mandag 13. juli 2020

Tankelause båt-turistar med nesten tom tank i Lysebotn!



Uff! Her var det lite drivstoff igjen!


Krise! Nesten tom for diesel i Lysebotn! Koss skal dette gå? Må me ta rutebåten til Forsand og kjøpa oss ei kanna med drivstoff og så reisa inn igjen og fylla opp? Då kan det lett gå ein dag eller to før me er ute i sivilisasjonen igjen.


Iveren vår etter å oppleva Lysefjorden og Lysebotn hadde vore så stor at det gjekk ut over dei vanlege rutinene som skikkelege båtfolk nyttar seg av. Du skal jo sjølvsagt ha full tank når du legg ut på langtur.


Flott båthavn i Lysebotn. Turistferja ligg i ferjestøa. 


Slik var status sist fredag då me var trygt fortøyde i den nye båthavna i Lysebotn. Verdens dyraste båthavn, var det ein som hadde sagt til oss. Men i Lyse er det ikkje nokon marina med drivstoff-pumper. Her må du forsyna deg av det du har medbrakt.


I mange år har me snakka om å ta ein tur til Lysebotn igjen. For snart 20 år sidan, i eit strålande sommarvêr, sat me på uterestaurant på campingplassen og såg på desse galne basehopparane som kasta utføre det stupbratte Kjerag-fjellet. På denne varme ettermiddagen var det ein kraftig solgangsbris innover fjorden. Vinden tok tak i fallskjermane og bles dei like inn til gras-sletta like ved campingplassen. Dei dumdristige var frå seg av emosjonar då dei hadde landa trygt mens me tilskodarar pusta letta ut når det gjekk godt.

Lang kø for å komma ser vidare ut over Lysefjorden.


Me kunne ikkje la drivstoff-krisa tyna oss. Det var tid for å gå på land og studera Lysebotn.


På vinterstid er Lysebotn avstengt og stilt med ein handfull fastbuande igjen. Nå midt på sommaren yrer det av turistar. På campingplassen var det fullt av bubilar og andre slags kjørety og folk. Det var også lang kø av bilar som ville reisa utover fjorden med turistferja eller den hurtiggåande rutebåten «Lysefjord». Begge gjekk fullasta med bilar utover på fredagskvelden.


Basehopparane hadde fri denne dagen, såg det ut til.


Den hurtiggåande rutebåten «Lysefjord» ved Kalleli-kai. 


Sjølv om me hadde gløymt å kjøpa drivstoff, var det rikeleg med proviant om bord i tilfelle det ikkje var åpne restaurantar i Lysebotn. Restaurantar? Om dette var rette navnet veit eg ikkje, men det var råd å kjøpa varm mat på begge sider av vegen rett opp frå ferjekaien.


Me bestemte oss for å kjøpa middag på turiststasjonen. Men det var ikkje berre å gå til bords. Det var fullt opp av svultne folk. Om halvannan time kunne me få mat. Me gjekk over vegen til campingplassen og tok ein aperitiff, som det heiter på fint. Her også var det mykje folk. Og dei aller fleste høyrtest ut til å vera like norske som oss.


Då det var vår tur til å gå til bords, måtte me dela bort med eit ektepar frå Oslo-traktene. Dei hadde kjørt gjennom Telemark og over Suleskar og vidare til Lysebotn og var skikkeleg begeistra over turen i det fine vêret. Dei skulle overnatta i Lyse og ta turistferja ut fjorden neste dag. Etter ei natt mellom stupbratte fjell, hadde dei bestilt neste overnatting på Sola Strand Hotel før turen gjekk vidare til Bergen på familiebesøk.


Laurdag var det regn. Drivstoff-krisa vår hadde me ikkje lagt bak oss. Skulle me ta ein tur i Lysebygda og spør om nokon hadde diesel til salgs. Du veit aldri kva slags tilbod du kan får her inne. Ein gong for mange år sidan, då eg jobba i Aftenbladet, skulle me laga reportasje om folkelivet i kraftstasjonsbygda. Då kom det ein mann som heitte Lenes, kjørande. Han blei så overraska over å sjå at det kom vaksne folk gåande etter vegen, at han stoppa og tilbaud oss å låna hans bil. Slik var det i Lyse på 1980-talet.


Kan ein stola fullt og heilt på slike drivstoff-målarar? Dei er vel kanskje justerte med tanke på skremma båt-eigarar til å fylla tanken tidsnok. Kanskje var det meir i tanken enn me frykta. Viss me går seint ut over fjorden og studerer det me ser grundig på vegen, går det gjerne. Og viss det ser kritisk ut, fekk me heller stoppa på Songesand og få hjelp der. Slik tenkte me og heiv laust og gjekk utover.


Flørli har ein ærverdig kraftstasjon og aldri så mange trapper å gå i.


Håheller, Flørlil, Kalleli, Kallestein, Songesand og ikkje minst Preikestolen blei grundig studert. Tankmålaren var utruleg passiv. Det minka ikkje så fort på drivstoffet som frykta.


Motoren sveiv fortsatt som ei klokka då me fortøyde ved drivstoff-pumpa ved Jokerbutikken på Forsand. Nå skulle tanken fyllast. Den tok 300 liter. Etter å ha pumpa 230 liter om bord, var det fullt. Altså var det 70 liter diesel igjen på tanken før fylling. Me kunne gått tilbake til Lysebotn utan å fylla diesel.


Alltid skal me menneske gå rundt og engsta oss for eit eller anna unødvendig!


1 kommentar:

  1. Fin beretning og en velkjent historie ;-)
    Det gikk bra denne gangen og været var fint.
    Men det er ikke dumt å ha et par 20-liters kanner liggende som "fast ballast" ombord, til den gangen forholdene ikke er like gunstige.

    SvarSlett