev frå Suldal kommunale rutebilar (Suldal billag frå 1976) med tilbod om fast jobb. Han slo til og starta sjåfør-karrieren i Suldal. Sjåførane veksla mellom buss, lastebil og mjølkebil.

I 1965 åpna Ryfylkevegen. Det blei råd å kjøra bil frå Suldal til Oanes på smale grusvegar. Og frå 1968 kjørte Oleiv Hoftun godsruta frå Suldal og Sand til Stavanger. Men han kom aldri til byen. Når han kjørte innante, sto det ein annan Suldalsbil og lasta i Stavanger. Dei to bilane møttest ein stad mellom Årdal og Tau. Sjåførane bytta bil. Oleiv kjørte innover igjen.

Ryfylkevegen var ikkje rare vegen. Smalt og bratt. Han opplevde at vegdekket var så dårleg at hjula seig gjennom og sette seg fast. I den stupbratte Fossane-brekka var det også episodar på glatta. Ein gong måtte han skuva ein kollega opp desse bakkane for bilen hans greidde ikkje å dra lasset åleine.

Han kjem ikkje på at vegen nokon gong blei stengt av ras.

-Men eg måtte bråbremsa fleire gonger i Rødsliane fordi eg såg steinar som kom rasande ned mot vegen, fortel han.

- Blei du nervøs av dette?

- Nei, det kan eg ikkje hugsa.



I 1992 inngjekk Aftenbladet og Suldal billag ein avtale om avistransport til Ryfylke og nå blei Oleiv Hoftun avis-sjåfør. Han kjørte frå Suldalsosen klokka åtte kvar morgon for å henta aviser på Tau. Så snudde han og kjørte innover med avisene. Fyrste stopp i Bjørheimsbygd og endestasjon på Suldalsosen. Eg møtte mange kjekke folk etter vegen. Men det var travelt og fleire ferjer å nå. Dermed blei det ikkje altfor mykje prat etter vegen.

I 2002, som 62-åring, pensjonerte han seg.

- Då hadde eg kjørte nok, seier han.

Han har vore ein aktiv pensjonist. Ei tid hadde han travarhester saman med sonen, Leiv Åmund. Det tok slutt etterkvart, men han har 20 vinterfora sauer. Denne helga er det sauesamling. Den er det ungane som tek seg av. 

Oleiv har ikkje helsa til å springa i heia lenger, men han likar å ta seg av sauene når dei kjem heim. 

For tre år sidan mista han Liv Borghild. Sjølv om saknet er stort, er han ikkje åleine i verda. Fire av borna er busette i Suldal. Det går ikkje ein dag utan at nokon er innom hjå faren som steller seg sjølv.

- Eg er ikkje typen som svelt i hel framføre brødskuffa, seier Oleiv med eit smil.

Han har budd i same huset på Hoftunmoane på Suldalsosen heile sitt liv.

- Dette huset har alltid vore ein samlingstad for ungar, både våre og vennene deira, sier Oleiv Hoftun.

Ikkje rart. For her har folk følt seg velkomne. Det har bloggaren sjølv erfart:

I si tid var eg lærar på Suldalsosen. Då hadde me ein eit år gammal gut som gjekk og stødde seg rundt veggene når han skulle gå. Å gå på besøk til folk utan småungar var ein prøvelse. Eitt-åringen rørte allslags pynteting og mora sprang etter han for å berga alt før det blei knust. Då var det herlig å gå på ettermiddagsbesøk til Liv Borghild og Oleif Hoftun for der mangla det ikkje  på småungar og alle pynteting i stova var plassert så høgt at småungane ikkje fekk tak i dei. Her kunne me slappa av.

Oleiv Hoftun sat med sitt vanleg smil og såg på ungane. Plutseleg seier han til ein av dei. Spring ut i løa og hent kje. Før me visste ordet av det sprang det eit lys, levande geitekje rundt på stovegolvet saman med ungane. Eg gløymer det aldri!

I morgon fyller Oleiv Hoftun 80 år. Dagen feirar han saman med sine næraste i pakt med dagens smittevern-reglar. Ein gild mann som mange stadig hugsar med glede og ynskjer mange gode dagar framover.

( Dei tre siste bilda er henta frå ein plakat som Aftenbladet gav ut i 1993)





 


 





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar