onsdag 29. juli 2020

Hoggorm, mannvond elg og farleg bjørn i moltemyra!


Etter 20 minutt var eg omtrent ferdig med molteplukkinga
for i år. 


Når molta kan hentast, blir det sett allslags farlege dyr på bygdene. Avisene er fulle av meldingar om observasjonar om hoggorm, mannvonde elgar og bjørn, seier dei i byen. Reint oppspinn for å skræma byfolka bort medan molte-hentarane frå bygdene plukkar dei gjeve, gule bæra og kosar seg med molte-syltetøy og molte-krem heile vinteren.


På bygdene er det blitt påstått at det er spesielle folk i bygda som spring rundt i heiane og plukkar med seg alt som finst av moltekart. Når me er komne så langt på sommaren at molta er gul og blaut og klar til å hentast, er den for lengst borte.


Slike løgne påstandar har versert i årevis. Men det er berre tull. Iallfall i dag. Sanninga er at dei fleste åra er det molta nok til dei som orkar å komma seg ut i marka og leita. Det er rett nok ganske viktig å vita kor du skal leita, men dei fleste åra finn du ein del av desse bæra som er så store at til og med vaksne mannfolk gidd å henta litt før dei er leie.


Eg for min del hentar ikkje andre bær. Det går altfor for seint å skjula botn i spannet. Men molta er stor og du skal ikkje driva på lenge før du føler at du har funne litt molta.


I Nord-Norge veks det molta heilt ned i fjæra. Det har eg personleg sett. I Ryfylke, derimot, må du opp i fjella, hundrevis av meter over havet, for å finna den. Her er våren ofte sein og lunefull. Det kan vera sommarvarme i to-tre dagar og molte-blomen stikk opp av myra og trur på sommaren, men så kjem det ei frostnatt og øydelegg alt. Dermed er det spolert for det året.

Blir det litt sol og varme blir desse kartane også blaut molte.


Molta kan vera øydelagt enkelte stader der nattefrosten fekk sjansen. Men høgare oppe kan det vera molteblom som ikkje hadde titta fram så tidleg. Dei stikk opp litt seinare og får sjansen til å bli ferdige utpå sommaren. Men så kan det bli for vått eller tørt utover sommaren. Dermed dauar molte-blomen vekk av den grunn. Det varierer, forstår du.


Enkelte år kan det vera mykje. Du ser dei overalt når du kjem deg opp i heia. Sjølv folk utan lokalkunnskap, kan henta meir enn nok til å kosa seg med molta heile vinteren. Men dei fleste åra må du leita litt og vita kor du skal gå.


Før måtte det blir august før molta blei blaut. Men for eit par år sidan var sommaren så fin at du kunne henta molta i juli. Då eg var på plass i august, fanst det ikkje meir igjen.


I år var det jo ein fin juni. Lovande for molte-blomen. Seinare har vêret vore meir varierande. Eg har spurt etter om folk har sett molte-kart og fått ulike svar. For nokon dagar sidan greidde eg ikkje venta lenger. Fekk med meg kånå og drog til fjells til trosss for heller dårleg vêrmelding. Då me var framme ved hytta, sette eg ryggsekken frå meg og gjekk oppover bakkane for å sjå. Jo, der sto moltene mine og venta på meg. Etter 40 minutt hadde eg eit beger fullt av brukande molte. Det var ein god del som ikkje var langt nok komne til å bli henta. Dei let eg stå.


Så kom regnet som meldt. Dermed blei det slutt på molteplukkinga for min del. Det står molta nok igjen for dei som orkar å komma seg opp i molte-bakkane for å få seg ein smak. Tvilar på at det blir meir med meg. 


Velkommen etter, men ikkje gå rundt og sei at eg hentar heiane tomme for molta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar